– For Noreg har det sete svært langt inne å ta fatt i den sida ved si eiga historie, og no er det definitivt på sin plass med ei offisiell orsaking, seier Sidsel Levin, direktør ved Jødisk Museum i Oslo.

Ho støtter Hans Olav Syversen (KrF) som ber statsminister Jens Stoltenberg om å gi jødane ein offisiell beklaging for jødedeportasjonane under andre verdskrig.

LES OGSÅ: Ber Jens si unnskyld til jødene

LES HANS OLAV SYVERSENS INNLEGG PÅ VERDIDEBATT.NO OG DISKUTER

Vil skjerpe medvitet. For leiar av Det Mosaiske Trossamfunn, Ervin Kohn, er det derimot ikkje viktig at statsminister Jens Stoltenberg går opp på ein talarstol og seier «unnskyld».

– Det gjorde Kjell Magne Bondevik i samband med restitusjonsoppgjeret. Om ikkje i ord, så i alle fall i handling, seier Kohn, og refererer til den økonomiske erstatninga staten gav gjenlevande jødar på slutten av 1990-talet.

LES ERVIN KOHNS INNLEGG PÅ VERDIDEBATT.NO OG DISKUTER

Han siterer det amerikanske ordtaket «Put your money where your mouth is».

– Eg seier ikkje at symbolske handlingar ikkje har verdi, men hadde det kome ei munnleg orsaking utan eit økonomisk oppgjer, hadde nok reaksjonane vorte større, trur han.

Framleis djupe sår. Levin godtar ikkje erstatningsoppgjeret som ei tilfredstillande erkjenning av ugjerningane.

– Det er skilnad på ei økonomisk erstatning og ei orsaking. Mange familiar lever framleis med djupe sår, og difor treng Noreg å ta eit oppgjer med det som skjedde, påpeikar ho.

Museumsdirektøren understrekar at også handsaminga av jødane etter krigen var kritikkverdig.

– Noreg var unnfallande i rettsoppgjera, og ugjerningane mot jødane vart ikkje lagt stor vekt på, hevdar ho.

Kohn meiner det er viktigare å skjerpe medvitet omkring det norske folkemordet.

– Slik den norske krigshistoria vert fortald i dag, får tyskarane skulda for alle ugjerningane mot jødane. Faktum er at tyskarane let nordmenn arrestere jødane, noko dei ikkje torde å gjere med til dømes lærarane, påpeikar han.

LES OGSÅ: Ber Jens si unnskyld til jødene

Tar ikkje stilling. Odd-Bjørn Fure er direktør ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter, HL-senteret. Han ønskjer ikkje å ta stilling til om statsministeren bør seie unnskyld, men opplever at erstatningsoppgjeret var ei form for orsaking.

– At staten valde å ta eit så omfattande oppgjer, er ei erkjenning av at nordmenn deltok i brotsverka mot dei norske jødane, seier Fure, og understrekar at ein i fyrste rekkje bør lytte til kva det jødiske samfunnet seier.

– Om dei norske jødane tykkjer at det er viktig med ei offisiell orsaking, vil eg støtte det fullt og heilt, slår han fast.

LES OGSÅ: Frp: Norsk Holocaust-minnedag 26. november