KrF har fått eit eige homonettverk, fortalde Vårt Land onsdag. Nettverket er ikkje ein sideorganisasjon i KrF, og talskvinne Hanne Marie Pedersen-Eriksen seier dei ikkje skal øve politisk press mot KrFs line i homopolitikken.
LES MER HER: Homo-nettverk på plass i KrF
Sentralstyremedlem Karl Johan Hallaråker fortel til Vårt Land at han er blitt kontakta av folk som soknar til KrF og som no ser med uro på etableringa av homonettverket.
– Eg kan dele dei i to grupper. Nokre er urolege for at KrF no er på glid i synet på ekteskapet, og at partiet kan kome til å forsvare den nye ekteskapslova. Andre er urolege for at det er partiet som har etablert nettverket.
KrF står fast. – Kva svarar du dei som kontaktar deg?
– Eg seier dei kan ta det med ro. Det er ikkje KrF som har oppretta nettverket, og KrF er ikkje på glid. Ekteskapssynet står fast – og skal vere mellom mann og kvinne, seier den tidlegare Indremisjonsforbunds-leiaren Hallaråker, som blei valt inn i KrFs sentralstyre i fjor vår.
Han understrekar at det medlemmer og sympatisørar med KrF som har gått saman om å skipe nettverket.
– Så langt eg kjenner saka, har dei opptrett sakleg og korrekt. Dei har informert partiet om tiltaket. Dei har ikkje stilt krav til partiet korkje om anerkjenning eller å få opptre i partiet. Dei presiserer at dei er inga lobbygruppe. Dei har heller ikkje fått noko lovnadssignal i den retning frå ansvarleg hald i partiet.
Stort press. Likevel forstår han at partifolk blir urolege:
– Vi lever med stort press i retning godkjenning av homofilt og lesbisk samliv, er det ikkje underleg at fleire sperrer opp augo og reknar med at nå har dette kome eit steg vidare også i KrF.
Men, presiserer han som reknar seg som ein konservativ talsmann i partiet:
– Då er det viktig å vera tydeleg og ha fleire tankar i hovudet. At menneske som soknar til eit parti med felles interesse, går saman, er ei ganske vanleg hending. At homofile og lesbiske som soknar til partiet som har ekteskapet mellom mann og kvinne i sitt ideologikapittel, gjer det er heller ikkje unaturleg eller overraskande. I KrF vil det vera ulike oppfatningar og måtar å uttrykkje seg på - frå dei som gjerne såg partiprogrammet endra og eit slikt nettverk inkludert i partiet, til oss som tek det til orientering med respekt - utan at det er ein del av partiet.
– Korleis bør KrF-folk møte nettverket?
– Vi må lytte til dei. Deira røynsler handlar om meir enn samlivsspørsmålet.