Nyheter

Underskot i sædbankar

Norge manglar opne sæddonorar. Verdas største sædbank ber innvandrarar om å levere innskot i banken.

Sæd er etterspurt i fleire sædbankar, men problema er svært ulike:

Danske Cryos, som er verdas største sædbank, strevar med å levere andre typar sæd enn den frå etnisk, danske menn. Færre enn ein av ti donorar har ikkje-vestleg bakgrunn. Dette betyr at Cryos i hovudsak berre kan levere sæd frå menn med klassisk nordisk utsjånad.

– Hyllene er fulle med dansk sæd, men til innvandrarar og deira etterkommarar har vi lite å tilby. Så vi har eit problem, seier Cryos-direktør Ole Schou til Danmarks Radio.

Høge og mørke

I eit forsøk på å nå fram til donorarar utan blondt hår og blå augo, har Cryos kjørt annonsekampanjar i danske bydelar med høg innvandrarbusetjing. Resultat: Ingen nye innskot i banken.

Den danske sædbanken går no ut og etterlyser leveransar frå særleg menn med opphav i Afrika, Asia og Midtausten.

Kulturforskar Søren Schmidt på Aalborg Universitet forklarar motviljen mot å bli sæddonor med ulikt syn på kva som er familie: I mange ikkje-vestlege kulturar har slekt og blodsband langt større verdi enn i vestlege kulturar. Folkehelseforskar Lone Schmidt på Københavns Universitet peikar på at mannleg infertilitet er eit tabutema i mange ikkje-vestlege land.

Små vikingar

Sjølv om Cryos ikkje klarar å dekkje etterspurnaden etter ikkje-vestleg sæd, går likevel dansk sæd godt. Særleg i Storbritannia. Britiske medier viar stor merksemd til det dei kallar «vikingbabyane»:

Single britiske kvinner som blir gravide med dansk sæd levert av Cryos. Mange får sæd levert på døra for sjølvinseminasjon eller får jobben gjort på ein britisk klinikk. Nokre vel også å reise til Danmark.

Raude menn

Sæd er ei vare som går i bølgjer. I 2011 gjekk Cryos ut og sa at dei ikkje trong fleire raudhåra donorar. Deira leveransar blei ikkje selt då raudhåra barn ikkje var etterspurt.

No er situasjonen snudd på hovudet. No er etterspurnaden etter sæd frå raudhåra sterkare enn det Cryos kan levere. Kundane er særleg heterofile par der mannen er raudhåra, eller lesbiske par der den eine kvinna har raudt hår.

Få villige

Donorane til Cryos får vere anonyme. I Norge må alle vere opne slik at barn som er fødde med donorsæd kan få vite kven som er biologisk far når dei fyller 18 år.

Kravet skaper rekrutteringsproblem. Fertilitetssenteret på Haugesund sjukehus bør ha 10-15 nye donorar kvart år, men har berre klart å rekruttere fire nye årleg dei siste åra. Haugesund er eit av to offentlege sjukehus som tilbyr assistert befruktning med donorsæd. På Rikshospitalet strevar dei ogsåp med å få norske menn til å levere.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Betre betaling

I Haugesund klagar dei over at det ikkje er pengar til å drive donorrekruttering – og at honorarsatsane har stått stille i mange år. Norske sæddonorar får utbetalt 250 kroner til dekning av reiseutgifter og tapt arbeidsforteneste kvar gong dei donerer. I tillegg kan dokumenterte reiseutgifter ut over 250 kroner bli refundert etter rekning med inntil 500 kroner. Altså 750 kroner for kvart oppmøte.

Cryos betalar til samanlikning 500 danske kroner per donasjon.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter