Nyheter

Styremedlem blei sjelesørgjar

Då Are Blomhoff vedgjekk millionunderslag ved Betanien, blei eit styremedlem i Betanien hans sjelesørgjar. – Uheldig dobbeltrolle, seier advokat.

Henning Brath er ein av Norges fremste ekspertar på stiftingar og stiftingslova. Advokaten ønskjer ikkje å kommentere Betanien-saka, men på generelt grunnlag seier han dette:

– Eg er kritisk til å la eit styremedlem, som også er prest, bli sjelesørgjar for ein dagleg leiar når vedkommande har erkjent underslag og styret drøftar om dei skal melde underslaget til politiet.

10. januar 2013 konfronterte styret i Stiftelsen Betanien Bergen (SBB) dagleg leiar Are Blomhoff i SBB med informasjonen ein hadde ruga på i nesten fem månadar: Han hadde underslått pengar frå stiftinga.

14. januar fekk styreleiar Christian Hysing-Dahl ei vurdering frå ein ekstern advokat som sa at stiftinga ikkje var pliktig til å melde saka til politiet.

17. januar var det styremøte der berre eit medlem ikkje deltok. Her blei styret informert om underslaget og konfrontasjonen med Blomhoff.

LES MER: Tre års fengsel til eks-Betanien-leder

Begge prestar

Etter konfrontasjonen kontakta Blomhoff eit styremedlem som han kjende godt frå før – begge har vore prestar i Metodistkyrkja – viser eit dokument Vårt Land har. Dette er ein epost styremedlemmen sende til Stiftingstilsynet der han svarar på spørsmål om habilitet.

«Da Are Blomhoff ble konfrontert med underslaget i januar 2013, var jeg ikke tilstede. Men fordi han visste at jeg visste, bad han om å få samtale med meg», skriv styremedlemmen i SBB. Han opplyser at Blomhoff «ikke ønsket å ta imot den profesjonelle hjelpen som ble tilbudt han».

Styret i stiftinga avgjorde då at denne styremedlemmen skulle følgje opp Blomhoff «i tiden etter konfrontasjonen». «Jeg hadde i tiden som fulgte en del telefonsamtaler med Are Blomhoff», skriv styremedlemmen.

LES OGSÅ: Tilbød Blomhoff stilling og stillhet

Vurdert rett

På spørsmål frå Stiftingstilsynet om kva habilitetsvurderingar styret i Betanien gjorde i denne saka, svarar styremedlemmen:

«I forhold til habilitet og meg, ble det gjort vurderinger om jeg kunne fungere som hans sjelesørger den første perioden etter konfrontasjonen nettopp fordi jeg satt i styret. Situasjonen var vanskelig og krevende, og jeg hadde derfor en stund kontakt Blomhoff ut over 2013.

Det var aldri aktuelt å stille spørsmålstegn ved min habilitet som styremedlem, men om det var riktig at jeg som styremedlem hadde denne sjelesørgeriske kontakten med Blomhoff. Det ble vurdert slik at dette under de rådende forhold var ok.»

Fekk dobbeltrolle

Advokat Henning Brath åtvarar mot slike løysingar.

– Kva blir utfordrande?

– Her vil styremedlemmen kome i ei uheldig dobbeltrolle. På den eine sida kan han få opplysningar i sjelesorgsamtalane som styret gjerne skulle hatt. Men desse kan han ikkje gå vidare med fordi han har teieplikt som prest. På den andre sida får han som styremedlem kunnskap som saka mot dagleg leiar som vedkommande gjerne vil ha.

– Kva slags løysing burde styret heller funne fram til?

– Å gje ein dagleg leiar som har erkjent underslag hjelp og støtte, er fornuftig. Men det er mogleg å finne andre enn ein som sit i styret som handsamar underslaget, meiner Barth.

Styremedlemmen i Stiftelsen Betanien Bergen ønskjer ikkje å kommentere rolla han hadde som sjelesørgar for Blomhoff.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Godtok svar

Stiftingstilsynet godtok styremedlemmens skriftlege forklaring, og let han halde fram som styremedlem når dei avslutta tilsynssaka i desember 2014.

No er tilsynssaka gjenopna etter at tillitsvalde ved Betanien har lagt fram nye opplysningar om SBB-styrets arbeid med underslagssaka.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter