Halvkilos chipsposar, like store posar fulle av sjokolade og reklame for å kjøpe 15 liter brus i slengen. Vil du bli feit i Noreg er det lett og billig for deg. Og god butikk for dei som lagar det.

LES MER: Finanskrisen gir dårligere matvaner

Ein halv milliard. Dei store norske produsentane av søtsaker og snacks hadde eit samla overskot på rundt ein halv milliard kroner i 2008. Tal frå Nielsen Norge viser at det blei selt sukkervarer, snacks og sjokolade for 7,5 milliardar kroner frå 14. september i fjor til 13. september i år i norske daglegvarebutikkar. Det er 10,5 prosent meir enn tilsvarande periode for eit år attende. I tillegg kjem det som blir selt i kioskar og på bensinstasjonar.

I løpet av 2009 viser også tal frå Bryggeri- og drikkevareforeningen at omsetnaden for sukkerhaldig brus har økt med 1,7 prosent i forhold til i fjor og at det i løpet av dei 8 fyrste månadene blei det selt 218.431 liter brus med sukker i Norge noko som utgjer fleire hundre millionar kroner.

LES MER: Los Angeles forbyr McDonald´s

Mat i farta. Annechen Bugge, forskar hos SIFO (Statens institutt for forbruksforsking) skal i gong med eit prosjekt for å kartleggje usunne matvaner og forbruk av snacks og snop.

Ho har også nyleg avslutta prosjektet "Mat i farta" som fokuserte på kjappmat.

Det er ungdom som kjøper mest mat i farten. Dei har ikkje så mykje pengar og står valet mellom ein bollepose til 20 og ein salat til 60 kroner, veit vi kva dei stort sett tek, held Bugge fram.

Meir for pengane. Det er i dag vanleg at jo meir du kjøper av ei vare, dess billigare blir det per stykk. Og store porsjonar gir deg meir for pengane enn små porsjonar.

Bugge viser til undersøkingar som viser at få ønskjer seg store eller større porsjonar av usunn mat.

Likevel ser vi at folk kjøper meir, legg ho til.

LES MER: Påskeegg gir sukkerboom

Vektauke. Ser ein på statistikken frå SSB og Helsedirektoratet ser ein at kvar 40-åring er over 5 kilo tyngre no enn på 50-talet. Mennene står for den tyngste auken. Talet på overvektige personar er aukande både for menn og kvinner, unge som eldre. Ser ein 50 år attende i tid var den norske befolkninga slankare.

Det var også porsjonane på søt- og saltsaker. Heilt opp til 80-talet var standarden på brusflasker 0,35 og 1 liter. Så kom halvliterflaska og halvannanliterflaska slik vi kjenner dei i dag. McDonalds har gjort sine standardar på drikke og mat større gjennom åra og chipsposar på over 200-250 gram fanst heller ikkje i monaleg grad før nokre få år attende. Ein Aftenposten-artikkel frå 2003 viser til forsking i både USA og Danmark, som fann ut at nesten all mat er blitt større enn før.

LES MER: Mindre flesk, mer fra flaska

Ni kilo meir. Tal frå Helsedirektoratet viser at omsetnaden på sjokolade og sukkervarer har auka frå fire til 13 kilo per person frå 1960 til 1996. I fjor åt kvar nordmann nesten 15 kilo av slikt snop og snacks.

Karin Baumann, ansvarleg for marknadsføringa hos chips og snacksprodusenten Maarud hevdar at årsaka til at posane hos dei har auka i storleik, er at kundane vil ha det.

Me har òg 40 grams posar i vårt sortiment, men det sel dårleg. Me har også prøvd 175 grams posar, men det gjekk heller ikkje bra.

Tener de meir på posar med 350 gram enn posar med 250 gram som de hadde før?

Det kan eg ikkje seie noko om, svarar marknadssjefen.