«Velkommen til Rwanda» forkynner ølprodusenten Bralima, og freistar med ein iskald Primus til alle som ferdast langs vegen frå flyplassen og inn til Rwandas hovudstad Kigali.
– Typisk døme på marknadsføring av alkohol som ei statusvare, fortel utanlandssjef Eva Frydenborg i Blå Kors Norge.

32 milliardar. Vårt Land har gått gjennom aksjeporteføljen til Oljefondet. Her finn ein store aksjepostar i britiske Diageo, sørafrikanske SAB Miller, amerikanske Anheuser-Busch og franske Pernod-Richard.
Samla har Oljefondet aksjar for vel 32 milliardar kroner i verdas seks største alkoholkonsern. Fleire av selskapa eig bryggeri i afrikanske land. Så dess fleire som blir freista til å sprette ei flaske skummande Primus i Rwanda, Congo, Burundi og DR Kongo, jo meir tener verdas største statlige investeringsfond.
For bryggeriet Bralima, heimehøyrande i Kongo, er eigd av det nederlandske ølkonsernet Heineken, som igjen er deleigd av det norske Oljefondet. Ved årsskiftet hadde fondet 1,9 milliardar kroner i Heineken-aksjar etter oppkjøp i 2012.

Norsk bistand. Verdiane på aksjepostane i dei seks største alkoholkonserna er på nivå med Norges samla bistand til fattige land:
– Frå 2004 til 2013 er bistandsbudsjettet dobla frå 15 til 30,2 milliardar kroner, sa ein stolt utviklingsminister Heikki Holmås (SV) i fjor haust.
I norsk bistand er Afrika det kontinentet som får flest bistandskroner. Internasjonale alkoholselskapa ser også på Afrika med interesse. For verdens største alkoholkonsern, Diageo, er det afrikanske kontinentet sør for Sahara blitt ei samlinga lova land, eller som dei seier; ein framveksande marknad. For eit Europa i krise drikk stadig mindre.

Godt sal. Då Diageo la fram omsetjingstala for siste halvår av 2012, peika dei på Afrika som ein særs viktig region: Salet av øl og brennevin auka med ti prosent på seks månader.
Afrika-sjef Nick Blazquez peikar på fleire suksessar i Afrika. Diageo har:
• Levert nye alkoholprodukt tilpassa den nye middelklassa.
• Auka salet av whisky med 38 prosent.
• Auka salet av både øl og brennevin i Aust-Afrika.
• Selt meir brennevin i Nigeria, trass økonomisk uro.

Økonomisk vekst. I Blå Kors Norge, som ser dei med otte på utviklinga, kan utanlandssjef Frydenborg i Blå Kors Norge forklare kvifor alkoholprodusentane– og seljarane lukkast så godt i Afrika:
• Mange land har unge befolkningar, og sterk folkevekst, dermed får alkoholindustrien store målgrupper.
• Mange land opplever sterk økonomisk vekst, dermed har fleire råd til å kjøpe alkohol.
• Alkohol er billege statussymbol – folk som drikk merkevare er meir «vellukka» enn dei som ikkje har råd til anna enn heimelage alkohol.
Då Norges Bank Investment Management (NBIM), som forvaltar Oljefondet, for første gong kjøpte seg inn i selskap i Kenya i fjor, brukte dei mest pengar på East African Brewery. Ved årsskiftet var aksjeposten i bryggeriet verdt 8,8 millionar kroner.

Drikk mykje. Alkohol tek livet av mange i afrikanske land. Rett før jul la det anerkjende helsemagasinet The Lancet fram rapporten Global Burden of Disease, som er verdas mest oppdaterte helsestatus. Rapporten fortel at dersom vi held smittsame sjukdommar utanfor, er det høgt blodtrykk, røyking og alkohol som teke livet av flest på verdsbasis. Men dersom vi berre ser på Afrika, er alkohol den fremste dødsårsaka.
I snitt drikk ein afrikanar berre halvparten av kva ein europear drikk. Men kristne og muslimske avhaldsfolk dreg snittet ned. I røynda har Afrika verdas høgaste flatfyllprosent, 25 prosent, fortel Vladimir Poznyak i WHO Africa til nyhendebyrået Think Africa Press.
– Dei som drikk, drikk mykje, seier Poznyak.

Ber Oljefondet selje alkoaksjar. – Norge bør ikkje eige alkoholselskap. Oljefondet bør selje seg ut av alkoholindustrien, akkurat som fondet selde seg ut av tobakksindustrien.
Oppmodinga kjem frå ei som dagleg ser kva problem aukande alkoholkonsum skaper i afrikanske land, Savera Kalideen. Ho leiar organisasjonen Southern African Alcohol Policy Alliance (Saapa), som er eit regionalt forum i det sørlege Afrika som arbeider med å styrkje alkoholloverket i regionen.
I 2010 reinska finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) Statens pensjonsfond utland for tobakksaksjar. Etter tilråding frå Etikkrådet selde Oljefondet seg heilt ut av 17 selskap. Johnsen forklarte utkastinga med strammare norsk røykelov og Verdshelseorganisasjonens arbeid med å få ned talet på røykjarar.
Savera Kalideen underbyggjer bøna om aksjesal med eit døme på korleis alkoholindustrien opptrer i afrikanske land:
– Marknadsanalysar viser at dei fattigaste av dei fattige, dei som lever for mindre enn 2 dollar dagen, er ei stor kundegruppe. Difor utviklar bryggeria eigne, særs billege øltypar, som faktisk sel godt. Dermed blir pengar som skulle bli brukt på mat, utdanning eller bustad, brukt på alkohol.

Lagar øl til fattige. Alkoholkonsernet Diageo seier dei lagar produkt tilpassa ulike inntekstgrupper i afrikanske land.
– I til dømes Kenya er 50 prosent av alkoholen heimelaga og til dels helsefarleg. Då er det betre at folk får tilbod om billeg, men trygt øl, forklarar informasjonssjef James Crampton i Diageo Africa.
I Kenya har selskapet difor utvikla ein slik øltype. Og dei har laga ein ciderdrikk for kvinner i den veksande middelklassa.
Informasjonssjefen i Diageo Africa meiner skuldingane om at dei og andre alkoholkonsern opptrer aggressivt i afrikanske land, er urimelege.
– Diageo har dei same standardane i Afrika som i Europa eller Amerika. Vi legg vekt på å selje kvalitetsprodukt til vaksne kundar, som kan nyte alkohol på ein forsvarleg måte. Til dømes driv vi opplæring av barpersonell i afrikanske land for å sikre oss at folk ikkje blir overskjenka, seier Crampton.
Han avviser også at dei lagar særskilte reklamekampanjar for å nå unge menneske med bodskapen «drikk du lever du eit glamorøst liv».

LES HELE SAKEN I VÅRT LANDS PAPIRUTGAVE TORSDAG