Aldri har staten brukt større pengesummar på erstatningskrav frå feilbehandla pasientar. I 2001 måtte Norsk pasientskadeerstatning (NPE) ut med 224 millionar kroner. I fjor, ti år seinare, var beløpet 846 millionar kroner. I same periode er talet søknader nær dobla, frå 2.300 til over 4.300.
– Feilbehandling i helsetenestene utgjer store kostnadar for samfunnet, påpeikar assisterande direktør i NPE, Rolf Gunnar Jørstad.
Ser meir av isfjellet. Over 1.400 personar fekk medhald i klager mot Helse-Noreg i fjor. Ei kartlegging frå Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten avdekka at omlag 4.700 personar døydde på norske sjukehus som følgje av pasientskader i 2010. Undersøkinga viste også at det skjer minst éin skade i 16 prosent av pasientopphalda.
Ifølgje Jørstad betyr ikkje veksten i pasientskadesaker at fleire pasientar vert skada under behandling.
– Vi ser nok ein større del av isfjellet no enn før, men våre tal er framleis for små til å kunne trekke slike konklusjonar, seier han.
Jørstad trur heller auken er eit teikn på at mørketala minkar.
– Kjennskapen til NPE har blitt mykje større, men det tar svært lang tid før slike ordningar vert ålment kjende, understrekar han.
Han påpeikar at dei tilsvarande erstatningsordningane i Sverige og Danmark får inn fleire klagesaker i forhold til folketalet.
– Vi trur difor talet kjem til å auke i åra framover, i takt med større medvit om pasientrettar.
Underforbruk av ombod. Kvar tredje søknad om erstatning vert innvilga, eit forholdstal som har helde seg stabilt i ei årrekkje uavhengig av søknadstalet. Difor er brei semje mellom aktørane på området om at mange fleire enn dei som søkjer i dag har krav på erstatning
– Som oftast er det vi som må gjere pasientar som tar kontakt merksame på at dei har krav på erstatning. Dei aller fleste ønskjer berre å forhindre at noko liknande skjer igjen, fortel pasient- og brukarombod i Akershus, Knut Fredrik Thorne.
Pasient- og brukaromboda finst i kvart fylke. Dei tilbyr informasjon om pasientrettar, og rettleiar dei som skal søkje om erstatning. Thorne opplever at nordmenn veit mykje meir om eigne pasientrettar enn tidlegare, men at kjennskapen framleis er for låg.
– Det er eit klart underforbruk av våre tenester. Vi har om lag 1.000 førespurnader i året, men i forhold til innbyggjartalet skulle vi hatt dobbelt så mange, seier han.
Saknar engasjement. Saman med ombodskollega i Hordaland, Rune Skjælaaen, etterlyser Thorne no meir informasjon til pasientane om deira arbeid.
– Helsepersonell bør bli betre til å informere pasientane om våre tenester og NPE, meiner dei.
Omboda legg sjølve ut brosjyrar på sjukehusa og hjå fastlegar, og vert ofte invitert av pasientorganisasjonar til å informere om arbeidet sitt. Skjælaaen saknar eit tilsvarande engasjement for opplysingsarbeid blant helsearbeidarar.
– Mange har for lite kunnskap om ombodet, eller så hugsar dei ikkje på oss, seier han.
Hyppig tema. Kommunikasjonssjef på Akershus universitetssykehus (Ahus), Geir Boye Lindhjem, fortel at sjukehuset gjer mykje for å gje pasientane informasjon om eigne rettar.
– I alle innkallingsbrev følgjer det med ei brosjyre om pasientrettar, og på heimesidene våre ligg informasjon om dette, opplyser han.
Ifølgje Lindhjem er pasientrettar eit hyppig emne i den daglige drifta av sjukehusa, og nytilsette får opplæring i temaet gjennom eit introduksjonsprogram.
– Vi oppmodar også tilsette til å melde frå dersom det skjer avvik i pasienthandsaminga, seier han.






