Nyheter

Pålegg nordmenn ytringsplikt

Ministeren med ansvar for minoritetane og den jødiske forstandaren er samde: Fleire må sjå det som ei plikt å ta til motmæle mot hets og hatefulle ytringar.

Dei kom tidsnok til å redde 7.000 fangar, soldatane i sovjethæren som svinga inn porten til konsentrasjonsleiren Auschwitz for akkurat 69 år sidan i dag. Difor er 27. januar Den internasjonale Holocaustdagen, ein dag som blir markert i mange land for å minne ofra for Holocaust; jødar, rom, funksjonshemma, homofile, og politiske fangar.

I Norge er det kommunalministeren som har ansvaret for landets minoritetar. Difor nyttar Jan Tore Sanner (H) Holocaustdagen til å sende ut ei oppmoding til kvarmannsen, for han likar ikkje det han høyrer om behandlinga av minoritetar – i opne skulegardar eller i dei mørkaste krokane på internett:

– I eit liberalt demokrati der rammene for ytringsfridomen er breie, er det avgjerande at vi tek til motmæle mot hat og rasisme.

Ervin Kohn, forstandaren i Det Mosaiske Trossamfunn (DMT), seier seg samd.

– Eg meiner vi må snakke om ytringsplikt. Ytringsfridomen skal vere raus, men samstundes må vi ikkje bli likegyldige. Fleire må ta til motmæle mot hets og hatefull tale.

BLI MED I DEBATTEN: Ja til debatt, nei til hatefull tale, skriver Ervin Kohn.

Hatprat. Sanner dreg utfordringa eit steg vidare, og spør kor mykje minoritetar kan tåle av såkalla morosame kommentarar:

– Kva med nedsetjande fråsegner og regelrett hatprat? Vi har nok alle kome i skade for å spreie lite omsorgsfulle fråsegner frå kjenningar, naboar og media vidare. Men kvar går grensa for når vi skal bli bekymra?

Statsråden har sjølv svaret:

– Våre haldningar til medmenneske, og korleis vi omtalar andre, er med på å forme samfunnet vårt. Vi må seie ifrå når vi meiner at debatten sporar av, når løgner blir spreidde på sosiale medier, og når kommentarfelta viser fordømming og hat. Og vi har eit ansvar for å ytre oss på ein måte som barn og unge kan lære av.

Reiser rundt. Som fersk minoritetsminister reiser Sanner rundt til minoritetane for å høyre kvar skoen trykkjer. Difor har han gått inn i synagogen i Oslo for å bli orientert av dagens vert, forstandar Kohn.

– Vi er ein ortodoks forsamling, forklarar han, og viser veg ut av synagogen og opp på møterommet, der agendaen ligg klar på møtebordet.

I budsjettforliket mellom dei fire borgarlege partia blei det før jul sett av fem millionar kroner til ein handlingsplan mot antisemittisme. Kohn har klare ønskje for korleis pengane bør brukast.

– Fleire ivrar for å bruke ein stor del av summen på å styrkje markeringa av Holocaustdagen, for å gjere han viktigare. Det ønskjer ikkje DMT. For antisemittismen er mykje eldre enn Holocaust. Difor må vi ut i skulen, ut og møte lærarar og elevar, ut og snakke om antisemittisme og islamofobi.

Medan Sanner nikkar forklarar Kohn kva dei aller helst vil bruke handlingsplankroner på:

– Med litt ekstra mannskap kan vi nå ut til alle dei vidaregåande skulane i dei største byane i løpet av nokre få år. For å nå ut med bodskapen er det viktig at dei unge møter ein lys levande jøde, noko mange ikkje møter for vi er så få i Norge.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter