Nyheter

Prest vil døype romvesen

– Oppdaging av framand liv i universet ville gjort mi forståing av religion djupare og rikare, seier han.

Dei siste dagane har NASA invitert vitskapsmenn, historikarar, filosofar og teologar frå heile verda til ein to dagars konferanse kalla «Førebuingar til oppdagingar» (Preparing for Discovery). Målet er å prøve å lukke gapet mellom livet her på jorda og muligheiter for liv andre stadar, ifølge Huffington Post.

– Ideen er at vi ikkje skal vente til vi gjer ei oppdaging, men prøve å førebu oss på kva implikasjonane kan vere viss ei slik oppdaging blir gjort, fortel konferansesjef og tidlegare leiar for NASA, Steven J. Dick, til den amerikanske nettavisa.

Større sjanse for å finne liv

Under konferansen kom seniorastronom Seth Shostak med oppsiktsvekkande tal.

– Det er minimum eit titals milliardar verder der det kan finnast liv berre i vår eigen galakse. Og då har vi ikkje ein gong tatt med månane, fortalde Shostak.

Dick seier dei ser på alle moglege scenario for å finne liv.

– Finn du mikrobar, så er det ein ting. Finn du intelligens, så er det ein annan ting. Og om dei kommuniserer med kvarandre, er det noko heilt anna!

Forskaren meiner det er mykje meir sannsynleg no enn før at vi vil finne liv andre stadar.

LES OGSÅ: Om å tøve på prekestolen

Klar for romvesendåp

Ein av deltakarane ved konferansen var Guy Consolmagno. Han er prest, forskar og astronom, og er heilt klar på at han trur at det finst framand liv der ute.

– Bevis har eg jo ikkje. Men det hadde vore så spennande om det var sant, og det ville ha gjort mi forståing av religion mykje djupare og rikare, meiner han.

Consolmagno er overbevist om at alt har ei sjel, uansett.

– Så eg døyper gjerne dei romvesen som måtte ynskje det.

LES OGSÅ: Presten som slo kirkedøra opp for andre

Bakteriar og grøne menn

Ein som ikkje er like sikker på romvesena sin eksistens, er studiedekan ved Menighetsfakultetet Atle Søvik.

– Eg trur ikkje det finst liv. Dei siste åra har det kome fram at det er mykje som må vere på plass for at liv skal kunne oppstå. Berre at det finnast liv her på jorda i det heile tatt er ubegripeleg frå eit naturvitskapleg perspektiv, meiner Søvik.

– Men eg utelukkar det ikkje.

Dekanen trur han hadde reagert med stor interesse om ei oppdaging faktisk hadde skjedd.

– Det kjem så klart an på om vi finn bakteriar eller grøne menn. Men eg trur nok eg ville kjent på ei stor nysgjerrigheit og fascinasjon, seier Søvik.

Lite panikk

Sivilingeniør og forfattar Bjørn Are Davidsen meiner det finst liv der ute, men han trur ikkje vi kjem til å møte dei nokon gong. Han trur menneske ville reagert veldig forskjelleg på eit eventuelt møte.

– Før trudde mange det var liv på andre planetar. No er det mykje meir skepsis. Fordi vi har oppdaga at fleire planetar, som Mars, ikkje er moglege å bu på, seier han.

– Men det hadde vore spennande å møte dei. Eg trur mange hadde tenkt: Kva slags folk er dette?

Consolmagno er derimot slett ikkje sikker på at romvesen ville skapt store reaksjonar.

– Eg trur oppdaging av framand liv ville skapt merksemd i tre dagar. Så ville vi gå tilbake til å bekymre oss for reality-TV eller andre gale ting som foregår. Slik er menneske, meiner han.

– For eg trur dei fleste er som meg – vi forventar at det er noko der ute. Og vår reaksjon ville vere: «Å, takk Gud. Det var på tide».

Mennesket ikkje lenger i sentrum

Søvik trur oppdaging av framand liv ville passa godt inn i det biletet vi har av skaparverket i dag.

– I gamle dagar tenkte folk gjerne på jorda som sentrum i universet. Og at mennesket var sjølve krona på verket. Men no har vi lært meir, og vi veit at mennesket berre er ein del av Guds skaparverk. Vi kan vere meir audmjuke, seier dekanen.

For Davidsen spelar religion ei stor rolle i hans oppfatning av universet.

– Jorda er ein av mange planetar som Gud har ansvar for. Vi har fått ei oppgåve av Gud her på jorda. Vi veit ikkje om andre har fått andre oppgåver ein annan stad, seier han.

– Teologar kan bidra med mykje

Søvik trur teologar som Consolmagno kan ha mykje å bidra med på NASA-konferansen.

– Teologane er der nok ikkje først og fremst for å lære naturvitarane noko nyttig, men dei kan kanskje bidra med tankar om korleis menneske vil oppleve dette. På ein meir eksistensiell måte, trur han.

– Det er mange menneske som har ei religiøs oppfatning, så eg trur teologane kan ha mykje å bidra med på ein slik konferanse.

Enorme tal

Hubble-teleskopet til amerikanarane har dei siste åra vist utrulege bilete frå verdsrommet. No veit vi at det er rundt 100 milliardar galaksar der ute. Shostak kunne også opplyse om at det finst 10.000 milliardar milliardar stjerner i den delen av universet som vi kan sjå.

– Det er eit stort tall. Og vi veit at mange av desse stjernene har planetar. Heile 70-80 prosent av dei har det. Viss alle desse planetane er livlause, og vi er det einaste interessante som skjer i kosmos, då er vi eit mirakel, seier han til Huffington Post.

Shostak trur det er meir sannsynleg at vi berre er ei lita and i ein andeflokk.

– Rundt ei av fem stjerner kan vere samanliknbare med jorda. Det betyr at det kan vere 50 milliardar planetar som liknar på jorda berre i vår eigen galakse.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter