Nyheter

Pastor tiltalt for svindel

I arbeidstida var mannen svindlar, meiner politiet. Medan han ventar på rettssaka skriv kyrkjeleiaren andaktar i nettforum.

Hordaland politidistrikt har brukt fleire år på å etterforske ei sak der far og son no er tiltalt for svindel av Forsvaret. På fritida er begge aktive i ein frikyrkjelyd i Hordaland.

Far og son er tiltalt for å ha svindla Forsvarets logistikkorganisasjon for nesten 27 millionar kroner.

Sonen jobba i Forsvaret og ordna ein avtale med eit selskap som faren etablerte i USA under falskt namn, meiner påtalemakta. USA-selskapet skal ha selt fiktive tenester til Forsvaret.

Faren er også tiltalt for grovt bedrageri mot NAV. Han skal ha fått utbetalt 1,9 millionar kroner i uførepensjon medan han dreiv fleire selskap, fortel tiltalen som er ført i pennen av statsadvokat Trond Høvik ved Hordaland statsadvokatembeter.

Kyrkjelege verv

Far og son har viktige posisjonar i ei frikyrkje i Hordaland. Sonen er dagleg leiar, viser Brønnøysundregisteret. Sjølv brukar han tittelen pastor. Faren er mykje brukt som talar, fortel Bergens Tidende. Offentlege register viser at faren har og har hatt kyrkjelege styreverv. Sonen er også fast skribent i eit kristeleg nettforum som publiserer andaktar og forbønnsønskje.

I 2008 etablerte far og son ei foreining, som ifølgje Brønnøysundregisteret skal drive med «Formidling av gaver, bidrag til menigheter og lag». Sonen er dagleg leiar medan faren er styremedlem.

Tiltalen fortel at i 2010 ba faren ein advokat føre over 2.500.000 kroner til foreininga. Pengane kom frå eit selskap faren eigde, og som står sentralt i svindelen, meiner påtalemakta. «Beløpet ble overført til tross for at (...) og (...) forsto at pengene var utbytte fra straffbare handlinger begått mot Forsvaret», skriv statsadvokaten.

Påtalemakta seier at pengane aldri kom «menigheter og lag» til gode: «Beløpene ble senere brukt til private formål (...).»

Følg oss på Facebook og Twitter!

«Ingen kommentar»

Styreleiaren i frikyrkjelyden der far og son er sentrale personar ønskjer ikkje å snakke med Vårt Land om at den daglege leiaren er tiltalt for svindel.

– Eg har ikkje nokon kommentar til dette, seier han og legg på.

Advokaten til sonen, Helge Hansen, fortel at klienten avviser tiltalepunkta:

– Min klient har ikkje hatt ei stilling i Forsvaret som kunne gje han høve til å gjere det tiltalen seier han har gjort.

Hansen seier klienten dermed ikkje har sendt pengar korkje til den eine eller den andre kontoen.

Nektar straffeskuld

Akkurat som sonen nektar faren straffeskuld i saka der dei er tiltalt for utruskap, bedrageri, heleri og skattebrot.

– Han vedgår ikkje straffeskuld, fortel farens advokat, Marius Wesenberg.

Kva seier din klient om at pengane som blei overført til foreininga ikkje blei brukt til formåla som er lista opp?

– Han har forklart at pengane er blitt delt ut i samsvar med formåla.

– Har han lagt fram rekneskap eller forklart dette munnleg?

– Det kan eg ikkje kommentere. Dette kjem vi tilbake til når rettssaka startar, seier Wesenberg.

Rettssaka skal opp i tingretten i september.

Er vurdert

Administratoren av nettsida der den tiltalte sonen som også er pastor skriv andaktar, opplyser at dei som er ansvarlege for sida har drøfta om mannen kan halde fram som andaktsskribent.

– Vi har konkludert med at førebels kan han det. Han erkjenner ikkje straffeskuld, og han er ikkje dømt.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter