Nyheter

Opplever å ha tillit

– Ein kaptein bør ikkje gå frå skuta i storm, seier Betanien-styreleiar.

Christian Hysing-Dahl har vore styreleiar i Stiftelsen Betanien Bergen lenge. Han seier det enklaste ville vore å kaste korta då underslagsskandalen blei rulla opp:

– Naturlegvis har eg vurdert om eg skulle ha trekt meg etter det som har kome fram. Men ein kaptein bør ikkje gå frå skuta i storm.

Hysing-Dahl seier ingen har kome med mistillit til han og dagens styre etter at underslaget til dagleg leiar i stiftinga kom for ein dag i 2012, og blei offentleg kjent i 2013.

Først tysdag blei det kjent at tidlegare dagleg leiar av stiftinga bruke store delar av underslagsmilionane på private sexfestar i Spania.

LES OGSÅ: Prest underslo 15 millioner – brukte mesteparten på fester med prostituerte

«Uakseptabel adferd»

I granskingsrapporten styret tinga frå revisjons- og rådgjevingsfirmaet BDO, står det at Hysing-Dahl hausten 2011 fekk eit anonymt, skriftleg varsel om at dagleg leiar skulle ha alkoholproblem.

«Varselet inneholdt ingen informasjon om økonomisk underslag eller annet», skriv BDO, og seier styreleiar ikkje kan kritiserast for ikkje å ha avdekka forholda som kom for ein dag året etter.

I august 2012 fekk Hysing-Dahl informasjon om «uakseptabel adferd samt mulige misligheter begått av daglig leder». Informasjon fekk han frå eit styremedlem som hadde hatt kontakt med ein varslar.

Tre og eit halvt år seinare ventar tidlegare dagleg leiar av stiftinga på dommen. Påtalemakta har kravd fire års fengsel. Då er strafferabatten for å ha tilstått trekt frå.

LES OGSÅ: Leverte medaljen tilbake til Kongen

Vurderer erstatningskrav

I granskingsrapporten som revisjons- og rådgjevingsfirmaet BDO har levert til styret i Stiftelsen Betanien Bergen, får revisor kritikk. BDO meiner det er ting som tyder på at «revisor ikke har utført kontrolloppgaver i samsvar med krav til god revisjonskritikk. Dette gjelder særlig kontrollen med bruk av midler tilhørende Stiftelsen på bankkonti i Spania».

BDO runder av med å slå fast at det er «grunn til å stille spørsmål ved revisors kontroll». Revisjonsselskapet Deloitte har vore Betaniens revisor.

– Kva konsekvensar har dette fått for revisor?

– Han er bytta ut, opplyser styreleiar i Stiftelsen Betanien Bergen, Christian Hysing-Dahl.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Teieplikt

Styreleiaren fortel vidare at stiftinga vil setje seg ned med revisjonsselskapet etter at dommen mot tidlegare dagleg leiar har falle for å sjå om det kan vere grunnlag for økonomisk erstatning.

– Men dette blir ein privatrettsleg runde, seier Hysing-Dahl.

Partnar i Deloitte, Bjørn Lyse-Opdal, har vore stiftingas revisor. Til Vårt Land seier han at denne saka har han ingen kommentar til.

Kommunikasjonsdirektør og partnar i Deloitte, Frode Vik Jensen, seier at «teieplikta til revisorar» hindrar Deloitte å kommentere kritikken frå DBO, og eit eventuelt erstatningskrav.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter