Nyheter

Norge prisar freden, held liv i krigen

Fredsprisnasjonen Norge forbyr våpensal til Israel. Likevel kan norske våpen ende opp i hendene til israelske soldatar.

Grøne i kleda, svarte i andleta går nye israelske soldatar inn i Gaza ei januarnatt i 2009. Operasjon Støpt bly skal straffe palestinarar som skyt rakettar inn i Israel. Ein av soldatane ber eit grønt rør på magen, ein M72. Panservernraketten er produsert på ein fabrikk som er norskeigd.

Men Stortinget forbyr våpensal til land som er i krig eller konflikt. Forsvarsbedrifter i Norge får ikkje selje våpen til Israel. Konsernet Nammo, der staten eig halvparten av aksjane, har funne ein veg rundt. Nammo overtek selskap i land med meir liberale eksportreglar.

I 2006 kjøpte Nammo selskapet Talley Defence Systems i USA, som det hadde samarbeida med i ei årrekkje. Nammo Talley produserer det etterspurde rakettvåpenet M72 for ein kunde, USA. I september 2008 bestilte den israelske regjeringa 28.000 M72 frå det amerikanske forsvaret. Slik har israelske soldatar fått bruke norske våpen i krig.

Spania har som USA meir liberale eksportreglar. I haust kom Nammo til byen Palencia. Her overtok selskapet ein ammunisjonsfabrikk.

– Nammo trur sterkt på at Palencia-anlegget vil bli den perfekte matchen, seier konsernsjef Edgar Fossheim.

LES OGSÅ: Fredsprisen legger press på Norge

Toar hendene. – Slik kan vi ikkje ha det; norske selskap omgår Norges strenge eksportreglar ved å etablere seg i land med meir liberale reglar. Meiner vi at det Isarel ikkje skal få kjøpe krigsmateriell i Norge, bør heller ikkje israelarane få kjøpe norsk krigsmateriell via ein fabrikk i utlandet, meiner Alexander Harang, leiar i Fredslaget.

Han meiner at Næringsdepartementet, som utøver statens eigarskap i Nammo, må bli samstemte med Utanriksdepartementet som nektar norske selskap eksportlisens.

– Næringsministeren bør nekte Nammo å etablere seg i Spania, for å hindre at dei sel til kundar som er i krig eller konflikt, seier Harang.

Næringsminister Monica Mæland (H) avviser forslaget kontant. I ein e-post til Vårt Land svarar ho:

– Nammo er eit internasjonalt ammunisjonsselskap med base i Skandinavia. Som i eit kvart anna selskap er det styret i det einskilde selskapet som vedtar investeringar og kjøp av verksemder. Det er det einskilde land som set reglar for eksport av varer som er produsert i landet. Kjøp av verksemd i Spania endrar ikkje reglane for eksport av ammunisjon eller teknologi frå Nammos norske eller skandinaviske verksemd.

Fred og meir fred. På tysdag ser alle mot Norge. Verdas viktigaste fredspris blir delt ut. Nobels fredspris går i år til Organization for the Prohibition of Chemical Weapons (OPCW) for arbeidet med å avskaffe kjemiske våpen, og dermed blir verda litt meir fredeleg.

Fredsbyen Oslo. Som statsminister hadde Kjell Magne Bondevik store vyer for Oslo den første dagen i det tredje årtusenet:

«Jeg ønsker at vår hovedstad skal fremstå som en internasjonal fredsby», sa KrF-politikaren i nyttårstalen i 2000: «Norge må være en nestekjærlighetens og solidaritetens nasjon. Huskes vi som fredsnasjon, har nordmenn grunn til stolthet.»

Då den andre norske maktutgreiinga blei lagt fram i 2003, skreiv utvalet at Norge er «blitt bygget opp som en internasjonal merkevare, som et spesielt fredselskende og givervennlig land med særskilte oppgaver i verdenspolitikken». Norge var ei «humanitær stormakt».

LES OGSÅ: OPCW-leder: En stor ære og oppmuntring til vårt arbeid

Og meir ufred. I 2006 slo utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) det fast: «At det er et trykk i den norske opinionen for en aktiv norsk politikk for fred, er en politisk styrke. Den vil regjeringen bruke, og gjøre Norge som fredsnasjon til en realitet (...) På fredsområdet er Norge et langt større land enn vårt befolkningstall skulle tilsi.»

Året etter velsigna næringsminister – og Nammo-eigar – Dag Terje Andersen (Ap) Nammos oppkjøp av rakettvåpenprodusent Talley Defence Systems.

– Fredssnakket står i sterk kontrast til veksten i eksporten av våpen og forsvarsmateriell, særleg under dei raudgrønes åtte år lange styre, seier Alexander Harang, leiar i aktivistorganisasjonen Norges Fredslag.

Harang har i ei årrekkje følgt norsk forsvarsindustri i inn- og utland.

Medan Stoltenberg-regjeringa styrte, steig den samla verdien på eksporten av forsvarsmateriell frå 2,4 milliardar kroner i 2005 til nesten 4 milliardar i 2012. Mykje takka vere krigane i Afghanistan og Irak.

Norge er store på sal av våpen og forsvarsmateriell. For perioden 2008-2012 kjem Norge på 15. plass, målt i milliardar. Men måler vi dei same salstala i høve til folketal, skyt Norge fart oppover resultatlista.

Verda brukte nesten ti norske statsbudsjett på krigsmateriell i 2012, 10.500 milliardar kroner.

LES OGSÅ: – Fortjent pris til OPCW

Drep best. Allereie same år som Norge fekk ny grunnlov, blei Kongsberg Vaabenfabrik grunnlagt. På vegen mot sjølvstende var det viktig å vere sjølvforsynte med våpen. I dag eig staten halve Kongsberg. Kongsbergs salssuksess er ein fjernstyrt våpenstasjon kalla Protector.

– Protector er ein suksess. Vi har levert vel 10.000 slike stasjonar til den amerikanske hæren, fortel informasjonssjef Kyrre Lohne.

Istaden for å sitje oppå kjøretøyet og skyte, sit skyttaren trygt bak panser og styrer våpentårnet som eit play station-spel. Det amerikanske hærmagasinet Army omtalar våpenstasjonen i svært rosande ordelag: Protector vernar mannskapet, han aukar sjansane markant for å treffe med første skot, han drep betre og fleire per ladning.

To USA-leia krigar, Afghanistan og Irak, har vore god butikk for særleg Kongsberg og Nammo. Frå USA gjekk inn i Afghanistan i 2001 – Irak i 2003 – har norsk forsvarsinsdustri selt våpen til USA for 9,4 milliardar kroner, fortel tal frå Statistisk sentralbyrå.

Blåblå heiarop. Land etter land i Nord-Amerika og Vest- og Sentral-Europa barberer forsvarsbudsjetta. Men nye regionar etterspør våpen i store mengder, fortel Sipri.

– Vi ser starten på ei omfordeling av verdas militærutgifter frå rike land i Vesten til vekstregionar, seier programsjef Sam Perlo-Freeman.

No kjøper Midtausten, Latin-Amerika og Søraust-Asia mest våpen.

I november var konsernsjef i Nammo, Edgar Fossheim, i Nato-landet Spania og overtok ammunisjonsfabrikken i Palencia, som produserer ammunisjon til det spanske forsvaret og til internasjonale kundar. Nammo leiger fabrikken i Palencia av det spanske forsvarsdepartementet. Leiga er 200.000 euro årleg pluss tre prosent av produksjonsinntektene.

Med seg på vegen til nye marknadar får forsvarsindustrien ei tydeleg helsing i Høgres og Framstegspartiets regjeringserklæring. Solberg-regjeringa lovar å «bidra til å opprettholde og videreutvikle en internasjonalt konkurransedyktig norsk forsvarsindustri».

Til spanske aviser lettar Nammo-leiinga på eksportsløret. Palencia skal fungere som «ein kanal til den søramerikanske marknaden» – som har vore vanskeleg tilgjengeleg grunna språkutfordringar – og som «ei konsolidering i dei arabiske landa», fortel Edgar Fossheim til avisa ABC.

Norge nektar Colombia å kjøpe norsk forsvarsmateriell. Det gjer ikkje Spania. Saudi Arabia er nummer sju på ti-på-topp-lista over land som brukar mest pengar på forsvaret, og arabiske land har ein nabo som Norge ikkje sel våpen til. Men det gjer Spania. I fjor kjøpte Israel ammunisjon frå Spania, fortel utanriksdepartementet i Madrid.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter