Hæren har no teke kontroll slik at folk kan skaffe mat og gravleggje sine døde.

Kristne leiarar i delstaten Plateau i Nigeria meiner soldatar i uniform har skote og drepe kristne i den valdsherja byen Jos.

Dødstala er uklare og det er ulike versjonar av kva som trigga den nye valdsbølgja i og rundt byen Jos.

LES OGSÅ:

Sjå bileta: Blodige samanstøytar i Nigeria

Ulike versjonar. Dødstala varierer. Men dei siste tala tyder på at så mange som 460 kan vere drepne.

Det vert hevda frå somme hald at det var kristne som utløyste den nye valdsbølgja ved å provoserer muslimar som pussa opp eit hus. Andre har hevda at det var unge muslimar som gjekk til åtak først.

Eit rådgjevande kristent eldsteråd i delstaten Plateau hevdar no at soldatar, som vart sende inn for å stagge uroa og handheve eit portforbod, også var med på skytinga mot dei kristne.

LES OGSÅ: - 460 drepne i Nigeria-kampar

Ut mot hæren. Dei kristne leiarane seier i ei fråsegn at blant dei som skaut mot kristne også var somme som var «utkledde som soldatar».

- Vi er leie oss for å slå fast at dei som verkeleg drap våre kristne søsken, var nigerianske soldatar, heiter det.

17.000 menneske vart drivne bort frå heimane sine. Etter at hæren først handheva eit portforbod døgnet rundt, vart portforbodet torsdag letta nokre timar på ettermiddagen. Då byrja ein del av dei fordrevne å vende heim til husa sine.

Dei kom attende til ein by med utbrende hus og mange døde, men der hæren ifølgje fleire kjelder hadde teke kontrollen.

Den nye valdsbølgja starta søndag. Ein lærar ved EWCA teologiske seminar i Jos skriv i Christian Today om korleis dei vart klar over uroa, etter at dei var klare for nytt semester:

Død student. All undervisnings måndag vart stogga sidan ein av studentane var drepen av muslimske ungdommar på veg attende frå kyrkje søndag. Han vart send til sjukehus i medvitslaus tilstand, men livet stod ikkje til å redde. Studenten døydde måndag morgon, ein av dei kring 40 som i følgje andre kjelder skal ha blitt drepne denne første dagen i den nye valdsbølgja.

Måndag kveld let det til at situasjonen var under kontroll, og undervisninga vart planlagt starta tysdag. Men så snudde det på nytt tysdag:

«Etter morgonbøna gjekk muslimane berserk, dei massakrerte uskuldige. Jos var endå ein gong gjort om til ei slagmark», skriv Sunday B. Agang.

Vanskeleg å vite. BBC siterer ei lokale talsmann for Raudekrossen som seier at det er vanskeleg å vite kor mange som døydde sidan folk vart drepne i fleire område, somme med skot, andre med machetar. Og framleis er det lik som ikkje er funne.

Meir enn 250 skal vere arresterte, ifølgje politiet.

Jos ligg i eit svært skjørt belte, mellom det først og fremst muslimske nord og det meir kristent dominerte sør i eit land der muslimar og kristne utgjer innpå 50 prosent av folket kvar - med dominans i kvar sine område.

Fyre opp. Den katolske erkebiskopen Jos Ignatius Ayau Kaigama skuldar media for å fyrt opp under konflikten ved «falske rapportar». Han seier til Catholic News Agency at det er uklart korleis den nye valdsbølgja tok til og han åtvarar mot å spreie rykte som om dei var fakta. Han meiner valdsbølgja ikkje så mykje er religiøst motivert som det er ein sosial, politisk og etnisk konflikt.

Frustrerte. Erkebiskopen skuldar også regjeringa for å ikkje å sikre liva til unge i Jos, unge som ikkje ser noka framtid, anna enn i arbeidsløyse.

- Frustrerte tyr ofte til vald, og denne valden vert nytta av politiske og religiøse leiarar.

Erkebiskopen tek til orde for å styrkje dialogen mellom kristne og muslimar, og han tok til orde for prosjekt der unge kristne og unge muslimar lærer kvarandre å kjenne.

Avstå frå vald. Også muslimske leiarar åtvarar mot vald. Den fremste muslimske leiaren i Jos, imam Balarabe Dawud, ber sine trosfeller avstå frå nye valdshandlingar.

- Våre muslimske brør i alle delar av Nigeria må la vere å gripe til meir vald, seier Dawud.

Hjelp. Dei fordrevne menneska får mellombels ly i hus og skular, melder NTB.

- Svært mange treng klede, mat og drikkevatn, og Raudekorssen konsentrerer seg om å hjelpe dei skadde og få sendt dei som treng det, til sjukehus, seier ein talsmann for Raudekrossen.