– Eg trur på mykje, men ikkje på Gud, sa Mona Sahlin som leier det sosialdemokratiske partiet i Sverige.

Ho svarte slik under ei politisk utspørjing i Missionkyrkan i Vårgårda.

- Eg forlet Svenska kyrkan samme dagen som eg fylte 18 år. Men eg har møtt mykje sorg og grublar mykje på livet og døden. Eg tenkjer mykje på kva det er som gjer at minnet om eit menneske lever lengre enn den tida vi vandrar her på jorda, sa ho, ifølgje det svenske telegrambyrået TT.

Partileiarutspørjingane i Missionkyrkan har halde på i 40 år, men dette var første gongen for Sahlin, skriv avisa Dagen.

Ho sa at det finst likskapar mellom kyrkja og arbeidarørsla og viste til ord i Bibelen om å bera kvarandres byrder og «lat de små barna komme til meg».

Ho fekk spørsmål om si eiga sorg etter at sonen døydde. Ho sa at menneske i sorg ikkje smittar og bad folk banka på sørgjandes dører til dørene vert opna.