Klima

Makta kjem i 1.700 privatfly

Verdas økonomiske forum skal drøfte klimatrusselen. Difor kjem verdas mektigaste til Davos i kvart sitt privatfly. Og dei nektar å kjøre buss.

Januar betyr toppmøte i eksklusive Verdas økonomiske forum (WEF). I går byrja årets samling i Davos. I år som i alle år før kjem verdas politiske og økonomiske elite til den sveitsiske byen. I år er det eit tema som opptek alle, seiest det: klimatrusselen.

På den internasjonale flyplassen i Zürich er det på ting som tyder på at statsleiarar, konsernsjefar og milliardærar tenkjer på klimaet. Det er nemleg så fullt på parkeringsplassen for privatfly at det sveitsiske luftforsvaret måtte opne ein militær flyplass for å få parkert alle privatflya som svevar over Davos denne veka.

LES OGSÅ: Utfordrende Davos-møte

Ikkje kompisflyging

I Zürich er det plass til 60 VIP-fly medan flybasen Dübendorf tek 30. Dermed må mange privatfly kome tilbake til Davos for å hente éin passasjer når toppmøtet er over på laurdag.

For: Luftfartsstyresmaktene i Sveits melder at det kjem 1.700 privatfly med gjester til Davos. WEF har ikkje lagt opp til kompisflyging til alpelandet når rundt 2.000 delegatar skal vere med å meisle ut ein meir handlekraftig klimapolitikk.

Privatjetselskap som PrivateFly, Netkets og VistaJet fortel magasinet Newsweek at Davos-møtet er den mest hektiske veka i året. Då er alle fly i lufta retning Sveits.

VistaJet opplyser at det kostar mellom 10.000 og 15.000 dollar timen å bruke deira fly – altså om lag 100.000 kroner i timen.

LES OGSÅ: Dette ble Limas klima-arv

Vidare i helikopter

Flyplassane i Zürich og Dübendorf ligg eit stykke frå Davos. Men delegatane ønskjer ikkje å bruke miljøvenlege transportmiddel som buss med plass til mange. Difor har luftforsvaret i Sveits sett inn helikopter som fraktar dei prominente delegatane til Davos.

Men mange hyrer inn private helikopter. I fjor steig helikoptertrafikken på flyplassen i Zürich kraftig. Rundt 20 prosent av delegatane brukte hjulvisp for å nå fram til toppmøtet.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Rike rikare

Samstundes som verdas rikaste kjem til Davos, melder hjelpeorganisasjonen Oxfam at 1 prosent av jordas befolkning vil neste år eige meir enn halvpartens av verdas verdiar.

Blant dei mange som kjem til Davos i privatfly er Microsoft-gründer Bill Gates. Vel framme kan han ha klimasamtalar med ei rekkjer nordmen som også er på WEF: statsminister Erna Solberg (H) og utenriksminister Børge Brende (H), næringslivsleiarane Jon Fredrik Baksaas frå Telenor, Rune Bjerke frå DNB, Orkla-eigar Stein Erik Hagen, Jens Ulltveit-Moe frå Umoe, Svein Richard Brandtzæg frå Hydro – eller venen frå Skaugum. Kronprins Haakon er ein Davos-veteran.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima