Stoltenberg-utvalet la i går fram rapporten med framlegg til korleis dei mest hjelpetrengjande narkomane kan få betre hjelp. Eit av forslaga er å opprette fleire statlege mottaks- og oppfølgingssenter. Samstundes veit Vårt Land at det i går stod minst 97 ledige behandlingsplassar for narkomane ledige rundt om i landet. Tala kjem frå ei uoffisiell rundspørjing som Hovedorganisasjonen for handel og tenester i Noreg (HSH) har gjort blant nokre av sine 56 medlemmer som tilbyr rusbehandlingstenester.

 

Tilbodet er der. Torbjørg Aalborg er direktør for feltet helse, utdanning, kultur og frivillige organisasjonar ved HSH. Ho meiner ein må jobbe for å ikkje miste dei private, ideelle aktørane innan rusomsorga.

- Det er synd dersom det offentlege vert åleine her. Dei ideelle organisasjonane er ofte meir fleksible og nærare brukarane, meiner Aalborg, som understrekar at det også er behov for ein offentleg rusbehandling.

Ho er overbevist om at ventekøen for dei narkomane kunne ha vore kortare, dersom det berre var opp til dei ideelle organisasjonane.

- Eg veit det er mange av dei frivillige organisasjonane i Noreg som ville ha tilbydd behandling for rusavhengige, dersom rammene hadde vore betre for dei.

 

Ingen respons. Administrerande direktør for Bergensklinikkene, Erling Pedersen, stadfestar langt på veg påstanden frå Aalborg.

- Vi har ledig kapasitet som kan nyttast til å møte ventelistene, køane og behova som finst. Vi har tilbydd det regionale helseføretaket sju senger som kan takast i bruk dersom dei ønskjer det, men har ikkje fått noko respons. Bergensklinikkene held til i ein by som har flest overdosedødsfall i Noreg, samstundes som at Helse Vest har det dårlegaste behandlingstilbodet i høve til folketalet. Pedersen meiner ballen no ligg hos politikarane.

- Helseministeren må syte for like god behandlingsdekning i alle helseregionar. Det er galt at det i somme helseregionar berre er halvparten så mange behandlingsplassar i høve til folketalet, samanlikna med andre regionar.