Nyheter

Kyrkjefond skaper bygdeopprør

Den norske kyrka skal få store inntekter frå småkraftverk. I Telemarks-bygd skaper kraftselskapet til kyrkjefond opprivande strid.

«Ein er kjend med at OVF gong på gong bare har ein agenda, å få mest mogleg avkasting på eigedomane utan å ta nokon som helst omsyn til konsekvensane for lokalsamfunna», skriv sinte lårdølar i eit brev til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Opplysningsvesenets fond (OVF) skal forvalte det norske kyrkjegodset til det beste for Den norske kyrkja. Kyrkjefondet rår i dag over vel sju milliardar kroner i form av verdipapir og fast eigedom.

I åra som kjem skal banda mellom stat og kyrkje bli slakkare, og kyrkja treng pengar å tære på. OVF arbeider difor med prosjekt som på sikt skal styrkje økonomien i Norges største kyrkjesamfunn.

LES OGSÅ: Mener atomkraft kan redde miljøet

Enorm verdi

Vasskraftutbygging er eit slikt prosjekt. Men faren for opprivande, lokale konfliktar er til stades. I bygda Lårdal i Vest-Telemark er bygdefolk rasande på Opplysningsvesenets fond og kraftselskapet deira, Clemens Kraft, som vil byggje eit kraftverk i elva.

I eit opprop har 116 underskrivarar denne oppmodinga til NVE:

«Me vil at dei komande generasjonar skal oppleve og glede seg over Lårdals unike natur. Me vil ha åi slik ho er. Me vonar og bed at alle dei som skal vurdere denne saka ser den enorme verdien Lårdalsåi har. At dei ser framover, og ser kor viktig det er å verne den for etterkomarane våre».

Brevet, som er sendt NVE som ei høyringsfråsegn, representerer godt over halvparten av dei fastbuande i Lårdal. NVE skal i løpet av komande halvår skal NVE seie nei eller ja til vasskraftutbygginga i Lårdalsåi.

LES OGSÅ: Kampen om vann kan føre til krig

Lagt i røyr

I Lårdal eig OVF Eik prestegard, og er med det eigar av fallrettar i Lårdalsåi då elva renn over eigedomen. Saman med eit knippe private grunneigarar og Vest-Telemark kraftlag har OVF skipa Eik falleigarlag. Selskapet har søkt NVE om konsesjon til å byggje eit småkraftverk i Lårdalsåi.

Får Eik falleigarlag grønt lys, blir store delar av Lårdalsåi lagt i røyr. Dette opprører bygdefolket. I Lårdal har ikkje motstandarane lyst til snakke ope om det omstridde prosjektet. Dei viser til protestbrevet. Det som skal seiast blir sagt der.

«Det er i dag kraftoverskot i Noreg og prisane på krafta er på historisk lågnivå, kvifor ein då med hjelp av subsidiar som er svært omtvista vil leggje Lårdalsåi i røyr er uforståeleg.»

Småkraftverket i Lårdalsåi vil kunne produsere kraft verd omtrent 3,6 millionar kroner med dagens straummprisar – nok til om lag 600 husstandar.

LES OGSÅ: Grønt lys for strømkabler til Tyskland og Storbritannia

Stolte utbyggjarar

OVF er storeigar i fast eigedom. Over heile landet eig og forvaltar kyrkjefondet prestegardar, som mange stader store utmarkseigedommar. Fleire stader renn det elever over eigedommane. Til å handtere småkraftutbygginga har OVF etablert dotterselskapet Clemens Kraft.

Dagleg leiar Ronny Solberg freistar med gode løysingar til alle som har fallrettar i ei elv:

«Har du et prosjekt som du ønsker å få realisert så kan du alliere deg med oss, så skal vi sammen med deg legge fornuftige planer for din utbygging, der prosjektet blir optimalisert, så både du og dine barnebarn blir stolte av den utbyggingen som er gjennomført», skriv han i ei brosjyre.

LES OGSÅ: Vil opprette et grønt «Statoil»

Børs og katedral

I Clemens Kraft erkjenner dagleg leiar Ronny Solberg at dei balanserer mellom børs og katedral.

– Men vi skal skape verdiar som skal kome Den norske kyrkja til gode. Vi skal naturlegvis ta miljøomsyn. I desse sakene er det NVE som avgjer. Seier dei nei og brukar miljøargument, så respekterer vi naturlegvis det.

– Kor stor er avslagsprosenten?

– Vi har til no fått ja på rundt halvparten av konsesjonssøknadane våre.

Solberg peikar på at vasskraft er den mest miljøvenlege energikjelda Norge kan byggje ut, og at OVF og Clemens Kraft gjerne vil vere med å utnytte denne.

– Men i Lårdal vil dei ha ei buldrande elv, ikkje ei elv i røyr?

– No vil ikkje alt vatnet forsvinne. Kravet er at det alltid skal renne noko vatn i elva.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter