Sveitsarane sa søndag nei til minaretar (bønnetårn) på moskear i ei folkerøysting. Tysdag gjekk generalsekretær Bjørn Wegge i Norsk Misjon i Øst ut i Vårt Land og sa at muslimane no får oppleve korleis det er å vere ein religiøs minoritet. «Håpet mitt er at dette kan føre til at de kan erkjenne hvor vanskelige forhold de kristne i Midtøsten og Nord-Afrika lever under», sa Wegge.
LES OGSÅ: Kirken hardt ut mot forbud mot minareter
Olav Fykse Tveit, avtroppande generalsekretær i Mellomkyrkjeleg Råd og påtroppande generalsekretær i Kyrkjeverdsrådet (KV), meiner Wegge kunne spart seg for desse kommentarane.
Eg trur han oppnår det motsette av det han ønskjer å gjere situasjonen vanskelegare for kristne i muslimske land ved at det blir eit høgare konfliktnivå. Det kan skade dei kristne.
LES OGSÅ: 'Muslimer får smake egen medisin'
Boomerang. Fykse Tveit meiner dette kan auke inntrykket av at kristne i Pakistan og andre muslimske land er ein forlenga arm for vestleg påverknad og kan bli tekne til inntekt for å støtte vestlege «fornærmingar».
Men dei ønskjer å vere kristne på eigne premissar og ikkje «vestlege kristne», held Fykse Tveit fram.
LES OGSÅ: Sveitserne sier ja til minaret-forbud
Feil mål. Den internasjonale kyrkjeleiaren meiner Wegges utsegn også gir muslimar i Europa ansvar for noko dei ikkje kan gjere noko med.
Normale innbyggjarar i europeiske land blir identifiserte med undertrykkjande regime, men dei kan ikkje stå til ansvar for kva regima i Pakistan og Egypt gjer, seier han og legg til:
Slike utsegner frå kyrkjeleg side kan legitimere andres islamfrykt, eventuell diskriminering av muslimar.
LES OGSÅ:
Fridom for alle. Olav Fykse Tveit seier også at om kristne verkeleg ønskjer religionsfridom for alle, må dei passe på legitimiteten i det dei seier.
Wegges utsegn kan så tvil om dei kristne verkeleg har eit ønske om at alle skal få vere seg sjølv, seier Fykse Tveit, som seier han går så hardt ut mot Wegge fordi det er uheldig om misjonsleiarens utspel blir tolka som kva den norske kyrkja meiner om saka.
Fykse Tveit skal over nyttår sjølv flytte til den nye jobben i Kyrkjeverdsrådet med hovudsete i Sveits.
Det uroar meg at det sveitsiske folkedjupet er så redd og avvisande overfor muslimar sin plass i samfunnet. Særleg i forhold til at landet har hatt ein tradisjon for å vere nøytral i store konfliktar og ei lang og viktig historier i å skape forsoning, avsluttar Fykse Tveit.






