Tidlegare sentralstyremedlem i KrF Kristin Aase rykkjer ut med sterk støtte til dagens nestleiar Inger Lise Hansen. Sjølv vart Aase skyvd ut av partileiinga i 1989 etter at ho gjekk på tvers med KrFs nei til fri abort.
LES OGSÅ: Hansen hylles av støttespillere
LES VÅRT LANDS NETTLEDER: Samlende Hareide
Aase seier til NRKs Politisk kvarter at situasjonen er betre no enn i 1989:
- Den gongen skaut dei frå hofta, no tenkjer dei seg om. Det er ei stor forbetring, seier Aase og legg til:
LES OGSÅ: KrFU-lederen spår debatt om Høybråten
- Den gongen var det ingen av mine allierte som gjekk ut med støtte til meg. Dei ville ikkje risikere sine eigne karrierer, og eg støtta dei i det. No går Inger Lise Hansens støttespelarar ut med støtte til henne, seier Aase.
DEBATTER: Ja til Inger Lise Hansen
Aase kallar Hansens utspel for eit åpenheitsprosjekt og åtvarar mot stengde prosessar. Ho vil ikkje svare på om partileiar Dagfinn Høybråten er rette mannen til å leie KrF, fordi ho ikkje «veit korleis han fungerer internt».
LES DAGFINN HØYBRÅTENS «KRFS KONTRAKT MED VELGERNE» PÅ VERDIDEBATT.NO
I eit innlegg i Aftenposten i dag skriv Aase at KrF treng meir open debatt mellom fløyane i partiet. Det har, legg ho til, nestleiar Hansen gjort sitt til.
LES OGSÅ: KrF-historiker: - Hansen har satt karrieren på spill
«Men nå trenger hun støtte fra sine liberale meningsfeller. Inger Lise Hansen setter sitt politiske liv på spill for å ta KrF til å ta noen avgjørende grep når de nå skal utforme en politikk for fremtiden.»
«Nå må alle som støtter henne, enten de støtter åpenheten eller politikken, komme på banen», skriv Aase.
Aase som også på 80-talet var leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom, gjorde det i NRK klart at ho i dag ikkje er medlem av KrF.
LES OGSÅ: Inger Lise Hansen sjokkerte KrF






