Varaordførar Aud Kvalbein i Oslo føreslo nyleg redaktør Vebjørn Selbekk og generalsekretær Per Edgar Kokkvold som vinnarar av Fritt Ords pris. Men ho meiner det var gale av Dagbladet å trykke teikninga av Muhammed som ein gris. Difor blir det ikkje noko forslag frå henne om at Dagbladet skal få nokon pris for trykkinga som no utløyser demonstrasjonar i Oslo.
LES OGSÅ: KrF vil prise Selbekk for Muhammed-tegninger
Gris. Eg er ikkje for i hytt og pine å trykkje teikningar av Muhammed som gris. Det vi ville heidre Selbekk og Kokkvold for, var at dei stod opp mot den farlege sjølvsensuren som eg meiner presse og kringkasting la på seg i karikaturstriden, seier Kvalbein til Vårt Land.
LES OGSÅ: Mange muslimer reagerer på Muhammed-protest
Ytringsfridom. I brevet til Fritt Ord skreiv Kvalbein dette om grunngjevinga for å gje prisen ti dei to:
«Begge har konsekvent og prinsipielt forsvart ytringsfriheten i forbindelse med den såkalte karikaturstriden:. Redaktør Vebjørn Selbekk startet en debatt som satte søkelyset på grunnleggende samfunnsverdier gjennom sin redaksjonelle omtale av bakgrunnen for trykkingen av Muhammed-karikaturene i den danske avisen Jyllandsposten. Samtidig trykket han en faksimile av disse i avisen Magazinet i januar 2006. Generalsekretær i Norsk Presseforbund Per Edgar Kokkvold forsvarte ut fra prinsipiell tenkning Selbekk, som til da hadde vært en ukjent redaktør i en liten norsk avis. Etterspillet er velkjent med brente ambassader, boikottaksjoner, drapstrusler og til nå fire år med politibeskyttelse. Da redaktør Vebjørn Selbekk valgte å trykke karikaturene for fire år siden var det med fokus på den politisk korrekte selvsensuren som hersket i så vel danske som norske medier.»
LES OGSÅ: Dagbladet brukt for å hisse opp stemningen
Krenkje. Kvalbein minner om at teikninga Dagbladet trykte i saka om ei lenke frå Hysj-politiet (PST) si nettside, ikkje er ein av karikaturane som Jyllandsposten trykte. Det er ei teikning laga av ein jødisk busetjar som ville håne Muhammed, ei teikning som har skapt store opptøyer tidlegare.
Ho meiner det var råd å skrive om lenka utan å trykkje teikninga som ho meiner kan verke krenkande.
Kva slags nyheitsvurdering var det trykkje den teikninga? spør Kvalbein.
Magazinet ville skrive om sjølvsensuren som var blitt eit problem. Det er ikkje noko poeng å krenkje med hensikt, og det var ikkje det Magazinet gjorde, seier Kvalbein.






