Handlingsplan mot uønskte svangerskap set inn krefter for å få ned det urovekkjande høge aborttalet blant kvinner mellom 20 og 24 år.

Nesten kvart tredje svangerskap (30,6 prosent) i denne aldersgruppa endar i abort.

- Svært høgt. - Dette er svært høgt, seier statssekretær Tone Toften i Helse- og omsorgsdepartementet til Vårt Land.

I dag kjem den nye handlingsplanen frå Helsedirektoratet. Den gamle gjekk ut ved nyttår for vel eitt år sidan. Direktoratet hadde klar eit forseinka utkast til plan seinhaustes. Men departementet var ikkje nøgd og ville mellom anna ha sterkare vekt på aldersgruppa der aborttalet hos oss er aller høgast - unge kvinner i starten av 20-åra. Dette er ei aldersgruppa der Noreg skil seg ut i høve land vi elles kan samanlikna oss med.

LES OGSÅ: KrF vil gi unge kvinner gratis prevensjon

Aborttalet ned. I dag kjem innstillinga i Stortinget til eit KrF-forslag på same feltet . KrF går mellom anna inn for gratis prevensjon til alle mellom 20 og 24 år som oppfølging av eit prøveprosjekt i Hamar og Tromsø. Aborttalet gjekk ned i dette forsøket, går det fram av ein fersk rapport.

LES VÅRT LANDS NETTLEDER: Ny abortkamp: «En av Kristelig Folkepartis store kampsaker var i sin tid kampen mot kondomer til norske soldater i Tyskland. Det ble hevdet at det var oppfordring til umoral. Derfor vil nok noen reagere når et av KrFs forslag til å få ned aborttallene, er mer gratis prevensjon til ungdom.»

Vurdering. Planen ber om at gratis prevensjon til kvinner mellom 20 og 24 år vert vurdert. Toften har som oppfølging av prosjektet bede direktoratet om ei fagleg vurdering av alle erfaringane frå Tromsø og Hamar. Når det rådet er klart, vil departementet konkludere.

Kostar. I dag brukar det offentlege 23 millionar kroner på gratis prevensjon til jenter mellom 16 og 19 år. Dette er nesten like mykje som dei midlane som er sette av til sjølve handlingsplanen (28 millionar), så Toften er ikkje klar til utan vidare å utvide gratisordninga. Ho vil ha erfaringane fagleg vurdert.

LESOGSÅ: Gratis prevensjon halverte aborttall

Fleire sider. - Vi vil konkludere seinare om alle faktorane i dette prosjektet. Det handlar både om informasjon, holdningsskaping og søkjelys, seier Toften.

KrF ber i Stortinget også om ein plan for halvering av aborttalet innan 2013. Toften seier at det er eit bra mål å strekkje seg etter. Men verken planen eller departementet vil setje slike konkrete mål på papiret.

- Vi veit ikkje om dette er realistisk. Men vi treng betre informasjon, betre tilgang på kunnskap og prevensjon. Vi treng større vekt på personleg ansvar for eiga seksuelle helse og eige liv, seier Toften.

 

6-åringar. Planen legg vekt på å styrkje kunnskapen om seksuell helse, alt frå tidleg alder. Barn heilt frå førsteklasse i barneskulen skal få grunnleggjande forståing av behovet for grenser.

- Yngre er langt meir seksuelt aktive i dag enn for få år sidan. Påverknad frå mange media er sterk. Unge må få kunnskap før situasjonar oppstår, seier Toften.

Det å bevisstgjere barn heilt frå 1. klasse var med i den gamle planen, men er no heva på prioritetslista.

Amathea-kontora (tidlegare AAN) er einaste frivillige organisasjonen som er på statsbudsjettet. Toften seier at «vi er glade for at Amathea er inne på statsbudsjettet». Amathea har fått noko kutt i løyvingane siste åra etter ein Sintef-rapport som rosa tenesta, men påpeikte at rådgjevinga er dyr.

- Amatheas innsats er viktig og bra. Vi forsvarar stadig at Amathea som einaste organisasjon er på statsbudsjettet. Vi kan ikkje love meir midlar enn i dag, ikkje minst i ein situasjon der bruken av ekstra midlar på statsbudsjettet generelt skal ned.

 

Etterverknader. Det har vore mykje diskusjon om kva psykiske etterverknader av abort kvinner risikerer. Toften seier at faktagrunnlaget framleis er usikkert. Men ho gjer det klart at ein del kvinner får slike etterverknader. Planen legg opp til at mellom andre fastlegar, som møter abortsøkjande kvinner, skal bli endå meir bevisste på å informere om risiko for slike etterverknader og støtte kvinnene både før og etter eit abortinngrep.

- Fastlegar må bli endå meir bevisste på dette, seier Toften.