Hos private ultralydlaboratorium aukar pågangen av gravide som vil betale seg til fosterbilete som lova seier nei til.

For opp til 1.200 kroner kvar gong kjøper dei seg til innsyn i fosterlivet alt frå sjette veke i svangerskapet lenge før alle gravide får tilbod i det offentlege helsestellet, og heilt fram til fødselen.

Alle norske gravide får offentleg tilbod om ultralyd kring veke 18. Dersom dei vil ha fosteret fotografert tidlegare i det offentlege helsestellet, treng dei ein medisinsk grunn. Blødingar kan vere eit varsel om at noko er gale. I den politiske dragkampen i Stortinget i 2003 vart medisinske vilkår strekt så langt som til å kjenne uro.

No pressar fagfolk på for å få innført ultralyd til alle kring veke tolv. Men i ly av den politiske debatten, aukar pågangen av kvinner som kjøper seg privat ultralyd.?

Pågang. Blant alle butikkane i kjøpesenteret Oslo City tilbyr Oslo City Legecenter også ultralyd. Lege Peter Molnar fører ingen statistikk over kor mange som kjem og kva dei kjem for.

Men størst har pågangen vore av kvinner som har budd i utlandet eller har europeisk bakgrunn: Dei er vane med at alle gravide har dette tilbodet. Men også fleire og fleire med rein norsk bakgrunn kjem, ifølgje Molnar.

Han undersøkjer foster mellom seks og 40 veker gamle og folk kjem for ulike føremål på ulike tider. Pris: 1.200 kroner.

Vi kan finne ut kor langt svangerskapet er komme. Somme vil vite om fosteret er friskt. Somme har mistanke om at noko er gale, seier Molnar.

Fleire vil berre sjå barnet på 3D tredimensjonal ultralyd.

Eg er skeptisk til å bruke dyrt medisinsk utstyr til familiefotografering, for her er det fosterdiagnostikk vi driv, seier Molnar.

På nettsida reklamerer legesenteret likevel med at 3D kan vise «fascinerende bilder av barnet ditt mens det sover eller beveger seg, smiler eller gjesper, og alt mens barnet ditt enda befinner seg inni magen din!»

Ikkje berre Downs. Molnar er klar på at han undervegs i ultralydundersøkinga både ser og måler nakkefalden hos foster kring tolv veker. Denne nakkefalden som ikkje er synleg når kvinnene får tilbod om ultralyd i veke 18, kan gje ein peikepinn på om barnet har utviklingsavvik som Downs syndrom.

Ungarske Molnar har sjølv arbeidd ved Kings College Hospital i London hos professoren som utvikla teknologien for å måle nakkefalden.

Molnar seier at Downs syndrom «er eit avvik ein ofte kan leve godt med».

Men vi kan ikkje redusere denne diskusjonen til berre Downs syndrom. Det er 40 andre farlege lidingar vi kan sjå. Fleire er fleire gonger verre enn Downs syndrom.

Han nemner lidingar der fosteret døyr rett etter fødselen eller etter nokre månader.

Let foreldra velje. Tilrår du foreldre å ta imot eit barn med Downs syndrom?

Eg informerer om kva eg ser og sender dei eventuelt vidare til fagfolk ved ein universitetsklinikk dersom eg har mistanke om at noko er gale, seier Molnar og legg til:

Eg er ein lege som stiller diagnose. Det er pasienten, eller i dette tilfellet foreldra, som avgjer. Ein lege skal ikkje bestemme over kva folk skal velje, svarar Molnar som sjølv er katolikk.

I mange katolske land, som Spania og Italia, har kvinnene dette tilbodet. I alle andre europeiske land får kvinnene tilbod om tidleg ultralyd. Kvifor straffar Noreg sine eigne kvinner?

«Straffar kvinner». I dag er det norske gravide over 38 år som har rett til å få fosterprøve.

Det er urettferdig. Kvifor skal kvinnene over 38 år ha rett til sortering? Det burde vere forbod for alle, eller lov for alle. Kvifor skal ein presse kvinner til den ekstrapåkjenninga det er å gjennomgå ein sein abort av eit alvorleg sjukt foster? Det er ei stor psykisk og fysisk påkjenning samanlikna med ein tidleg abort som berre er ein enkel operasjon. Og kvifor skal vi ikkje tidleg kunne oppdage feil som kan opererast alt medan barnet er i mors liv? seier Molnar.

Åtvaring. Kunnskapssenteret kom i fjor med ein rapport som slo fast at det er lite å hente å tidleg ultralyd for alle. Den viktigaste effekten er at vi lettare kan oppdage foster med Downs syndrom, på grunn av at det kring tolvte veke er råd å måle nakkefalden. Molnar avviser rapporten som «politisk motivert».

Vi kan oppdage 40 alvorlege lidingar. Vi kan i tide også finne ut om det er einegga eller toegga tvillingar for å finne ut om dei ligg i same fosterpose. Det kan vi ikkje sjå i veke 17-18. Det er i ein del tilfelle livsviktig å finne desse, svarar Molnar.