Nyheter

Kampen mot ‘Bibi’

Nye partialliansar i Israel gjer det dei kan for å ta frå Benjamin Netanyahu makta. Skulle Likud-statsministeren likevel halde fram, viser det sentrums maktesløyse.

Her i landet snakkar vi om regjeringsslitasje. Benjamin ‘Bibi’ Netanyahu blei i 2013 den første statsministeren etter nasjonens far, David Ben-Gurion, som vart statsminister for tredje gong. ­Etter det vi ser som politiske tyngdelover, skulle Netanyahu i alle fall blitt bytta ut i år. Men kanskje klarar han å bli vald for fjerde gong.

Faktorane som skulle tilseie maktskifte, står sakleg sett i kø. I sentrum har to parti funne­ ­saman i ein allianse. Bak står det israelske arbeidarpartiet (Labour­) med statsministerkandidat Yitzhak Herzog (son til tidlegare president Chaim Herzog), og tidlegare utanriksminister Tzipi Livni.

LES OGSÅ: Israelsk gruppe kritiserer bombing av Gaza

Dei har kalla alliansen for Zionist Camp – Sionistleiren. Partia har brukt «sionisme» i namnet fordi dei meiner valet står mellom sionisme og ekstremisme. Tidlegare sjef for etterretnings­tenesta Mossad, Shabtai Shavit, har sagt at for første gong sidan han tok til å gjere seg opp meiningar, er han no «uroleg for framtida til det sionistiske prosjektet» – altså staten Israel som ein trygg, ­demokratisk heim for jødar. Slikt er kraftig kost. Det står att å sjå kor mange av veljarane som faktisk ser det slik.

Ikkje ro

Netanyahu har tidlegare kunna framstille seg som ein leiar som kunne garantere ro. Krigen med Hamas i Gaza i sommar og alvorleg uro i ­Jerusalem kunne fått mange på andre tankar. Netanyahu har fått endå fleire­ sentrale tryggingsfolk mot seg, som eks-sjefen for tryggingspolitiet Shin Bet, Carmi­ Gilon: I haust angreip han ­busetjingspolitikken og kalla­ regjeringa ei samling «pyromanar». Forslaget om å definere Israel som «ein jødisk stat» har også skapt strid.

Netanyahus personlege popularitet sokk som ein stein utover hausten, etter den siste Gaza-krigen. Den siste meiningsmålinga­, som kom tysdag, viser likevel at han leier klart framfor Israel Herzog når folket må velje mellom dei to som statsminister­emne. Det hjelper tydelegvis ikkje kor dårleg Netanyahu gjer det. Utfordraren slit likevel.

LES OGSÅ: Israels arabiske partier samles

Det må henge saman med ei vedvarande maktesløyse i sentrum. Ta Tzipi Livni, til dømes. Livni starta si karriere i nettopp Likud. Ho følgde så Ariel Sharon over i det nystarta partiet Kadima­. Men ho tapte for Netanyahu då han vart attvald i 2009. I 2013 kom ho tilbake og gjekk inn i regjeringa til Netanyahu som leiar for eit tredje parti, Hatnuah. Så på kant kom ho med Netanyahu, at han i haust kasta henne og eitt parti til ut for å lyse ut årets nyval.

Livni vil skape fred med ­palestinarane – men skifter altså sjølv parti så fort det buttar i mot. Det er eit kjenneteikn ved eit ­levande israelsk demokrati­ – og ei vedvarande avmakt i sentrum.

Omstridd i USA

Sentrum burde­ ha gode kort i Netanyahus internasjonale omdømme. Han kom ikkje godt ut av det ­under gjestinga i anti-terrormarsjen i Paris. Forholdet til Obama-­administrasjonen blei ikkje betre då Netanyahu nyss blei invitert til USA for å tale om Irans atomvåpenprogram i Kongressen. ­Invitasjonen skjedde bak ryggen på Obama. Same kva ­Netanyahu seier om føremålet for talen – han vil bruke dette som valkamp. Difor bad han også om at talen blei flytta tett opp mot valet 17. mars. Men slår toktet tilbake på han sjølv? Tida vil vise.

Det står strid om Netanyahu sama kvar han er. Men like fullt er det altså ingen som spår at han taper. På meiningsmålinga tysdag fekk «Zionist Camp» rett nok ein framgang som gav dei 26 mandat av 120, mot Likuds 23. Ei lita vitamininnsprøyting for ­opposisjonen halvannan månad før valet. Men det er eit godt stykke­ igjen til at dei har ein koalisjon som kan vippe Netanyahu vekk.

LES OGSÅ: Israels president imot Netanyahus straffetiltak

Ei blokk som prøver å hjelpe til for eit maktskifte, er dei arabiske partia. Den svært høgreorienterte utanriksministeren Avigdor Lieberman kjempa for å heve sperregrensa for å komme inn i nasjonalforsamlinga Knesset frå 2 prosent til 3,25. I eit land med svært mange småparti kunne det vere fornuftig. Poenget frå Lieberman var å hindre at dei arabiske partia kom inn. Men dei har klart å samle seg om ei felles liste. Den siste meiningsmålinga tyder på ein framgang frå dagens elleve mandat i sum kvar for seg. Men klarar ei samling av kommunistar og islamistar å samle seg i opposisjon?

Maktesløyse

Det store spørsmålet er korleis eit fleirtal skal sjå ut. Somme snakkar om ein storkoalisjon av Likud og Zionist Camp. Det ville verkeleg vise maktesløysa dersom Livni­ og Herzog går saman med ­Netanyahu som vil halde fram busetjingspolitikken.

Netanyahu på si side kan kanskje skape fleirtal til høgre. På ytste høgre kant står Naftali Bennet og partiet Habayit Hajehudi­. Dette er det einaste partiet som har programfesta nei til ein ­palestinsk stat.

17. mars får vi vite om dei maktes­lause likevel klarar å skaffe seg makt.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter