Generalsekretær Shoaib Sultan i Islamsk Råd stør kravet frå Det Mosaiske Trossamfunn om ei kartlegging av hat mot jødiske skuleelevar.

Eg er samd i kravet om ei kartlegging. Det bør ikkje berre handle om muslimske barn, men om ungdommar generelt. Eg har sett jødehat i reine norske skuleklassar, sa Sultan i Dagsnytt 18 i NRK måndag kveld.

Han ønskjer å kartlegge for å finne målretta tiltak.

Anne Sender i Det Mosaiske Trossamfunn var glad for at det er norske lærarar som no seier frå, sjølv om det skjer anonymt og at det ikkje var jødiske barn som måtte seie frå. Ho meinte at norske skuleleiarar må ta ansvar som leiarar slik at lærarar som ser jødehat, får støtte for å konfrontere det og stå ope fram.

Sara Asmeh Rasmussen viste til at det i Europa alt er gjort ei kartlegging, av Europeisk Senter mot Rasisme. Den viste ein klar tendens til aukande jødehat, iscenesett av to grupper: Høgreekstreme og innvandrarar frå Midtausten.