Human-Etisk Forbund skriv i ei pressemelding «I forbindelse med Kari Vigelands uttalelser om eventuell avslutning av helbredende behandling av de eldste i vårt samfunn» at dette ikkje har vore behandla i forbundet.

Kari Vigeland uttaler seg ikkje på vegne av Human-Etisk Forbund, heiter det i meldinga.

LES OGSÅ: Dåvøy (KrF): Inhumant av Kari Vigeland

Vi synest ikkje det er klokt å drøfte dette temaet i samband med ei komande eldrebølgje, uttalar generalsekretær i HEF, Kristin Mile.

Nyansar. Levi Fragell som leier foreningen Retten til en verdig død, meiner Kari Vigeland delvis er misforstått. Han har aldri oppfatta at ho meiner dei eldste over ein viss alder ikkje lenger skal få medisinsk behandling.

LES OGSÅ: «Vi må la dei aller eldste døy»

Men når ho snakka om folk som er i slutten av 90-åra og passerer 100, det skulle ho ikkje sagt, seier Fragell som til liks med Vigeland er tidlegare generalsekretær i Human-Etisk Forbund. Ho er også styremedlem i Forneingen retten til en verdig død.

Enig. Han er enig i det Vigeland sa i intervjuet med Vårt Land, sjølv om han meiner tittelen «Vil ta kroner og piller frå dei eldste» ikkje er dekkjande for innhaldet.

I nokre tilfelle der folk ikkje har livskvalitet eller der det handlar om stor medisinsk innsats til ingen nytte, er det rett å slutte å behandle. Det meiner eg, og det meiner foreninga vår, seier Fragell.

Difor synest han Stein Husebø går lengre enn Kari Vigeland når han i intervjuet med Vårt Land snakkar om milliardar som blir brukt til ingen nytte på svært sjuke gamle som vert lagde inn på sjukeheim etter at dei kjem frå sjukehus.

100 år og svigermor. Fragell og 44 andre er invitert av svigermora hans på danskebåten - dei skal feire 100-års dagen hennar.

Ingen i min krins meiner at dersom ho får svineinfluensa, skal vi nekte henne Tamiflu, seier Fragell.