Nyheter

Han avslører foreldre som mishandlar eigne barn

Overlege Torkild Aas finn det foreldre vil skjule. Omsorgssvikt, mishandling og regelrett tortur. Nokre mishandlingssaker ender med drap.

Vi vil ikkje sjå røyndommen.

Vi gjev foreldre fleire positive 
eigenskapar enn dei har.

Vi bagatelliserer faren barn er i, vi distanserer oss frå skuggesidene; angsten, lidinga og einsemda.

Dei som skriv dette i Tidsskrift for Den norske legeforening, er to røynde barnelegar, Jens Grøgaard og Sverre Halvorsen, og ein barne­vernsnestor, Kari Killén. Dei 
forklarar kvifor helsepersonell og pedagogisk personell overser barne­mishandling.

– Vi trur eigentleg ikkje at nokon vil barn vondt. Difor vil vi vere mange
 gonger 100 prosent sikre før vi melder frå om mishandling. Men det er mykje betre å melde foreldre
som er uskuldige enn å oversjå barn som blir mishandla, seier Ada 
Sofie Austegard. Ho leiar Stine 
Sofies Stiftelse, Norges einaste organisasjon som kjempar for å styrkje barns rettstryggleik.

Christoffer-saka trefte Norge midt i magen.

Åtte år gammal døyde Christoffer Gjerstad Kihle av mishandling vinteren 2005. Han blei banka opp av stefaren. Hjelpeapparatet såg ikkje mishandlinga. Politiet såg ikkje drapet. To gonger blei Christoffers sak lagt vekk. Sjå betre etter, kravde Riksadvokaten.

Ein vekkjar. I 2008 blei stefaren dømt for «legemsbeskadigelse med døden til følge under særdeles skjerpende omstendigheter». Seks års fengsel utan vilkår, sa Tønsberg tingrett. Åtte års fengsel, sa Agder lagmannsrett året etter. Eitt år meir enn det aktor kravde.

Christoffer-saka er ein vekkjar, sa nordmenn då dommen fall.

Kvar dag blir barn i Norge mishandla. Justisdepartementet vil vite
kor mange. Difor måler Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) valden jamleg for departementet. Målingane fortel at valden aukar, og det skuldast at vald mot barn får meir merksemd.

Vitne til vald. Valdsmålinga er ikkje ei måling av mengde vald, men talet på saker som i løpet av ei veke blir registrerte i hjelpeapparatet: barnevern, legevakt, politi, krisesenter og sosialkontor.

Siste måling, ei tilfeldig veke i september 2012, gav i alt 2.179 saker. 43 prosent handla om barn. På sju av årets 365 dagar blei det registrert at 655 barn hadde blitt banka opp og 253 hadde vore vitne til vald. Forskarane bak målinga skil ikkje dei to gruppene:

– Ei rekkje undersøkingar dei seinare åra har vist at å vere vitne til vald i familien kan føre til like store belastningar og psykiske traume for barnet som sjølv å bli utsett for vald, seier Per Hellevik og Ole Kristian Hjemdal i NKVTS.

– Mørketala er store, men merksemd får fleire saker fram i lyset, seier barnelege Torkild Aas og låser opp rommet inst i gangen på Barne­senteret på Oslo universitets­sjukehus (OUS).

Vårt Land har henta ut tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for tiårsperioden 2003-2012. Dei viser at terskelen for å fortelje barnevernet om mistanke om mishandling og omsorgssvikt, er blitt høvla kraftig ned dei siste ti åra.

I 2003 starta barnevernet 4.441 undersøkingar etter tips frå naboar,
barne­hagar, skular, helsestasjonar, 
legar, asylmottak eller politi. Ti år seinare er talet på undersøkingar nesten blitt tredobla til 10.436.

Torkild Aas trudde ei tid han hadde sett det verste. No skal det litt til for å ryste barnelegen. I 20 år har han møtt mishandla barn. Dei som kjem til OUS blir tatt inn på undersøkingsrommet. Ein sofa, to stolar. Eit skrive­bord, ein undersøkingsbenk. Eit rom for å avdekkje kjærleikslause handlingar.

– Mange kjem hit saman med foreldre, andre i følgje med barnevernet, fortel den røynde barnelegen og koplar ein disk med foto til PC-en på skrivebordet. Aas veit kva han skal sjå etter når mistanken om mishandling blir vekt.

Tortur. Vi får sjå bilete av barn som er blitt sparka, slått, piska, kasta i veggen, dyppa i kokande vatn og brent med strykejern. Overlegen syner fram ei verd der barn blir mishandla.

– Vi møter barn som blir regelrett torturerte, seier Aas.

Kunnskapssenteret har kartlagt kven som øver psykisk vald, og kven som slår. Mor. Far. Mors nye kjærast. Fars nye kjærast. Og menn slår meir enn kvinner.

Frå alle samfunnslag. Barnelegen Jens Grøgaard veit også mykje om kven som mishandlar barn. Eigentleg er han pensjonert leiar av Barnesenteret på OUS, men klarar ikkje å leggje vekk kampen for å gjere verda tryggare for dei minste. No er han sakkunnig i valdssaker mot barn og rådgjevar i Helsedirektoratet.

– Omsorgspersonane som mishandlar barn og stebarn kjem frå alle samfunnslag, fortel Grøgaard.

Stine Sofies Stiftelses kartleggingar syner det same:

– Høg og låg samfunnsposisjon, du finn dei alle blant dei som mishandlar eigne barn, seier leiar Ada Sofie Austegard.

Grøgaard, som har arbeidd med mishandla barn i eit langt legeliv, seier det er eit fenomen som det er verdt å leggje merke til:

– Dess høgare opp i samfunns­laga vi kjem, jo flinkare er foreldre 
og steforeldre til å løyne mishandlinga.

I andre enden av skalaen ser 
Grøgaard grupper som skil seg ut. Dei som slit med å få kvardagen til å hengje saman, og innvandrarforeldre.

Statens barnehus i Oslo og 
Kristiansand stadfester dette. I saker der det er mistanke om vald mot barn, er foreldre med minoritetsbakgrunn overrepresenterte. Nesten halvparten av dei som kom til dommaravhøyr på Barnehuset i hovudstaden i 2012, hadde ikkje to etnisk norske foreldre.

Drepne barn. Rettsmedisinaren Torleiv Ole Rognum har avslørt det mange gonger. Barnet som ligg på benken på Rettsmedisinsk institutt i Oslo døydde ikkje naturleg, ei heller som følgje av ei ulukke. Barnet blei drepne av dei som skulle ta vare på det.

Rognums jobb er å obdusere barnet, finne ut kvifor det døydde. Kvart år avdekkjer rettsmedsinaren og kollegaene grufulle sanningar:

Barn i Norge døyr som følgje av omsorgssvikt, mishandling eller 
regelrette drap.

– Her gjer eg ein meiningsfull jobb. Her kjem sanninga for ein dag.

Han fortel at foreldre eller steforeldre mishandlar spedbarn til døde ved å filleriste dei, gjerne for å få det til å teie stille. Han fortel at babyar som blir rista kraftig får blødingar utanpå hjernen, skader i sjølve hjernen og i netthinnene til augo.

– I dei grovaste tilfelle døyr barna av skadane. Andre blir multihandikappa og dei heldigaste kan sleppe unna med konsentrasjonsvanskar når dei veks opp.

Meir etterforskning. 2012 er ferdig analysert. 38 barn i alderen 0-4 år døydde utan forvarsel det året. 34 døydde ikkje av noko mistenkjeleg.

– Tre døyde som følgje av omsorg­svikt, og det siste dødsfallet var eit klart drap, fortel Rognum.

Les meir i Vårt Lands papirutgåve 3. mai.

Måndag 5. mai: Foreldre kan nekte undersøking av dødsstad når spedbarnet deira døyr brått og uventa

Les mer om mer disse temaene:

Kjell Kvamme

Kjell Kvamme

Kjell Kvamme er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter