Nyheter

Høie vil ikkje gi meir pengar til prevensjon

Helseministeren avviser forslag frå Sp og KrF.

Helseminister Bent Høie (H) vil ikkje subsidiera langtidsprevensjon, slik KrF og Sp ønskjer.

I oktober skreiv Vårt Land om ein ny rapport, som viste at nesten fire av ti kvinner som søker abort har brukt prevensjon. Forskarane bak meinte at langtidsverkande prevensjon, som spiral, p-stav og p-sprøyte, vil kunne senke aborttala.

Tidlegare i år foreslo KrF gratis langtidsprevensjon til dei mellom 20 og 24 år, som er den gruppa som har flest svangerskapsavbrot. I dag er denne prevensjonen berre subsidiert fram til fylte 20 år.

– Ein p-stav varer i mange år. Ein p-pille er lett å gløyme, sa KrF-politikar Olaug Bollestad.

LES OGSÅ: Brukte prevensjon, blei gravid, tok abort

Vil subsidiere

KrF fekk delvis støtte frå Kjersti Toppe, lege og stortingsrepresentant for Senterpartiet (Sp). Ho meiner utvida subsidiar kan vere ei løysing.

– Kan vi gjere dei langtidsverkande prevensjonsmidla, som er sikrare, billegare, til dei mellom 20 og 24 år, så trur eg det er vegen å gå, sa ho da rapporten kom ut.

Men leiaren for Stortingets helse- og omsorgskomité, Kari Kjønaas Kjos (Frp), gjorde det klart at stortingsrepresentantane kan sjå langt etter ei ny ordning.

– Vi har ikkje bevilga ekstra pengar for å utvide aldersgruppa for subsidiert langtidsprevensjon, sa Kjos.

LES OGSÅ: – Prevensjon for menn kjem snart

– Ikkje billegare

Toppe sendte sitt forslag inn til helseminister Bent Høie (H). Men han meiner heller ikkje at subsidiar er nødvendig. Ifølgje Høie blir langtidsprevensjon billegare enn p-pillar, om ein ser heile brukartida under eitt.

«Langtidsverkande prevensjonsmiddel (LARC) omfattar hormonspiral og p-stav, som har ei verketid på 3-5 år. Prisen på LARC er om lag 1.100-1.200 kroner per pakning; tilsvarande 59-95 kroner for tre månaders bruk. Dei mest brukte p-pillene blant kvinner i aldersgruppa 20-24 år kostar frå 90 til 300 kroner for tre månaders bruk», skriv han, og legg til:

«Sjølv om LARC er dyrare enn 'vanlege' p-pillar per pakning, er dei altså billegare i bruk når ein ser heile verketida under eitt.»

Helseministeren ser derfor ikkje at det er naudsynt med ei særskild økonomisk ordning.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter