Nyheter

Går hardt ut mot Afrika-selfies

– Nordmenn knipsar selfies med afrikanske barn som om dei skulle vore på safari, seier bistandsaktør.

Folkeskikken blir lagt att heime­ når nordmenn reiser til Afrika, meiner Kåre Eriksen.

Han jobbar i Digni, ein paraplyorganisasjon for det langsiktige utviklingsarbeidet til 19 misjonsorganisasjonar og kyrkje­samfunn i Norge. No vil han ha slutt på oppførselen til nordmenn som er på korttidsbesøk i framande land, spesielt i Afrika.

– Afrikaselfie tek på kornet korleis nordmenn «forsyner seg».

Eriksen hevdar kortidsarbeidarar og teamturdeltakarar først og fremst reiser til sørlege land som turistar som samlar på opplevingar, meir enn at dei faktisk hjelper dei som bur der. Dette gjeld også nordmenn som reiser ut i regi av dei organisasjonane som han sjølv representerer, ­understrekar han.

– Meg, meg og meg. – Afrikaselfien viser at dette handlar om «meg». Nordmenn ser på seg sjølv som om dei er reddande englar, men det dei gjer er å ta seg til rette på ein måte som er heilt uhøyrd i Norge.

– Folk tek selfies overalt, om det så er i Norge, lenger sør i Europa eller USA. Kvifor er ikkje dette greitt akkurat i Afrika?

– Det er greitt med selfie, men det gjer meg uroleg å sjå kor ofte­ ein skokk med barn er med på bilete.Ville nokon på tur i Sverige knipsa ein selfie med ein tilfeldig skokk barn du møtte på stranda? Det er ganske ­utenkeleg, for då ­tenker folk i det minste automatisk på å spørje­ foreldra. Men i afrikanske land skjer dette utan den minste ettertanke.

– Ok å reise. Eriksen understrekar at Digni ikkje er prinsipielt i mot at folk reiser, opplever og vil hjelpe.

– Det er ein grunnleggjande bra tanke, men vi etterlyser meir debatt om effekten av reisene.

Bakteppet for problemet til organisasjonane er at dei tidlegare hadde mange langtidsmisjonærar i Afrika som kunne kultur og språk. No er det derimot korttidsmisjon som er i vinden, som liknar meir på turisme enn misjonsarbeid, hevdar han.

– Djupt uverdig. – Vi vil ha ein debatt om kva desse hordane med unge som svingar inn og ut av Afrika eigentleg bidreg med. Kven hjelper dei? Kva fører innsatsen deira eigentleg til? Alle selfies-bileta som med jevne mellomrom dukkar opp på Facebook tek svaret på ­kornet. Dette handlar om «meg». Nordmenn ser på seg sjølv som om dei er reddande englar, men det dei gjer er å ta seg til rette på ein måte som er heilt uhørt i Norge. Kvar blir det av fotoetikken, spør kommunikasjonsarbeidaren, som synes bileta avslører dette maktrelasjonen og korleis nordmenn forstår oss sjølve i Afrika.

– På selfien framstiller vi oss sjølv i eit godt lys som om vi hjelper, når det vi eigentleg gjer er djupt uverdig.

No er det tid for å oppføre seg og behandle afrikanarar som allminnelig folk.

– Vi må vise alminneleg folke­skikk.

– Trur du foreldra til borna bryr seg?

– Heilt klart. Men det skjer i ein kontekst der det er lett å manipulere. Når du er på besøk og liksom skal hjelpe, så er det vanskeleg å seie nei til at du skal få ta bilete.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter