Nyheter

Frp-Jensen ville ikkje ha sølvpengar

Finansdepartementet har trekt Oljefondet ut av gruveselskapet som hentar ut sølv i Guatemala og truar levegrunnlaget til folka som bur der.

Rådet frå etikkvaktarane i Oljefondet var tydeleg:

«... å utelukke selskapet Tahoe Resources fra Statens pensjonsfond utland (SPU) på grunn av en uakseptabel risiko for at selskapet gjennom sin virksomhet i Guatemala medvirker til grove krenkelser av menneskerettighetene», skreiv Etikkrådet i innstillinga til Finansdepartementet i april i fjor.

No kunngjer Etikkrådet kva finansminister Siv Jensen (Frp) har kome fram til:

«Tahoe Resources var per 1. januar 2015 ikke i fondets portefølje», melder den ferske rådsleiaren, Johan H. Andresen.

Ein gong i løpet av 2014 blei Oljefondets aksjar i det kanadiske gruveselskapet Tahoe selt. Ved årsskiftet 2013-2014 var aksjeposten verdt nesten 90 millionar kroner.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Forgifta miljø

Tahoes sølvgruve i Guatemala ligg vegg-i-vegg med småbyen San Rafael Las Flores, søraust i Guatemala. Då Vårt Land vitja byen i februar i fjor, møtte vi mange som kunne fortelje historier om eit utanlandsk selskap som tok seg til rette – med Guatemalas styresmakter i ryggen.

- Vi ser lite til rikdommen. Vi står berre att med det som vi fryktar vil ­forgifte miljøet vårt, slagghaugane og vassbassenga som vil forureine jorda vår, sa ostebonde og agronom Oscar Morales.

Morales, som også leiar Komiteen til forsvar av livet i San Rafael Las Flores, hadde denne helsinga til norske politikarar:

– Noko av gifta kjem frå Norge, frå eit oljefond som gjer nordmenn rikare, og ­guatemalanarar fattigare.

LES OGSÅ: KN refser gruveselskap - eide aksjer i samme selskap

Kjøpte seg opp

I presentasjonane Tahoe legg fram for potensielle investorar, blir Escobal-gruva i San Rafael Las Flores presentert som ei sølvkanta investering.

Fram til 2032 skal ein hente ut 367,5 millionar unser med sølv, truleg til ein snittpris på 25 dollar per unse. Tahoes tal fortel at selskapet reknar med å hente ut sølv verdt nesten 18 milliardar kroner i løpet av 20 år.

Guatemala har svært låge ­skattar. Tahoe betaler 1 prosent i tvungen royalty og 4 prosent i frivillig royalty. I tillegg krev staten inn 5 prosent skatt på salsinntektene. Samla betaler Tahoe rundt 300 ­millionar kroner årleg i skatt.

Frå 2011 til 2014 kjøpte Oljefondet seg opp i Tahoe. Sølvinntektene var freistande gode.

- Oljefondet i Norge blir større­ som følgje av gruve­investeringar, og livskvaliteten i Norge aukar. Her blir livskvaliteten svekka, sa bonden og aksjonisten Oscar Morales til Vårt Land.

LES MEIR: Utvalg vil utelukke klimaverstinger, men ikke kull

Brukar militærmakt

I innstilling til Finansdepartementet skriv Etikkrådet dette om menneskerettsbrot ved sølvgruva:

«Protestbevegelsen og menneske- og urfolksrettighetsorganisasjoner mener at selskapet og myndighetene bruker vold, trusler, vilkårlige fengslinger og militærmakt for å bekjempe, sverte og kriminalisere legitime menneskerettighetsforkjempere.

Rådet skriv vidare at kontoret til FNs høgkommissær for menneskerettar i Guatemala melder at de «som kjemper for økonomiske-, sosiale-, kulturelle- og miljørettigheter i forbindelse med utvinningsprosjekter» er «særlig utsatte» i Guatemala. Gruveutbygginga i San Rafael las Flores bli brukt som eit døme på dette i 2013-rapporten til FNs menneskerettskommisjon.

Ville vegar

Leiinga i Tahoe meiner Etikkrådet er på ville vegar. «Selskapet mener at rådets analyse bygger på unøyaktige presseoppslag og spekulasjoner uten faktagrunnlag», skriv rådet i innstillinga til Finansdepartementet. Før rådet innstilte på uttrekk, hadde dei mange rundar med Tahoe.

I Guatemala blir avgjerda til finansminister Siv Jensen (Frp) om å kaste ut Tahoe frå Oljefondet helsa velkomen.

– For alle som arbeider med å styrkje menneskerettane her i landet er dette godt nytt, fortel Kristina Rødahl, leiar av Kirkens Nødhjelps (KN) arbeid i Mellom-Amerika og Karibia.

– Folk her peikar ofte på det motstridande i at Norge på den eine sida støttar urfolks kamp for sine rettar i Guatemala og på den andre sida investerer i nettopp dei selskapa som er med på å bryte de. Når Oljefondet no har trekt seg ut av Tahoe, gjev Norge inntrykk av ein meir samstemt utanrikspolitikk, påpeikar Rødahl.

Då Vårt Land snakka med KN-leiaren for eit år sidan i Guatemala sa ho at «overgrepa som skjer mot menneska her er eit trist døme på kva som skjer når lokalbefolkninga korkje blir konsultert, høyrt eller tatt omsyn til, sjølv når heile livsgrunnlaget deira står på spel»

– Korleis er tilhøva no?

– Dei er ikkje blitt betre. Det demokratiske rommet minkar. Dei som forsvarer menneskerettane strevar hardare. Difor vil nyheten om at Oljefondet går ut av Tahoe bli motteken med glede. Folk ser at det nyttar å kjempe. Her har Finansdepartementet lytta på varsla frå både nasjonale og internasjonale organisasjonar, seier Rødahl.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter