Fotballforbundet skal gje rundt 18 millionar bonuskroner til landslagsspelarar med millionlønningar. Samstundes får 12 fotballklubbar 80.000 kroner til fattigdomskamp.

Norge kom ikkje til fotball-VM i Sør-Afrika i sommar. Landslaget har difor mykje å revansjere når spelarane skal ut i EM-kvalifiseringskamp mot Island på fredag og mot Portugal tysdag i neste veke. Med seg til kampane har dei ein gullkanta bonusavtale, som blir omtala som «tidenes beste»:

Dersom Norge går til EM eller VM får spelarane 25 prosent av Norges Fotballforbunds (NFF) inntekter. Fotballpresident Yngve Hallén stadfestar i avisa Dag og Tid at det kan bli snakk om totalt 18 millionar kroner til dei heldige.

Men Fotballforbundet har ikkje berre signert ein avtale om bonuskroner til menn med millionløner. 14 norske småklubbar fekk i sommar 80.000 kroner for å «bekjempe fattigdom og sosial eksklusjon». Pengane har NFF fått frå eit EU-prosjekt.

I pressemeldinga skriv forbundet: «Det kom inn søknader om syv ganger så mye penger som det var i potten, og det ble følgelig bare et fåtall klubber som kunne få et lite bidrag til sin innsats for å at fotballen fortsatt skal være for alle.»

Utstyrsmangel. Lindeberg Sportsklubb (LSK) på Oslos austkant er mellom dei 12 utvalde småklubbane som får ein sjekk frå Fotballforbundet. Sjekken lyder på 5.000 kroner - og nestleiar i LSK-styret, Max-Kristian Sætre, er glad for alle kroner klubben kan få for å skape eit godt fotballmiljø for om lag 160 spelarar frå barn- til seniornivå.

Men han er opprørt over Fotballforbundets støttefilosofi:

– At fotballspelarar som tener svært godt i klubbar i utlandet og i Norge må ha millionar i bonus for å kome seg til EM står i grell kontrast til at breiddefotballen berre skal få 80.000 kroner til såkalla fattigdomstiltak i år, seier Sætre til Vårt Land.

Han veit godt kva konsekvensar dårleg råd kan få for unge fotballspelarar. Han fortel om barn og unge som ikkje stiller på trening og kampar med skikkelege fotballsko, han fortel om eige arbeid for å få avtalar med leverandørar som kan selje sko til ein rimeleg penge til spelarar.

– Eg kjenner ikkje familieøkonomien til spelarane. Eg ser berre at mange slit med å stille med høveleg utstyr, seier Sætre.

Pengestyrt. Om fattigdomssatsinga seier fotballforbundet: «Hvis familien må prioritere andre utgifter enn barnas fritid - så blir ikke fotballen den fellesskapsarenaen den er ment å være.» Dette kan leiar i fotballstyret i Rygge IL, Cecilie Hovde, skrive under på:

– Fotball er ein rimeleg idrett. Men vi ser at barn og unge likevel ikkje har råd til å vere med fordi dei ikkje kan kjøpe det utstyret som trengs og betale treningsavgiftene. Difor er støttekronene frå forbundet viktige, og sjølvsagt kunne vi ønskt oss meir, seier ho til Vårt Land.

Rygge IL fekk som Lindeberg SK 5.000 kroner til såkalla fattigdomstiltak, men Cecilie Hovde er ikkje like kritisk som kollega Max-Kristian Sætre. Ho meiner skilnaden på bonusmillionar til landslagsspelarane og 80.000 kroner til småklubbane seier alt om kor penge- og marknadsstyrt fotballen er blitt – og kor hardt økonomisk det er drive breiddefotball.

Omfordeling. Då bonusavtalen var klar, sa forhandlingsleiaren til spelarane dette om avtalen til NRK:

- Det er ikkje slik at vi blir motiverte av pengar for å kome til sluttspelet. Det er trass alt ønskje om å kome til sluttspelet som veg tyngst, sa kaptein og Fulham-proff Brede Hangeland.

I lys av den siste fråsegna har Max-Kristian Sætre i Lindeberg Sportsklubb eit forslag til omfordeling av Fotballforbundets rundt 18 millionar bonuskroner:

– Gje breiddefotballen i småklubbane 20 prosent av den summen. Då kan vi snakke om verkeleg fattigdomssatsing.

Om dårleg klubbøkonomi seier Fotballforbundet: «Ingen klubber vil utelukke noen pga. penger, men det er en grense for selv hva den mest velvillige klubb har mulighet til å klare.»

I den andre enden av fotballbanen har finansbladet Kapital rangert Norges best betalte fotballspelarar:

1. John Carew (Aston Villa): 35 millionar kroner i årslønn

2. Morgen Gamst Pedersen (Blackburn): 29 millionar kroner i årslønn

3. John Arne Riise (Roma): 22 millionar kroner i årslønn

4. Brede Hangeland (Fulham): 18 millionar kroner i årslønn