Dette er konklusjonen i to rapportar frå Kunnskapssenteret for helsetenesta.
SEI DI MEINING PÅ VERDIDEBATT: BØR VI INNFØRE TIDLEG ULTRALYD FOR ALLE?
– Vi veit at dersom ein vil leite etter risiko for kromosomavvik, er tidleg ultralyd ein brukbar test, seier seksjonsleiar Liv Merete Reinar i Kunnskapssenteret til Vårt Land.
Ho og tre kollegaer laga i 2008 ein rapport om den medisinske nytten av ultralyd til alle i veke 11-13 som tillegg til dagens tilbod om ultralyd til alle kring i veke 18.
LES OGSÅ: Marte med Downs presset Stoltenberg
Peikepinn. Den viktigaste skilnaden på tidleg ultralyd og ultralyd i veke 18 er at kring veke 12 kan ein måle ein nakkefald hos fosteret. Storleiken på denne nakkefalden er ein peikepinn på om fosteret har Downs syndrom eller eit anna kromosomavvik. Oppfølgjande blodprøve seier meir, og eventuell fostervassprøve kan gje sikkert svar. Denne nakkefalden vert borte i tida fram til veke 18 når kvinnene får tilbod om ultralyd.
Tidleg ultralyd kan oppdage også langt meir alvorlege kromosomavvik enn Downs syndrom og påvise om fosteret har hjerne eller ikkje.
– I desse tilfella kan ein ikkje gjere noko for fosteret. Vi har ikkje behandling. Det er eit reint verdival om foreldra skal få sjansen til å oppdage dette tidlegare enn i dag og difor få valet om dei vil ta abort tidlegare, seier Reinar, og legg til:
– Dersom ein skal tilby ultralyd til alle, må ein kunne ha behandling å stille opp med for at dette skal ha helseeffekt.
Ho understrekar at mange kvinner gjerne ønskjer tidleg ultralyd.
Hjartefeil. Sist veke kom Kunnskapssenteret med eit nytt notat om tidleg ultralyd. På oppdrag frå Helsedirektoratet vurderte Kunnskapssenteret i kva grad tidleg ultralyd med nakkefaldsmåling kan påvise hjartefeil i foster. Senteret gjekk systematisk gjennom ny litteratur og nye studiar om tidleg ultralyd.
LES HEILE RAPPORTEN OM TIDLEG ULTRALYD OG HJARTEFEIL
Konklusjonen var at ein ved tidleg ultralyd finn langt færre hjartefeil enn ved ultralyd kring veke 18. Og dei fleste av funna er falske positive: Det vil seie at dei fleste meldingar om at fosteret kan ha hjartefeil, er falske meldingar som må oppklarast gjennom mykje etterarbeid.
– Å leite etter hjartefeil i veke 11-13 fører til svært mykje støy og uro og lite helsegevinst, seier forskingsleiar Inger Norderhaug i Kunnskapssenteret til Vårt Land.
LES OGSÅ: Tidligere ultralyd gir flere aborter
Ho seier at i masseundersøking med tidleg ultralyd i veke 11 til 13, vil berre mellom 3 og 9 prosent av dei fostera som får positiv test, faktisk ha hjartefeil.
LES OGSÅ: Det er farleg å ha Downs i Danmark
Privatsjekk. Til samanlikning: I veke 17-19 vil mellom 65 og 84 prosent av dei positive testane, vere faktiske funn av hjartefeil.
– Etter funn ved ultralyd i veke 17-19 vil ein kunne planleggje fødselen og kvar barnet skal bli fødd, planleggje behandling og førebu foreldra, seier Norderhaug.
Ho seier det er avgjerande dersom ein innfører tidleg ultralyd for alle, at det blir svært god informasjon om kva ein kan finne og uvissa knytt til funna. I dag tek mange kvinner tidleg ultralyd hos private. Styresmaktene kan også ta standpunkt til kva informasjon desse kvinnene skal få, seier Norderhaug.
LES OGSÅ: Foreslår ekstra ultralyd
SEI DI MEINING PÅ VERDIDEBATT: BØR VI INNFØRE TIDLEG ULTRALYD FOR ALLE?






