Nyheter

– Eg forstår dei som sluttar

Iqra Mahboob har hatt mange friminutt åleine.

– Eigentleg ville det vore best for meg å kunne sitje heime og lese. Då hadde eg sleppt å reise på skulen. Der er eg einsam.

I slutten av november fortalde Iqra Mahboob, i Aftenposten, at ho hadde fått nok av friminutt i einsemd, og at ho hadde sett einsame elevar på dagsorden ved Nannestad videregående skole i Akershus ved å skrive eit brev til rektor. Mahboob fortalde at ho skreiv brevet på vegne av dei som hadde det som henne, dei som opplevde å vere åleine på skulen. Rektor rosa tenåringen for å seie i frå.

LES MEIR: Einsame elevar fell ut av skulen

Betre ei stund

– Snart tre månader etter at du skreiv brevet, korleis er skulekvardagen din?

– Han var betre fram til juleferien. Problemet eg løfta fram fekk merksemd, eg heldt mellom anna ein tale på skulen om korleis eg hadde det. Men etter skulestarten i januar er min situasjon eigentleg som før. Eg opplever meg einsam på skulen, eg kjenner meg oversett, seier Iqra Mahboob til Vårt Land.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Styrkje til å fullføre

Men ho angrar ikkje på at ho tok opp eit særs vanskeleg tema.

– Eg har styrkje til å gjennomføre utdanninga, sjølv om det tærer på motivasjonen. Det er ikkje gøy å gå på skulen berre for å bli gåande åleine, seier ho og legg til:

– Eg forstår dei som sluttar på vidaregåande fordi dei kjenner seg einsame.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter