Nyheter

Du får billegare klær. Dei får dårlegare løn.

Lite vert gjort for å heve løna til dei som syr kleda våre, viser ny undersøking.

Frå millionar av hamrande symaskiner i Asia strøymer ferdigsydde plagg til norske butikkar. Aldri før har det vore billigare for nordmenn å kjøpe klede. Samtidig som norske lønningar går opp, vert løna til dei som syr kleda våre, i land som India, Kina og Bangladesh, pressa ned. Kleskjedane tvingar utgiftene i golvet, for at du og eg kan kjøpe kilovis med klede - utan at lommeboka vert lettare.

Ein ny rapport viser at lønsvilkåra for tilsette på tekstilfabrikkar framleis er svært dårlege mange stader. Let's clean up fashion 2011 tar utgangspunkt i ei spørjeundersøking av britiske kleskjedar, og kastar lys over kva kjedane gjer for å sikre at dei som lagar kleda får ei bærekraftig løn. Labour behind the Label (LBL), den engelske greina av det EU-støtta prosjektet Clean Clothes Campaign (CCC), står bak kartlegginga.

Minsteløn. Verstingane i undersøkinga er kjende merke for norske forbrukarar, som Hennes & Mauritz, Levi Strauss, Fcuk og Gap. Alle desse opererer med minsteløn for dei tilsette, og kan ikkje vise til konkrete tiltak for å betre lønsvilkåra til dei fabrikktilsette. Heller ikkje dyrare merke, som Burberry, skårar høgt i undersøkinga.

Ifølgje organisasjonen Asia Floor Wage er minsteløna for tekstilarbeidarar i land som Bangladesh, Kambodsja, Kina og India i gjennomsnitt kring halvparten av det CCC definerer som ei leveløn (sjå faktaboks). I 2010 var minsteløna i Bangladesh éin seksdel av berekna leveløn. H&M har produksjon i alle desse landa.

Låg kjøpekraft. Ei undersøking Framtiden i våre hender har gjort, viser at tekstilarbeidarar med minsteløn i dei fire nemnde landa har ekstremt låg kjøpekraft:

I tre av fire av landa er ei timeløn ikkje nok til å kjøpe eitt såpestykke. Til samanlikning kan ein norsk tekstilarbeidar på minsteløn kjøpe over 50 såpestykke etter éin times arbeid.

I India og Bangladesh må ein jobbe i tre timar for å ha råd til éin kilo ris.

Eitt kilo kjøt krev 25 arbeidstimar i Bangladesh, 20 i India og 11 i Kambodsja.

– Skremmande. Carin Leffler er rådgjevar i Framtiden i våre hender (Fivh), som er ein del av CCC. Ho er forferda over det nedslåande resultatet frå undersøkinga til den britiske systerorganisasjonen.

– Selskapa tenar store summar på den globale handelen. Det er skremmande å sjå kor lite som vert gjort for å sikre arbeidarane høgare lønningar, seier Leffler.

Åtte av dei 29 merkehusa som vart spurt om å delta i spørjeundersøkinga valde ikkje å svare, noko som gjev grunn til å frykte det verste. Ingen av dei som deltok i undersøkinga var i nærleiken av å oppfylle kvalifikasjonane til CCC.

Les mer i Vårt Lands papirutgave 26. oktober.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter