Nyheter

Drapa går sin vante gang i VM-landet

Fotball-VM liknar meir og meir på ei katastrofe for Brasil.

Ein vanleg dag i Rio de Janeiro i 2014: Politibetjent Alda Castilho er på jobb i av byens fattige delar, Complexo do Alemão. Brått angrip fleire personar politistasjonen der Castilho har vakt. 27-åringe Castilho blir skutt og drepen i samanstøyten.

Mindre enn 48 timar etterpå: Militærpolitiet skyt ni personar i same fattigstrøk i ein stor politiaksjon. Seks av dei døyr.

– Mennene døydde i ambulansar på vegen til sjukehuset, seier oberst i militærpolitiet, Luiz Carlos Gomes Leal.

– Mennene vart plaffa ned av politiet på staden, seier naboar som har teke bilete og spreidd dei på sosiale medium.

Og naboane får støtte frå rettsmedisinar Levi Inima Miranda, som har 34 års erfaring med obduksjonar i hæren, skriv Brasils største avis O Globo. Legen er ikkje i tvil om at mennene, fleire av dei svært unge, har blitt regelrett avretta. Bileta av smoget med raude blodstriper i sementen etterlet ikkje tvil hos dei mange som kommenterer dei livlause kroppane på sosiale medium.

Vekk med narkokrim. Den dystre drapsstatistikken i Brasil var eit av ankepunkta mot å tildele landet VM. Politiinvasjonen i Rio-bydelen Complexo do Alemão er eit av ledda i oppryddinga før arrangementet. Oppryddinga går ut på å kaste ut narkobandar som i lang tid har dominert dei fattige bydelane i Rio. For knappe to månadar sidan vart siste favela forsøkt «reinska».

Mange trudde det ville vere ein sikker suksess å leggje VM til verdas mest fotballgale nasjon, men 14 dagar før det heile startar er landet i fyr og flamme over alt som arrangementet medfører. Men forarginga over drapa som har kome i kjølvatnet av styresmaktane si opprydding, er ikkje ein av årsakene til at mange er lei av meisterskapen før den har starta.

– At politiet drep bebuarar i favelane (fattige bydelar red.anm.) i sine raid er vi vane med. Men no legg dei ein ny pris på toppen av det vi strir med til dagleg: På grunn av styresmaktene sine investeringar i VM så uteblir hjelpa til dei fattige, investeringar i utdanningssektoren blir droppa og mange strir med har latterlege låge lønningar, seier Thayana Reif til Vårt Land.

– Berre fasade. 24-åringen bur i bydelen Maracana i Rio de Janeiro, der også den store finalestadionen ligg. Hundretusenvis av brasilianarar har blitt tvungne til å flytte for å gi plass til VM-anlegg. Ifølge VG er heile 170.000 blitt reve vekk frå heimane sine i området rundt finale stadiona på Maracana grunn av bygginga av VM og OL anlegg.

– Området rundt Maracana stadion har kanskje blitt fint. Men ti minutt vekke frå stadion ser eg dagleg dei rusavhengige, kriminelle som lever av å rane og kollektivtransporten som ikkje fungerer tilstrekkeleg, seier Reif som arbeider som lærar på eit av byens universitet.

Storstreik. Ho er ikkje ein av dei som streikar i desse førebuingsdagane før VM, men mange andre lærarar streikar. Mange har nemleg kome til det at VM ikkje er laga for dei fattige, men for fotballforbundet FIFA og tilreisande turistar. For tida har landet rundt 60 uløyste arbeidskonfliktar og blant dei som streikar er togførarar, oljearbeidarar, flyplasstilsette, banktilsette og tryggleiksvakter er blant dei som streikar. Sist ut denne veka var bussjåførar, noko som har sett store delar av Rio de Janeiro på vent. Og i staden for VM-entusiasme er det folkeaksjonar som inntek gatene. I São Paulo protesterte nyleg 10.000 arbeidarar under fana «Folkets cup» og med slagord som «Vi vil ha FIFA standar på skule og helsevesen».

Men Lorena Fernanda da Souza, som bur i bydelen Botafogo i Rio de Janeiro, trur VM er til det beste for Brasil.

– Meisterskapet har skapt mange arbeidsplassar, spesielt i bygningssektoren og når det gjeld turisme.

– Svertekampanje. Ho peikar på at majoriteten av brasilianske medium er høgrevridde og meiner at kritikken av VM delvis er for å sverte president Dilma som er frå arbeidarpartiet Partido dos Trabalhadores. Mange meiner difor at alle feila i kjølvatnet av VM-førebuingane er ei svertekampanje for å få ein president frå høgresida, meiner studenten.

Men på eitt spørsmål er svaret hos innbyggjarane i det søramerikanske landet ganske unison, nemleg kven som kjem til å vinne VM.

– Det spørsmålet er enkelt. Brasil kjem til å vinne, svarer da Souza.

På vegne av dei aller fleste.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter