Då Danmark innførte ultralyd i 12. veke blei talet på fødde barn med Downs syndrom halvert. No vil Arbeidarpartiet tilby norske gravide tidleg ultralyd.

LES OGSÅ: Finn Downs, men ikkje hjartefeil

I dag får alle gravide kvinner tilbod om ultralydundersøking i veke 18. Ein tidlegare ultralyd kan påvise at fosteret har Downs. I Helsedepartementet har ein i lengre tid vurdert om gravide skal få tilbod om ultralyd i veke 12.

SEI DI MEINING PÅ VERDIDEBATT OM INNFØRING AV TIDLEG ULTRALYD‘

No går Ap, ved parlamentarisk leiar Helga Pedersen, ut og ber at eit slikt tilbod blir rutine for alle gravide, og i Stortinget i går vart statsminister Jens Stoltenberg møtt av Marte Wexelsen Goksøyr som har Downs syndrom og spurde han om han meiner ho skal utryddast.

LES OGSÅ: Marthe med Downs presset Stoltenberg

Sterkt fall. I 2004 vedtok danske helsestyresmakter at alle gravide skulle få tilbod om ultralyd i 12. veke. Tal frå Dansk cytogenetisk centralregister (DCC) viser at allereie året etter blei talet på fødde barn med Downs nesten halvert; ned frå 61 til 32.

Tidleg ultralyd sporar opp rekordmange utviklingshemma i vårt naboland. I dei siste åra fram til vedtaket blei det fødd rundt 60 barn med Downs. Dei siste åra er talet kome ned under 30 - i 2009 blei det berre fødd 26 danskar med eit ekstra kromosom.

Avviser. – Vi ønskjer ingen modell der ein leitar spesielt etter indikasjonar på Downs syndrom. Derfor vil vi heller ikkje foreslå den ordninga dei har i Danmark, sa statsminister Jens Stoltenberg då Stortinget drøfta Aps forslag om tidleg ultralyd i spørjetimen.