I 2008 blei det fødd berre 21 barn med Downs syndrom i nabolandet vårt i sør. Talet er rekordlågt. Målet er å komme endå eit stykke nedover.
Årsaka er ei sterk utbygging av fosterdiagnostikken. I 2004 vart det innført eit tilbod til alle gravide om ultralyd kring 12. veke saman med ein blodprøve i tillegg til ein ultralydsjekk seinare i svangerskapet. Norske fagfolk har teke til orde for å innføre det same tilbodet her i landet.
LES OGSÅ: Kø ved private ultralydskjermar
Tidleg ultralyd og blodprøve er veleigna middel til å spore opp foster som kan ha Downs syndrom. Kring 12. veke i svangerskapet kan ein nemleg måle ein nakkefald på fosteret, og breidda på denne falden kan vere eit teikn på Downs syndrom. Endeleg svar kjem etter ein prøve av fostervatn eller morkake.
Redusert. I 2004 kom det til verda 61 barn med Downs syndrom i Danmark. I 2008 var talet redusert til ein tredjedel, ifølgje tal frå Dansk cytogenetisk centralregister. Professor Ann Tabor ved Rigshospitalet i København seier til Kristeligt Dagblad at talet viser at metoden landet har valt, er ein suksess.
LES OGSÅ: Forsker: Fosterprøver gir falsk valgfrihet
Ei arbeidsgruppe i Det etiske råd i Danmark skal no sjå på framtidsvyane innan fosterdiagnostikk, og undersøke korleis dagens tilbod blei til.
Styret for sjukehusa i Københavns-regionen innførte nakkefaldsmåling som tilbod til alle gravide i mars 2003. Referatet frå styremøtet viser argumenta:
Det dåverande tilbodet med ultralyd til gravide over 35 år, spora- «kun cirka 30 prosent» av alle fostera med Downs syndrom. Det nye tilbodet kunne «avsløre 70-80 prosent af alle fostre med Downs syndrom». Det var, vart det sagt, gale å halde fram med ei aldersgrense når nye metodar for å rekne ut risiko er meir effektive enn alder. Tilbodet reduserer dessutan risikoen for å abortere friske foster under morkake eller fosterprøvar fordi nakkefaldsmåling og blodprøve er sikrare middel til å finne dei gravide som bør ta prøve av fostervatn eller morkake.
LES OGSÅ: Høyre vil stramme inn abortlov
Millionar. I papira styret fekk, heitte det at i kommunane København og Fredriksberg blei det årleg fødd 12 barn med Downs syndrom. Det nye tilbodet kunne føre til at 10 av fødslane kunne unngåast. Det vart skrive at samfunnet kunne spare minimum 2 millionar kroner i året. Eit menneske med Downs syndrom lever i gjennomsnitt i 55 år, og innsparinga over denne tida ville «være betydeligt over» 100 millionar.
Fleire i styret meinte at slike reknestykke var uetiske. Men ifølgje referatet var det semje om at det var viktig å kjenne også dei økonomiske følgjene. Mot ei stemme vart tidleg ultralyd med blodprøve til alle innført i hovudstadsområdet.
LES OGSÅ: Downs-utrydding ligner nazismen
Strid. Den verkelege årsaka til at nakkefaldsmåling vart innført som eit «tilbod» til alle gravide, var altså at samfunnet ønskte å spare pengar på omsorg for menneske med Downs syndrom, seier ein kritisk Klavs Birkholm til Vårt Land.
Han er medlem av Det etiske råd og sit i den nye arbeidsgruppa om fosterdiagnostikk.
LES OGSÅ:
Påstanden frå Birkholm vert blankt avvist av Peter Saugman-Jensen i Sundhedsstyrelsen. Han leia gruppa som i 2003 la fram ein rapport frå Sundhedsstyrelsen, ein rapport som låg til grunn for innføringa.
Kva nokon på eit eller anna kontor i København skreiv, er uinteressant. I rapporten frå Sundhedsstyrelsen stod det ingenting om at vi ville spare pengar, seier Saugman-Jensen.
LES OGSÅ: Tok senabort fordi underarm manglet
«Beklageleg». Klavs Birkholm er kritisk også til måten innføringa skjedde på.
Det skjedde reint administrativt, utan offentleg debatt og utan at Folketinget fekk saka. Det er beklageleg, seier Birkholm.
Biskop Elisabeth Dons Christensen i Det Etiske Råd følgjer opp:
Vi burde hatt ein debatt på førehand. No har danske foreldre vent seg til dette tilbodet. Vi ser at konsekvensane er store og kan spørje om dette etisk sett er ei god utvikling, seier biskopen.
LES OGSÅ: Vil fjerne ett av to Downs-barn
Vanskeleg. Birkholm reknar med at andre i rådet vil forsvare tilbodet som «det beste for pasientane». Han seier at tilbodet no gjer det vanskeleg å setje grenser for kva informasjon om fosteret som stadig nye testar kan gje, også medan det enno er fri abort.
Er det mogeleg å stoppe ultralyd og blodprøve til alle i 12. veke?
Mange seier at vi kan ikkje skru klokka attende, eller at vi ikkje kan stogge den teknologiske utviklinga. Men den teknologiske utviklinga skal ikkje vere herre over menneska, seier Birkholm.
DISKUTÉR: Utrydningstruede mennesker?






