Nyheter

Brukte prevensjon, blei gravid, tok abort

Ida Irene Bergstrøm synest ikkje vi bør bli hysteriske og få alle til å bruke p-stavar. Kvinner må heller ikkje skamme seg over å ta abort, meiner ho.

Då Bergstrøm var 27 år, hadde ho sex med ein tilfeldig mann ho møtte på fest. Dei brukte kondom, og ho hadde ingen mistanke om at prevensjonen ikkje fungerte som han skulle.

– Det var eit kjempesjokk å få vite at eg var gravid. Men så var det fantastisk at eg kunne ta abort.

NY NORSK UNDERSØKELSE: Hver tredje abortsøker brukt prevensjon

Bergstrøm jobbar i dag som forskningsjournalist og er ikkje overraska­ over funna i kartlegginga til Julie­ Lid; nesten fire av ti kvinner som søkte abort hadde brukt prevensjon.

– Det er eigentleg litt lågt.

32-åringen held for tida på med eit bokprosjekt der ho intervjuar kvinner som har tatt abort.

– Eg har så langt snakka med 21 kvinner, alle i 20- og 30-åra. Av dei er åtte sikre på at dei har brukt prevensjon, men likevel blitt gravide. Fire seier at dei gjekk på p-pillar, men kanskje ikkje var nøgne nok.

Følg oss på Twitter og Facebook!

Ikkje feilfrie

Bergstrøm trur på si side at norske kvinner er gode på å bruke prevensjon.

– Men den er jo ikkje 100 prosent sikker. Det passar med mi eiga erfaring. Menneske er heller ikkje feilfrie. Ein kan gløyme å ta ein p-pille, og er ein full så er det ikkje sikkert at ein handterar kondomet riktig.

Ho kan sjølv ikkje avvise brukarfeil då ho blei gravid, sidan det var alkohol inne i biletet.

– Mi eiga erfaring er at mange skammar seg over å ha satt seg sjølv i ein situasjon der ein må ta abort. Ein kjenner det som ein burde ha visst betre: Vi veit så mykje i Noreg i dag, prevensjonen er tilgjengeleg, og likevel har eg satt meg sjølv i ein slik situasjon. Det er ei kjelde til skam. Men sånne ting skjer, og det er heilt greitt.

Ikkje skammeleg

Bergstrøm meiner politikarar og andre må slutte med å uttrykke så stor bekymring over aborttala i Noreg.

– Det er eit sterkt fokus på høge aborttal, og det kan gjere det meir skammeleg å ta abort. Det kommuniserer ganske tydeleg at det ikkje er ein heilt grei ting å gjere, meiner ho.

32-åringen meiner vi bør akseptere at det alltid vil skje uhell.

– Vi må slappe litt meir av. Det er fantastisk at ein har mulegheit til å ta abort, dersom det er ein uynskja graviditet.

For henne var ikkje abort eit vanskeleg val. Etterpå bestemte ho seg for å ikkje skamme seg over det. 
 – Eg gjorde det nettopp fordi eg byrja å kjenne på skamma. Men eg skal kunne snakke om dette, seier ho bestemt.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter