Mange som står i jobb, burde vore sjukemeldt. Desse helsearbeidarane blir sjuke på sikt, seier Pål Lund som er prosjektleiar for undersøkinga for Arbeidstilsynet.

Tilsynet har undersøkt arbeidsforholda ved 27 helseføretak. Heile 18 av desse får varsel om pålegg. Hovudfunnet er at det er for lite tid og ressursar i forhold til arbeidsoppgåvene.

Mange brot. Rapporten viser at arbeidsmiljølova blir broten på desse punkta:

* tidspresset er veldig forverra

* arbeidsoppgåvene er for store i forhold til tid og ressursar

* ein av fire har belastningsskadar på grunn av arbeidssituasjonen

* skadar og sjukdom blir ikkje førebygd

* arbeidarane opplever uheldige fysisk og psykiske belastningar

* kartlegging av farar og problem i arbeidssituasjonen manglar

Alvorleg. Lund meiner situasjonen er spesielt alvorleg sidan Storting og regjering varslar større behovet for helsearbeidarar i tida som kjem.

Viss sjukemeldingane går opp og personell må pensjonerast tidlegare, mistar vi sårt tiltrengt arbeidskraft, seier han.

Lund seier dette går ut over alle: Dei arbeidarane som held seg friske får farleg arbeidsbelastning, arbeidsgjevarane får koordineringsproblem og pasientane får dårlegare pleie.

Heile samfunnet vil lide, påpeikar Lund.

Ironisk. Kva må skje for å betre forholda, direktør i Arbeidstilsynet Ingrid Finboe Svendsen?

Eg trur ikkje det er snakk om å gje ekstra millionar, men å bruke ressursane rett. Det som må til er å betre organiseringa.

Direktøren meiner heile situasjonen er ironisk.

At dei som skal hjelpe dei sjuke, blir sjuke er noko helseføretaka må ta på alvor. Skal pasientane ha det godt, så må dei tilsette vere friske.

Ikkje tid til mat. Sykehuset Buskerud er eit av helseføretaka som får åtvaring. Etter å ha fått åtvaring i 2005/06, kom utbetringar som lukka åtvaringa. Men no kjem nye påpeikingar frå Arbeidstilsynet. Rapporten dokumenterer blant anna følgjande manglar:

* tilsette får ikkje alltid spisepause

* konstant tidsnød

* uføreseielege og hektiske arbeidsdagar

* manglande opplæring.

* Vi er kjempeglade for at dette blir dokumentert. Situasjonen er vanskeleg, seier hovudtillitsvalt for sjukepleiarane på Sykehuset Buskerud, Hilde Arnesen.

Ho seier at sjukepleiarane får fleire og fleire oppgåver, utan å få nye resursar.

Men denne rapporten er ikkje noko leiinga kan stikke i ein konvolutt og gøyme vekk. No må dei på bana for å betre situasjonen, seier Arnesen.

Manglar klar løysing. Kva vil de gjere, personaldirektør Karin Ask-Henriksen?

Dette er ikkje noko nytt problem og vi har arbeidd kontinuerleg med å betre situasjonen. Men denne rapporten skal vi granske grundig saman med tillitsvalde. Akkurat no veit vi ikkje kva tiltak som må til.