Bistandskutt: Desse landa lever farleg
Dei blåblå kan enkelt kutte nesten 40 land, men vil berre spare 120 millionar kroner på barberinga.
Statsminister Erna Solberg (H) lovar å bruke meir av bistandsbudsjettet på utdanning, og då særleg for jenter. Budsjettposten utdanning skal aukast frå vel 7 prosent til over 13 prosent innan 2017, seier Solberg-regjeringa. I juli vitja Erna Solberg Nthulu Primary School i Dedza-distriktet, som ligg sør for Malawis hovudstad Lilongwe.
– Utanriksminister Børge Brende snakkar om 20-25 utvalde fokusland. Kva land dette blir, og kva det inneber, er det mest spanande ved det komande bistandsbudsjettet, seier Wenche Fone til Vårt Land. Ho leiar utviklingspolitisk avdeling i Kirkens Nødhjelp (KN).
116 land mottok bistandskroner frå Norge i fjor. Slik fekk over halve verda norsk utviklingshjelp då 32,8 milliardar kroner blei delt ut.
– Det er alt for mange. Fleire av desse landa treng ikkje økonomisk hjelp frå Norge, sa Per Sandberg til Vårt Land før helga.