Nyheter

Barnevern kastar av seg på børs

Investeringsfond kjøper barnevernsselskap og får millionutbytte. Kommunale barnevernssjefar likar ikkje utviklinga. - Det skal vere lov å tene pengar på barnevern, seier barneministeren.

Akkurat som i barnehagen treng staten hjelp frå private i barnevernet. Staten driv sjølv 69 barnevernsinstitusjonar, private driv 152. Og akkurat som i barnehagen skjer det ei stille utvikling; mange små selskap blir til større barnevernskonsern.

– Vi ser at små kommersielle og små ideelle barnevernsselskap forsvinn som ein følgje av anbodspolitikken, seier Gunnar Toresen, styreleiar i Norsk barnevernlederorganisasjon (Nobo), som organiserer kommunale barnevernssjefar.

To av dei private selskapa som hjelper staten med dei vanskelegaste barnevernsbarna, blei kjøpt opp i 2011. Då selde tre gründarar Tiltaksgruppen og Tiltak for Ungdom Agder (TUA) til det svenske omsorgsselskapet Frösunda. Dermed kom norske barnevernsbarn på børs.

Året før kjøpte nemleg det børsnoterte, britiske investeringsfondet HgCapital Frösunda (sjå eiga sak). HgCapital har som alle andre såkalla equityfond éin forretningsidé; kjøpe billeg, selje dyrt.

Millionar til eigarane. I 2011 og 2012 selde Tiltaksgruppen og TUA barnevernstenester til staten for nesten 387 millionar kroner. Samla resultat før skatt var på 29 millionar kroner. Begge selskap er eigde av holdingselskapet Frösunda Holdco, som har adresse hjå Advokatfirmaet Schjødt i Oslo.

I 2011 og 2012 henta Frösunda Holdco inntekter på 15,8 millionar kroner frå drifta av Tiltaksgruppen og TUA.

– Eigarane må få noko tilbake for investeringa. Men eg har stor handlefridom i drifta av Tiltaksgruppen og TUA, seier administrerande direktør Morten Nybakk i Tiltaksgruppen og TUA til Vårt Land.

Om jobben selskapa gjer for staten, skriv Nybakk følgjande på nhoservice.no:

«Hovedforskjellen mellom den statlige «funksjonsmodellen» og den private «skreddersydde modell» er den grunnleggende måten å definere barnets behov. I den statlige modellen møter man et stort system, med faste rammer, metoder og kategorier. (...) Styrken til mange private aktører er at barnet nettopp ikke skal defineres inn i en modell. Man møter det unike barnet, og prøver å skreddersy det optimale tiltak til barnets beste», skriv han på nhoservice.no.

Splitta syn. Gunnar Toresen i Nobo seier kommunale barnevernssjefar er splitta i synet på dei største barnevernsselskapa.

– På den eine sida evnar dei ofte å kaste seg raskt rundt og finne tilbod til dei mest krevjande barnevernsbarna. Dette er tilbod det offentlege ikkje klarar å finne og byggje opp. På den andre sida er barnevern blitt svært god butikk. Eigarane hentar ut store utbytte frå drifta, pengar som burde blitt brukte på barnevern.

Toresen er klar på kva barnevernssjefane meiner om dei gode utbytta:

– Vi likar dei ikkje.

Nye signal. Kort tid etter at dei blåblå overtok regjeringskontora, gjekk barneminister Solveig Horne (Frp) ut og sa at altfor mange barnevernsbarn får dårlege tilbod frå staten. No må både ideelle og kommersielle barnevernsselskap hjelpe til.

Aleris Ungplan & BOI er Norges største tilbydar av private barnevernstenester. I åra 2008-2012 selde selskapet tenester for 2,7 milliardar kroner til staten. Samla resultat før skatt enda på 339,7 millionar kroner i same periode.

Dei fire siste åra har selskapet betalt 193,9 millionar kroner i utbytte til Aleris Norge, som er eigd av det svenske Aleris-konsernet. Konsernet er eigd av det svenske investeringsselskapet Investor, som igjen er eigd av den svenske Wallenberg-familien. Fram til salet i 2010 var Aleris-konsernet eigd av det svenske investeringsfondet EQT, også det eigd av Wallenberg-familien.

Betre anbod. – Er det svenske Wallenberg som skal bli rike på norske barnevernsbarn, Solveig Horne?

– Nei, det er det ikkje.

- Så du syns Wallenberg-konsernet får litt mykje her?

– Det er litt vanskeleg å ta stilling til dei tala der utan å vite kva som ligg bak. Men eg har ikkje tenkt å seie at Aleris ikkje kan tilby dei tenestene lenger.

– Kommunale barnevernssjefar likar ikkje at så mykje går til konsernbidrag - kva seier du?

– Då har vi ikkje vore flinke nok til å skrive anbod- og kravspesifikasjonar, seier Horne, og legg til:

– Det er viktig for meg å gje barna det tilbodet dei treng. Det viktigaste er at dei får det beste, mindre viktig om dette er kommunalt, ideelt eller kommersielt.

Ingen innstrammingar. Ein av Hornes raudgrøne forgjengarar sa det annleis;

– Pengane som blir brukt på barnevern i Norge, skal kome barna til gode, ikkje Wallenberg-familien i Sverige, sa statsråd Audun Lysbakken (SV) til Vårt Land i 2010.

I arbeidet med innstrammingar, som ikkje kom, utnemnde Lysbakken Barnevernspanelet. Utvalet leverte klar tale i 2011:

«Markedstenkning med konkurranseutsetting og anbudsordninger i barnevernet skaper uro og mangel på forutsigbarhet, for barn og unge, og for dem som skal drive tiltakene. Stabilitet og kontinuitet trues, i virksomheter som har som mål å skape akkurat det.»

Olaug Bollestad (KrF) sat i panelet, som ordførar i Gjesdal kommune. No sit ho på Stortinget for KrF, og meiner det same.

– Vi likar det ikkje, millionutbytta i dei store private selskapa. Vi vil at barnevern i langt større grad skal drivast av ideelle aktørar, når det offentlege sjølv ikkje klarar å gje alle gode tilbod.

Tenkt nytt. Administrerande direktør Erik Sandøy leiar Aleris Ungplan & MOI. Han gjev Bollestad svar på tiltale:

– Det er ei myte at vi gjev store utbytte til eigarane. Ser ein på rekneskapa våre, ser ein at pengane blir pløygde tilbake i barnevernsselskapet. Vi brukar blant anna overskota til å styrkje kompetansen til våre tilsette slik at barna skal få endå betre tilbod.

Sandøy meiner Bollestad i KrF bør sjå på selskapa med nye augo:

- Vi baserer ikkje verksemda vår på marknadstenking. Ho bør gå vekk frå den tankegangen. Vi treng alle dei hendene vi kan få til å løyse utfordringane i norsk barnevern. Det er ikkje slik at ideelle organisasjonar har varmare hender enn kommersielle barnevernsselskap.

Noko tilbake. Sjølv om barneminister Solveig Horne (Frp) vil at det skal vere mogleg å tene pengar på barnevern, synest ho utbytta kan bli mindre.

– Anboda må bli slik at vi brukar meir pengar på barn framfor at dei går til utbytte. Vi må bli flinkare på kontroll, vi må følgje pengane.

Administrerande direktør Morten Nybakk i Tiltaksgruppen og TUA meiner dei som kritiserer kommersielle barnevernsselskap gløymer ei sak:

– Det er staten sjølv som bestemmer kva pris vi skal få ta for tenestene våre. BUFetat styrer våre døgnprisar, og dei ligg 2.000 kroner lågare enn statens eigne. Vi vann anbod i 2010 i konkurranse med mange andre selskap.

Han meiner kritikken «ofte eit uttrykk for mangel på kunnskap om eige system».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter