Nyheter

Barneombodet foreslo bøter

Tidlegare barneombod Reidar Hjermann meinte at både rektorar, skular og fylkesmenn sneik seg unna.

Mobbebøter er eit gamalt ønskje. Allereie i 2011 gjekk dåverande barneombod, Reidar Hjermann, ut og ba Stortinget om å innføre ordninga. Han meinte at både rektorar, skular og fylkesmenn sneik seg unna ansvaret for å stoppe mobbing. Difor er mobbebøter ei høveleg straff, sa han til VG.

LES MEIR: Endret syn på bøter

Straffe skular også

Året etter gjekk Høgre og Frp ut og ba om at Barneombodet måtte få eit tydelegare mandat i arbeidet som nasjonalt mobbeombod. Partia meinte dagens lovverk er for vagt – det er vanskeleg å vinne fram i rettssalen om ein vel å gå til sak mot skuleeigar for ikkje å ha sett stoppar for mobbing.

Dei blåblå partia som overtok regjeringsmakta i 2013 ville i 2012 også at Barneombodet skulle få ansvaret for å straffe skular som ikkje klarar å løyse mobbesaker. Straffa skulle vere bøter.

LES MEiR: Vil gjøre barneombud til mobbeombud

Frp positive

No helsar skulepolitisk talsmann Sivert Bjørnstad i Frp forslaget frå Djupedal-utvalet velkomen:

– Mobbebøter er ei veldig fornuftig løysing. Det vil gjere skuleleiarar meir ansvarlege, og vil tydeleg vise fram at vi har eit ris bak spegelen.

Høgres talsmann, Henrik Asheim, er samd med Bjørnstad – og litt skeptisk:

– Djupedalutvalet har eit godt poeng. Skuleleiarar og lærarar må gjerast meir ansvarlege for å identifisere og stoppe mobbing. Men om mobbebøter er det rette sanksjonsmiddelet, ja, det er litt tidleg å svare på.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter