Odd Anders With, tidlegare nestleiar i KrF var ein av dei som fronta fjerninga av vedkjenningskravet. Foto: Scanpix

KrF-årsmøte vil fjerne kristent vedkjenningskrav

Sør-Trøndelag KrF første fylkeslag ut. I Akershus tok fylkespartiet full debatt.

DEBATT: Hva mener du om KrFs bekjennelsesplikt?

Dagens nettleder
  • Misjon i krise

    Når Det Norske Misjonsselskap (NMS) i helgen samles til ekstraordinær generalforsamling for første gang i sin 168 lange historie, er det et bevis på krisen i denne hederskronte misjonsorganisasjonen  og i norsk misjon generelt.

Vårt Land på Facebook

Johannes Morken

Publisert 06.02.2010 kl 10:10 Oppdatert 07.02.2010 kl 21:26

Tips en venn på e-post:

Akershus sin stortingsmann Knut Arild Hareide seier KrF no vågar å ta debattar som partiet ikkje våga tidlegare, som den om vedkjenningsplikta. Foto: Scanpix

Bør KrF fjerne bekjennelsesplikten?

Bør KrF fjerne bekjennelsesplikten for tillitsvalgte og få en alminnelig lojalitetsplikt til verdisyn?

Ja
Nei
Vet ikke

Din stemme er registrert

Avsluttet

Antall stemmer: 4006

Inger Lise Hansen og KrF

Bør Inger Lise Hansen trekke seg som KrF-nestleder?

Ja
Nei
Vet ikke

Din stemme er registrert

Avsluttet

Antall stemmer: 4560

Mot tre røyster vedtok fylkesårsmøtet i Sør Trøndelag KrF laurdag å gå inn for å fjerne bekjennelseskravet i KrF. Fylkeslaget vil erstatte dette truskravet med ei forplikting på partiets grunnsyn og program. Dette er eit innspel til strategiutvalet leia av nestleiar Dagrun Eriksen.

Nedanfrå. – Det var overraskande stor semje og ein god debatt der vi fann eit godt alternativ. Dette har kome nedanfrå i og med at det er behandla i fleire lokallag og eit ope møte i forkant, seier Odd Anders With, lokllagsleiar i Trondheim KrF.

DEBATT: KrF - vokse eller splittes?

Han fronta saka saman med stortingsrepresentant Øyvind Håbrekke, fylkestingsrepresentant Geirmund Lykke og fylkesleiar Espen Agøy Hegge.

– Med ei slik endring av våre vedtekter vil partiet sin identitet bli styrka, vår profil skjerpa og vi kan framstå som meir tydelege i den offentlege debatten. Vi kan berre vere eit raust og romsleg parti når vi samtidig er godt forankra i dei tidløse verdiane som har danna grunnlaget for KrFs politikk sidan partiet blei grunnlagt, seier fylkesleiar i Sør-Trøndelag KrF, Agøy Hegge (24).

LES OGSÅ: KrF-Hansen frykter partiet vil utspille sin rolle

Ikkje kyrkjelyd. Fylkesårsmøtet slår fast at KrF som politisk parti ikkje er ein kyrkjelyd og at dei difor ikkje kan spørje dei tilltsvalde om dei er vedkjennande kristne.

LES HELGE SIMONNES: «Bønn og bekjennelse i KrF» OG TA DEL I DEBATTEN

Akershus-debatt. Etter ei veke med hard KrF-strid brukte avtroppande fylkesleiar Einar Holstad i Akershus KrF fylkesårsmøtet i dag til å fronte kampen for å fjerne vedkjenningskravet til KrF-tillitsvalde. Årsmøtet tok full debatt, men valde i motsetnad til Sør-Trøndelag KrF å vente med konklusjonen.

LES OGSÅ: Høybråten: – KrF vinner ikke på å ligne de andre

– KrF skal ikkje vere bedehusa sin forlenga arm inn i politikken, sa Holstad då han i føremiddag opna fylkesårsmøtet i Aurskog-Høland.

Energi. Og etter årsmøtet seier stortingsrepresentant Knut Arild Hareide:

– Inger Lise Hansen har gitt energi til strategidebatten i KrF. Nå vågar vi å ta debattar vi ikkje tidligare har teke, sjølvv om vi ikkje nå har konkludert.

LES OGSÅ: – En godt planlagt kampanje mot Høybråten

Han seier at deltakarane på fylkesårsmøtet tok med seg debatten og spørsmålet om vedkjenningsplikt tilbake til sine lokallagsårsmøte for å føre debatten vidare. Hareide har sjølv for lengst lufta at han meiner KrF må sjå på vedkjenningsplikta.

Blir debatt. Holstad seier at det i debatten var folk både som støtta han i å fjerne vedkjenningskravet og andre som ikkje var enige.

– Det var full semje om at dette er eit tema vi må drøfte framover, seier Holstad.

LES OGSÅ: Opprørt Svarstad Haugland hardt ut mot KrF-teologar

Tek debatten. Holstad har i kring 20 år gått inn for å fjerne vedkjenningskravet frå KrF-lovene, så standpunktet hans er slett ikkje nytt. Men etter at KrF-nestleiar Inger Lise Hansen for ei veke sidan gjekk ut mot dette kravet i eit intervju som skapte støy, tek Holstad no debatten rett inn i sitt fylkeslag under storsamlinga i dag.

LES OGSÅ: Hallaråker svarar Svarstad Haugland: Du sporar av

«Smalt». – Vedkjenningsplikta skaper inntrykk av at KrF er eit smalt parti. Det vert oppfatta som diskriminerande at du må bekjenne deg som truande for å få tillitsverv i partiet, sjølv om du er samd i partiet sin politikk på alle punkt. Når vi i denne samanhengen snakkar om partiet som ope og raust, er vi ikkje truverdige. Dette er ei alvorleg utfordring som vi alle må finne ei løysing på, sa Holstad.

LES OGSÅ: Emanuel Minos ber om bønnedag for KrF

– Vi må våge å ta utfordringane på alvor når sentrale elementer i partiets kultur er oppe til debatt. Slik kan vi skape meir truverde blant våre potensielle veljargrupper, sa han.

Erstatte. Holstad gjer det klart at han vil bruke den igangsette strategiprosessen til å prøve å fjerne vedkjenningskravet og erstatte dette med eit lojalitetskrav til verdigrunnlag og partiprogram.

LES OGSÅ: «Bordbønn-Austnes» gir seg med KrF-politikk

– Eit vedkjenningskrav passar betre i ein kyrkjelyd enn i eit politisk parti. Eg trur at mange i KrF må skilje betre mellom kyrkjelyd og politisk parti, seier Holstad.

Bedehus. Siste veka har han på fjernsyn sett KrF-arar på bedehus uttale seg som om det ikkje er noko skilje mellom bedehus og kyrkjelyd på den eine sida og eit politisk parti på den andre.

– Det er velmeinande menneske som meiner godt. Men vi blir ikkje oppfatta inkluderande når vi har eit vedkjenningskrav, seier Holstad.

– Eg ønskjer ikkje å rive ned verdigrunnlaget. Og partiprogrammet står fast til 2013, legg han til.

Difor følgjer han heller ikkje opp debatten som Inger Lise Hansen reiste om Israel-politikk og ekteskapslov.

Malin Stensønes vart vald til ny fylkesleiar og overtek etter Holstad.

KrF-Hansen i «sexy oppslag» skaper kjolerabalder

Samfunn Inger Lise Hansen mener VGs oppslag er uredelig. Les mer

Se bildene: Spellemannsprisen

Lørdag kveld vanket heder og ære til norske musikere. Alexander Rybak stakk av med den gjeveste prisen.

Les mer

Se bildene: Reuters beste

Jordskjelv i Chile, togulykken i Belgia, olympiske leker, nyfriserte hunder og indisk fargefestival.

Se bildene fra byrået

Sjømat i siget

Det er bare tull at barn ikke liker fisk. På kokkekurs spiser de den til og med rå.

Se bildene her

Se bildene: Fargerik festival

Hinduer, buddhister, sikher markerer i disse dager festivalen holi – en feiring av gode avlinger og jordas fruktbarhet.

Se bildene

Se bildenen: Seven-jentenes bildeblogg

Jentegruppa Seven lanserer i disse dager sin femte CD. Seven har tilsammen solgt over 40.000 cdplater og holder mer enn 60 konserter i året. Jentene fikk låne et kamera da de dro til Oslo for å fortelle om den ny plata.

Les mer

Kontakt Vårt Land

Telefon: 22 310 310
Telefax: 22 310 305
E-post: sentral@vl.no
Adresse: PB 1180 Sentrum, 0107 Oslo
Besøksadresse: Grubbegt. 6, Oslo
Mandag-fredag: 08.00-16.00
Lørdag: 08.00-12.00

Tips redaksjonen

Telefon: 22 310 310 (fra 16: 22 310 425)
Telefax: 22 310 405
E-post: tips@vl.no
SMS/MMS: Send VLTIPS til 2005
Mobilutgave: mobil.vl.no
Twitter: @vaartland
Facebook: Avisen Vårt Land

Om Vårt Land

Sjefred./adm.dir.: Helge Simonnes
Redaksjonssjef: Reidar Kristiansen
Utviklingsred.: Ingrid Erøy Fagervik
Viseadm. dir.: Harald Solberg
Annonsedir.: Anders Briså
Vaktsjef redaktør: Vakthavende i dag
Webmaster: Jannie Solset

Kundesenter

Telefon abonnement: 22 310 350
E-post: vl@kundesenter.com
Telefon annonse: 22 310 310
E-post: annonse@vl.no
Arkiv: arkiv@vl.no
Familie: familie@vl.no VLFAMILIE til 2005 (1,-)
Debatt: debatt@vl.no VLDEBATT til 2005 (1,-)

Redaktøransvar