Kari Vigeland: ‘Krenkande sjukeheimsinvasjon’

– Politikarar på valkamp brukar gamle og sjuke som kulisse.

Dagens nettleder
  • Uten leksepress

    Kristin Halvorsen løper en stor læringsrisiko når hun vil ta leksene ut av hjemmet.

Vårt Land på Facebook

Johannes Morken

Publisert 02.09.2009 kl 18:48 Oppdatert 04.12.2009 kl 17:57

Tips en venn på e-post:

Statsminister Jens Stoltenberg deltok då Arbeiderpartiet presenterte sin Eldreplan 2015 i kantina på Lørenskog Sykehjem 11. august. Etikkleiar Marie Aakre ber politikarane halde seg vekk frå sjukeheimane. Foto: Scanpix

Etikkleiaren i Sjukepleiarforbundet meiner det er uheldig at toppolitikarar rykkjer inn på sjukeheimar i valkampen.

Marie Aakre fryktar at teieplikt og samtykkereglar må vike, og seier ho kjende ubehag då ho på fjernsyn såg innslag med ein stor politikardelegasjon med rådgjevarkorps og media på slep innta ei fullsett daglegstove på ein sjuke-heim. Der sat «nyfriserte og pynta pasientar» – som Aakre meiner blei «brukte som kulisse for dei gjestande politikarane sin eigennytte».

LES OGSÅ: Eldreomsorg på dagsorden

Gro, Jens, Bjarne, Siv. Ei av desse daglegstovene var på Lørenskog Sykehjem i midten av august. På besøk var statsminister Jens Stoltenberg, helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen og tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland. Arrangør: Det norske Arbeidarparti. Prosjekt: Presenterer ein ny eldreplan.

Same dag var Siv Jensen på Ammerudhjemmet i Oslo. Ho refsa der den privateigde sjukeheimen for å ha 18 dobbeltrom. Sist laurdag presenterte Siv Jensen det nye hundredagarsprogrammet sitt på det private omsorgssenteret Ringvåltunet i Trondheim.

Gløymer reglane? No ber Aakre rett og slett politikarane om å halde seg unna sjukeheimar og andre helseinstitusjonar med slike arrangement.

– Det er så kjekt å møte statsministeren at ein fort kan gløyme dei vanlege reglane for samtykke, teieplikt og vern om menneske i sårbare situasjonar, seier Aakre.

Ho seier at politikarane gjerne må drøfte eldrepolitikk med sjukeheimstilsette og med pasientar som eksplisitt har samtykka til å vere med.

Eigennytte. – Det er ikkje tvil om at det er av eigennytte politikarane kjem i ein valkamp. Sårbare menneske vert gjorde til kulisse for eit anna føremål enn å hjelpe dei. Slik eigennyttemaksimering er ei krenking av sårbare menneske, seier Aakre som har fleire spørsmål:

– Er det andre reglar for personvern når det er valkamp og statsministeren kjem på besøk, enn det er elles? Klarar vi å ivareta verdet for den enkelte i slike situasjonar?

Aakre minner om at uvedkomande – til dømes dei som skal rigge til før møtet og dei som kjem frå media – kan bli vitne til «det som vanlegvis vert oppfatta som fortruleg informasjon» om pasientar og pårørande.

Vær varsam? – Er det greitt? Eg synest ikkje det. Kva seier Vær varsam--plakaten om dette? seier Aakre med adressa til media. Men den sterkaste utfordringa har ho til topp-politikarane som statsministeren: Dei må vere særleg varsame.

Ho meiner det er krevjande av ein leiar for ein sjukeheim å seie nei når statsministeren spør om å få komme til ei fullsett daglegstove. Ein sjukeheimsleiar må i tilfelle snakke med kvar einaste på sjukeheimen for å finne ut om det verkeleg er i orden. Difor meiner Aakre politikarane må finne andre arenaer, som tilsette og pasientar som uttrykkjeleg har sagt ja.

Eit positivt møte. Politisk rådgjevar Mina Gerhardsen hos statsministeren seier dei er opptekne omsyna Aakre tek opp.

– Vi er opptekne av at eit besøk av statsministeren skal vere positivt både for tilsette og pasientar på ein sjukeheim, seier Gerhardsen.

Ho seier at før ei slik gjesting er det alltid folk på plass på førehand for å førebu sjukeheimen på ein heil tropp med fotografar. Det vert sikra at dei som får besøk av statsministeren på rommet, har sagt ja.

LES OGSÅ: Verdighetsgaranti i eldreomsorgen fra 2011

Kulisse. – Men Aakre kritiserer at folk i ei fullsett daglegstove vert gjorde til ei kulisse?

– Folk har høve til å la vere å sitje i eit fellesrom når det er pressekonferanse der. Det er eit individuelt val om dei ønskjer å vere til stades, seier Gerhardsen.

Statsministeren er ofte på besøk og media er ofte med.

– Erfaringa vår er at folk synest det er stas at statsministeren kjem. Folk vil gjerne at han skal prate med alle og ikkje berre med nokre få. Statsministeren er ute for å lære, og då må han også møte pasientar, seier Gerhardsen.

Spør alltid. Politisk rådgjevar Lubna Fjell hos helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen seier at dei er opptekne av å ikkje bruke folk mot sin vilje. Det vert, seier ho, alltid spurt på førehand.

– Føremålet er ikkje å komme inn på sårbare menneske eller å bruke folk i valkampen. Men folk kan kjenne seg misbrukte. Difor passar eg ofte på å spørje mediefolk om dei har fått løyve til å ta bilete, seier Fjell.

–Vurderte pasientar. – SInformasjonssjef Sindre Beyer i Ap hadde ansvar for møtet på Lørenskog. Han seier at sjukeheimen vurderte kven av pasientane som var i stand til å ta stilling til eit slikt møte. Berre desse vart inviterte, seier Beyer.

Aktor: – Valle-presten bør dømmes for falsk forklaring

Kristenliv – Soknepresten lyver, hevdet politiadvokat Arne Kjønstad i sin prosedyre i Valle tingrett i går. Les mer

Amerikanere fengslet for barnekidnapping

Verden Skal ha gjort flere kidnappingsforsøk. Les mer

– Jesus ville ikke hatt biskoper i Overhuset

Verden Det sier kritikere av ordningen med at anglikanske kirkeledere sitter i Overhuset. Les mer

Et talkshow blir til

Dersom programleder Jathushiga Bridget Rajah stotrer, stanser hun arbeidet til 20 kollegaer.

Se hvordan Åpen himmel lages

Se bildene: Forgjengelig kirke i is

Soknepresten i Aurskog i Akershus bygde en hel kirke i is sammen med disippelgruppa.

Se bildene

Se bildene: Bispetur til Midtøsten

De norske biskopene har vært på solidaritetsreise til Det hellige land.

Se bildene

Mord og magisk musikk

De niende Glogerfestspillene er i gang på Kongsberg. Brodermord i barokkdrakt og magisk teater som oppstår av musikk er to av mange ingredienser. Glogerfestspillene på Kongsberg spenner vidt og fokuserer i år spesielt på det visuelle.

Her kan du se bilder fra noen av arrangementene.

Se bildene

Impuls i Stavanger

Ungdommer fra hele Sør-Norge fylte IMI-kirken.

Se bildene.

Kontakt Vårt Land

Telefon: 22 310 310
Telefax: 22 310 305
E-post: sentral@vl.no
Adresse: PB 1180 Sentrum, 0107 Oslo
Besøksadresse: Grubbegt. 6, Oslo
Mandag-fredag: 08.00-16.00
Lørdag: 08.00-12.00

Tips redaksjonen

Telefon: 22 310 310 (fra 16: 22 310 425)
Telefax: 22 310 405
E-post: tips@vl.no
SMS/MMS: Send VLTIPS til 2005
Mobilutgave: mobil.vl.no
Twitter: @vaartland
Facebook: Avisen Vårt Land

Om Vårt Land

Sjefred./adm.dir.: Helge Simonnes
Redaksjonssjef: Reidar Kristiansen
Utviklingsred.: Ingrid Erøy Fagervik
Viseadm. dir.: Harald Solberg
Annonsedir.: Anders Briså
Vaktsjef redaktør: Vakthavende i dag
Webmaster: Jannie Solset

Kundesenter

Telefon abonnement: 22 310 350
E-post: vl@kundesenter.com
Telefon annonse: 22 310 310
E-post: annonse@vl.no
Arkiv: arkiv@vl.no
Familie: familie@vl.no VLFAMILIE til 2005 (1,-)
Debatt: debatt@vl.no VLDEBATT til 2005 (1,-)

Redaktøransvar