Gjev dødshjelp til nyfødde

Å ta seinabort på sjuke foster er grovare enn å gje dødshjelp til dei aller sjukaste barna etter fødselen, meiner barnelege.

Kva meiner du?

Dagens nettleder
  • Uten leksepress

    Kristin Halvorsen løper en stor læringsrisiko når hun vil ta leksene ut av hjemmet.

Vårt Land på Facebook
Johannes Morken, Groningen, Nederland
Publisert 19.11.2007 kl 08:19 Oppdatert 19.11.2007 kl 08:39

Tips en venn på e-post:

Barnelege Eduard Verhagen har gjeve aktiv dødshjelp til fem spedbarn. Foto: Peter Morken

Den fire månader gamle guten hadde ein sjeldan genetisk sjukdom som gjer at huda fall av. Han kunne kanskje blitt tre fire år. Men det ville vore særs smertefulle år, meiner Eduard Verhagen.

Ernæring er vanskeleg med sonde i halsen eller endå vanskelegare med sonde gjennom den ekstremt sårbare huda rett i magen.

– Eit perfekt døme på håplaus og endelaus liding, hevdar Verhagen.

Ikkje tiltala. Difor måtte Verhagen i desember i fjor rapportere til påtalemakta sitt femte tilfellet av aktiv dødshjelp på eit lite barn.

For ein månad sidan kom svaret: Det blir ingen tiltale for å ha teke livet av ein alvorleg sjuk nyfødd. Det blir ikkje reist drapssak.

Groningen-protokollen. Verhagen og Universitetsklinikken i Groningen har skapt bølgjer i striden om hollandsk dødshjelp: Han og kollegaer lanserte i 2002 «Groningen-protokollen» for aktiv dødshjelp eutanasi til alvorleg sjuke nyfødde.

Kritikarane fekk vatn på mølla: Det er eit nytt steg utforbakke å gje dødshjelp også til sjuke som ikkje kan be om det, hevda dei.

I det stille. Eutanasi for folk over 16 år, som sjølve er i stand til å be om det, har i Nederland vore godteke sidan 1985 og lovfesta sidan 2002. Verhagen hevdar at det ved fleire sjuke- hus og i fleire land skjer aktiv dødshjelp på spedbarn, men då i det stille.

– Det er ingen god ide å avslutte eit liv. Men dersom du meiner at det å avslutte eit liv nokon gong står over at livet er heilagt, må du vere absolutt klar på motiva og vere villig til at dei blir testa offentleg, slik vi har gjort, forklarar han som bakgrunn for sin handlemåte.

Varig liding. Han tenkjer på barn som vil ha varig liding utan håp om forbetring, men som ikkje er avhengige av intensivomsorg. Eit døme er alvorlege tilfelle av ryggmergsbrokk, med barn som vil ha eit plagsamt liv sjølv etter mange operasjonar.

– Alt som kan gjerast for å lindre smerte, skal gjerast. Men når både legar og foreldre saman er overtydde om at prognosen er ekstremt dårleg, kan døden vere meir human enn at livet held fram, seier Verhagen som forsvar for å gje ein dødeleg dose til slike barn.

Mørketal. Ei spørjeundersøking har vist at det kvart år skjer 15-20 tilfelle av eutanasi på nyfødde i Nederland. Men berre 22 tilfelle blei rapporterte til påtalemakta frå 1998 til 2005. Alle handla om alvorlege former for ryggmergsbrokk, som er den einaste grunnen domstolane har akseptert.

– Andre tilstandar er like fulle av liding, men desse blir ikkje rapporterte. Grunnen er at domstolane ikkje har godteke dei, kommenterer Verhagen.

Dei fire første tilfella Verhagen sjølv fortalde påtalemakta om, var alvorleg ryggmergsbrokk. Grunnen til at han måtte vente så lenge på svar om det femte tilfellet, var at det handla om ein annan diagnose.

Aktor: – Valle-presten bør dømmes for falsk forklaring

Kristenliv – Soknepresten lyver, hevdet politiadvokat Arne Kjønstad i sin prosedyre i Valle tingrett i går. Les mer

Amerikanere fengslet for barnekidnapping

Verden Skal ha gjort flere kidnappingsforsøk. Les mer

– Jesus ville ikke hatt biskoper i Overhuset

Verden Det sier kritikere av ordningen med at anglikanske kirkeledere sitter i Overhuset. Les mer

Et talkshow blir til

Dersom programleder Jathushiga Bridget Rajah stotrer, stanser hun arbeidet til 20 kollegaer.

Se hvordan Åpen himmel lages

Se bildene: Forgjengelig kirke i is

Soknepresten i Aurskog i Akershus bygde en hel kirke i is sammen med disippelgruppa.

Se bildene

Se bildene: Bispetur til Midtøsten

De norske biskopene har vært på solidaritetsreise til Det hellige land.

Se bildene

Mord og magisk musikk

De niende Glogerfestspillene er i gang på Kongsberg. Brodermord i barokkdrakt og magisk teater som oppstår av musikk er to av mange ingredienser. Glogerfestspillene på Kongsberg spenner vidt og fokuserer i år spesielt på det visuelle.

Her kan du se bilder fra noen av arrangementene.

Se bildene

Impuls i Stavanger

Ungdommer fra hele Sør-Norge fylte IMI-kirken.

Se bildene.

Kontakt Vårt Land

Telefon: 22 310 310
Telefax: 22 310 305
E-post: sentral@vl.no
Adresse: PB 1180 Sentrum, 0107 Oslo
Besøksadresse: Grubbegt. 6, Oslo
Mandag-fredag: 08.00-16.00
Lørdag: 08.00-12.00

Tips redaksjonen

Telefon: 22 310 310 (fra 16: 22 310 425)
Telefax: 22 310 405
E-post: tips@vl.no
SMS/MMS: Send VLTIPS til 2005
Mobilutgave: mobil.vl.no
Twitter: @vaartland
Facebook: Avisen Vårt Land

Om Vårt Land

Sjefred./adm.dir.: Helge Simonnes
Redaksjonssjef: Reidar Kristiansen
Utviklingsred.: Ingrid Erøy Fagervik
Viseadm. dir.: Harald Solberg
Annonsedir.: Anders Briså
Vaktsjef redaktør: Vakthavende i dag
Webmaster: Jannie Solset

Kundesenter

Telefon abonnement: 22 310 350
E-post: vl@kundesenter.com
Telefon annonse: 22 310 310
E-post: annonse@vl.no
Arkiv: arkiv@vl.no
Familie: familie@vl.no VLFAMILIE til 2005 (1,-)
Debatt: debatt@vl.no VLDEBATT til 2005 (1,-)

Redaktøransvar