Ho er oppskaka over boka som er på arabisk og, som ifølgje det Azmeh Rasmussen har fått opplyst, er subsidiert frå Saudi-Arabia. Boka heiter i Azmeh Rasmussen si omsetjing: Jødiske overgriparar - og landet deira Israel. Ifølgje Azmeh Rasmussen er innhaldet like ille som Hitlers antisemittisme.

Dei eldgamle løgnene om ein jødisk verdskonspirasjon vert spreidde. Ved å slå opp nærast på måfå fann Azmeh Rasmussen eit avsnitt der jødane vert håna som lumske, forræderske, griske og sleipe og at jødehatet har si forklaring i desse eigenskapane hos jødane. Slikt står saman med koranvers og religiøse utleggingar, skrive av ein lærd mann.

I bygget med moskeen og bokhandelen held også Islamsk Råd til. Generalsekretær Shoaib Sultan avviste i Dagsnytt 18 måndag kveld ansvar for bokhandelen og moskeen. Men Sara Azmeh Rasmussen meiner Islamsk Råd likevel ikkje kan lukke augo for den litteraturen som alle som skal til rådskontora, passerer. Boka er framleis til sal, for 55 kroner.

LES MER: Anne Sender: Jødehatet i skolen må kartlegges

Skamfull. Azmeh Rasmussen kom frå Syria i 1995. Ho ønskjer ikkje å gå inn i si eiga historie med antisemittisme. Men på spørsmål frå Vårt Land, seier ho:

- Eg skammar meg. Eg ser på dette som så alvorleg at eg treng å ta eit grundig oppgjer med den.

Ho har i fleire år hatt planar om å skrive ei masteroppgpåve om framstellinga av jødar i skulebøker i Syria og Egypt. Ho måtte av personlege grunnar leggje bort master-planane. Siste par åra har ho fleire gonger prøvd å skrive ein kronikk om temaet. Men dessverre, seier ho, har ho ikkje klart å frigjere nok tid til å gjere den grundige jobben som trengst.

- Det er dessutan ei emosjonell sperre fordi det ville aktivere ei historie eg ikkje er stolt av.

LES MER: Islamsk Råd ut mot jødehat

«Krigersk kollektiv». I Syria er jødehatet sterkt, og skuleverk og universitet byggjer opp under fiendebiletet av jødar. Ho seier at utdanningssystemet og media er dei to viktigaste kjeldene for jødehat i Midtausten.

- Jødane vert framstilte som eit krigersk kollektiv. Individet vert ikkje sett. Det er ikkje nødvendigvis slik at Al Jazeera og andre media er så tydelege i den antijødiske bodskapen. Men dei viser berre jødar som militære busetjarar. Dei viser ikkje andre jødiske ansikt. Dei intervjuar, så vidt eg kjenner til, til dømes aldri ein jødisk forfattar om ei bok.

Då Azmeh Rasmussen kom til Noreg, møtte ho for første gong ein vanleg jøde - på vaksenopplæring i Oslo.

- Det var eit sjokk. Han var ein hyggjeleg og snill mann. Eg måtte tenkje over heile verdsbiletet mitt, seier ho.

LES MER: Lærere varsler om jødehat

- Ikkje hisse opp. I dag meiner ho at alle muslimar, anten dei trur på Gud eller ikkje, utan atterhald må ta avstand frå mobbinga og hatet som møter jødiske skulebarn frå muslimske barn. Azmeh Rasmussen seier dette også av «omsorg for muslimane».

Sara Azmeh Rasmussen brende hijaben sin på kvinnedagen i fjor. Ho reknar seg ein kulturell muslim, og difor framleis som «ei stemme innanfrå», jamvel om ho har mista trua.

- Eg har ikkje noko ønskje om å hisse opp stemninga mot muslimar. Poenget mitt er at dersom vi ikkje respekterer andre, svekkjer det vårt eige truverde når vi muslimar krev å bli respektert som minoritet. Jødehat hindrar oss også i å utvikle oss i ei humanistisk og demokratisk retning

I NRKs Dagsnytt 18 måndag kveld tok generalsekretær Sultan avstand frå hatet som møter jødiske skuleelevar. Azmeh Rasmussen etterlyser endå klarare tale.

LES MER: Storberget: Må lære av Holocaust - og bry oss

Krystallklar. - Eg tvilar ikkje på at Sultan meinte det han sa. Men eg ønskjer ikkje noko «men». Sultan drog nemleg inn israelsk politikk. Eg er også kritisk til israelsk politikk. Men israelsk politikk har ingenting med saka å gjere når det handlar om mobbing og hat som rammar jødiske skulebarn. Dette er unge menneske som kan ta skade for livet av det dei vert utsette for. Det skuffa meg at ikkje Sultan var krystallklar, seier Azmeh Rasmussen.

Rapportane frå lærarar om jødehat i klasserom og den antisemittiske boka kjem på toppen av at den muslimske lærde Yusuf al-Qardawi i fjor på TV-kanalen Al Jazeera hylla Holocaust og takka Hitler for å ha straffa jødane.

- Eg høyrde det sjølv på arabisk, det var ingen tvil om kva han sa, seier Azmeh Rasmussen.