Tidlegare u-hjelpsminister Reidun Brusletten helsar velkommen debatten om vedkjenningskravet til tillitsvalde i KrF.
Det er vanskeleg å gå inn på enkeltmenneske som nærmar seg partiet vårt og spørje dei om tru og vedkjenning, seier Brusletten til Vårt Land.
LES OGSÅ: Bondevik: Inger Lise Hansen kan ha gjort KrF en tjeneste
Lokal leiar. Ho er leiar i lokallaget i Nes kommune i Buskerud og seier at ho har vore oppe i konkrete tilfelle: Det er blitt stilt spørsmål om vedkjenninga til enkeltmenneske som er blitt vurderte som listekandidatar.
LES OGSÅ: Strategimedlem ut mot KrFs vedkjenningsplikt
Spørsmålet har komme: Kan denne stå på lista vår? Er dette eit vedkjennande menneske? Eg har svart: Ja, han står i kyrkja. Og det har gått bra.
LES OGSÅ: KrF-årsmøte vil fjerne kristent vedkjenningskrav
Lojale. Brusletten seier at det er viktig å vere lojale mot verdigrunnlaget til KrF, og at partiet ikkje må miste verdiane sine.
Men på den andre sida er det vanskeleg å røkje kvar enkelt etter i saumane og spørja om folk verkeleg er vedkjennande kristne, seier ho.
Sør Trøndelag KrF vedtok som sitt råd laurdag å erstatte vedkjenningskravet med ei forplikting på program og verdiar. Er det nær det du tenkjer?
Ta med seg. Det er nær det eg tenkjer. Det kan opne opp for mange. Og så håpar eg at dette ikkje svekkjer truverdet som eit kristeleg folkeparti, då blir det gale. Men debatten som er kommen opp, må dei som leier strategiarbeidet ta med seg i tenkinga si.
Kva tenkte du då debatten kom opp etter intervjuet med Inger Lise Hansen?
Eg vart skuffa over at så mange konkluderte før dei hadde høyrt debatten som må komme i heile partiorganisasjonen. Debatten er nødvendig slik at vi kan ha eit KrF vi har lyst til å vere med i. Eg vil ikkje seie meir om kva eg har konkludert med før vi har hatt debatten, seier Brusletten.
Ho reknar med at den også kjem på fylkesårsmøtet i Buskerud 6. mars.
Tungesvik også. Også KrF-veteran og tidlegare stortingsrepresentant Hans Olav Tungesvik er i tenkjeboksen om vedkjenningsparagrafen i KrF.
Det synest som om KrF stiller strengare krav til sine tillitsvalde enn Den norske kyrkja gjer overfor dei som skal ha verv i sokneråd, bispedømma og Kyrkjerådet. Der er det nok å vere lojale mot ordningane i kyrkja. Det er ikkje noko krav om å vere personleg kristen. For KrF bør dette vere tankevekkjande, seier Tungesvik til DagenMagazinet.
Han poengterer at han ikkje har konkludert.
«Feil diskusjon». Aud Kvalbein, varaordfører i Oslo, seier derimot at «å ta diskusjonen om vedkjenningsplikta no, blir ein heilt feil diskusjon».







