Han tek sjølvkritikk for manglar i journalen, men reagerer sterkt på ordbruken i reaksjonen frå Helsetilsynet.

Ottesen har siste åra arbeidd med lindrande behandling på kreftsenteret på Ullevål universitetssykehus i Oslo. I vår hadde han ein arbeidsperiode på Hospice Lovisenberg.

– Nokon må vere der for å slåss for pasienten, seier Ottesen.

LES OGSÅ: Høybråten: ‘Ikkje døm folk etter mediebiletet’

Han spør om medieåtferda i Bærum-saka har ført til at smertelindring til alvorleg sjuke og døyande er blitt dårlegare.

Ottesen la ein alvorleg kreftsjuk pasient i søvn dei siste fire dagane av livet. Kollegaen Carl-Magnus Edenbrandt hevda og hevdar at det var aktiv dødshjelp, jamvel om Riksadvokaten la saka bort. Ottesen avviser framleis alle slike klagemål.

– Eg var og er svært misnøgd med å ha fått åtvaring for uforsvarleg legeverksemd. Det bygde på manglar i journalen. Men det fanst ikkje retningsliner den gongen. Og dei retningslinene som kom, skilde seg ikkje sterkt frå praksisen vår.

– Helsetilsynet påpeika mellom anna at det ikkje stod i journalen før pasienten døydde at han var døyande. Kva seier du til det?

– Det stod ikkje klart, men var underforstått. Eg forstår i ettertid at det var mangelfullt og at ein må vere meir presis på tilstanden til pasienten og skrive ein behandlingsplan. Eg godtek kritikk og åtvaring for mangelfull journalføring. Men uforsvarleg legeverksemd kan eg aldri godta at eg dreiv, seier Ottesen og legg til at han ikkje forstår kvifor Helsetilsynet aldri følgde opp at eit utdrag av pasientjournalen vart spreidd rundt omkring.

Delegert ansvar. Åtvaringa gjaldt også at Ottesen ikkje hadde delegert ansvaret for behandlinga medan han var på ferie i Roma.

– Men eg var ikkje behandlande lege medan eg var på ferie, det var misforstått. Eg var ein rådgjevar. Det var tre andre legar som har stadfesta i brev til Helsetilsynet at dei følgde opp pasienten medan eg var borte og også auka dosane. Det er oversett. Og at ikkje dei førte journal medan eg var borte, er kritikkverdig, men det kan ikkje eg lastast for. Eg meiner vi gav pasienten ei svært god behandling.

– Av journalen går det fram at pasienten hadde eksistensielle smerter og ønskte å døy for ikkje å vere familien til last. Er dette verkeleg indikasjon for inngripande smertebehandling?

– Nei. I botnen låg at han hadde uuthaldelege smerter på grunn av kreftsjukdommen, smerter som ikkje let seg behandle på annan måte. I tillegg hadde han altså eksistensielle smerter.

LES OGSÅ: Varslaren i Bærum-saka: ‘Heilt nødvendig at eg sa i frå’

– Carl-Magnus Edenbrandt meiner du handla uprofesjonelt?

– Det er knapt verdt å kommentere. Vi er sterkt usamde. Eg meiner eg strekte meg langt for å følgje opp ein pasient medan eg var på ferie. Det er feil det Edenbrandt hevda i Vårt Land-intervjuet at ein medvitslaus pasient fekk auka dosar. Han fekk auka dosar fordi han vakna. Det Edenbrandt hevdar skjedde, ville eg også teke avstand frå. Det var ikkje aktiv dødshjelp.

– Peter F. Hjort seier at han framleis meiner du gjekk over streken: Hovudføremålet var ikkje aktiv dødshjelp, men det blei aktiv dødshjelp fordi du ikkje tok nok omsyn til dobbelteffekten av medikamenta. Kva seier du?

– Det vi eigentleg meiner når vi snakkar om aktiv dødshjelp, er «vilja dødshjelp». Då er intensjonen å ta liv, og ein gjev pasienten «meir enn nok» slik at pasienten døyr av behandlinga og ikkje av sjukdommen. Det er forbode. Når dødshjelpa er «ikkje vilja», slik Hjort seier det, snakkar vi om ein dobbelteffekt. Når behandlinga inneheld «sterke» smertestillande medikament som morfin, kan den framskunde dødsaugneblinken. Men då er intensjonen ikkje å ta liv, og dette er ikkje ulovleg. Det avgjerande er altså intensjonen. Det ville nesten vere uråd å gje god lindrande behandling dersom ein ikkje aksepterte dobbelteffekten. Det er altså ikkje å gå over streken når ein aksepterer at det kan bli ein dobbelteffekt.

Auke dosar. Men intensjonen må vel også målast på doseringa, og de auka dosane?

– Lindrande sedering vert berre brukt for å lindre, ikkje drepe, og vi må bruke minst mogelege dose. Men dersom plagene aukar, må dosane aukast, slik det skjedde etter eit par dagar hos hovudpasienten i Bærum-saka. Ved lindrande sedering skal intensjonen også vere at pasienten skal døy av sjukdommen, ikkje av behandlinga. Dette kan ta mange dagar, av og til lenger. I Bærum-saka døydde pasienten etter fire dagar.

– I ein kronikk i Aftenposten hevda du at «Det meste av tiden hadde Bærum sykehus gitt meg munnkurv som hindret meg i å delta i debatten.» Men du skreiv i di eiga bok i 2002 at du var samd om ikkje å uttale deg. Kvifor skriv du no at du fekk munnkorg?

– Munnkorg. – Under heile Bærum-saka var det klar melding: Sjukehuset ville ikkje kaste seg inn i mediedebatten. Personleg var eg nære på å gjere det likevel, sjølv om leiinga hadde bede meg om ikkje å komme med personlege innspel. Eg kallar det munnkorg sjølv om det ikkje var fysisk knebling. Men, stort sett, særleg i ettertid, var eg glad eg ikkje uttalte meg medan saka pågjekk. Det ville blitt håplaust slik media, særleg Aftenposten, spelte saka. Dessutan var det problem å sikre teieplikta. Og lindrande behandling som fagfelt eigna seg ikkje for mediedebatt slik situasjonen utvikla seg.

Ny gransking. I snart tre år har Helsetilsynet granska Ottesen sin bruk av den same smertelindringsmetoden, brukt på ei lita hjerneskadd jente på Ullevål i august 2007. Nyleg vart avslutninga av saka utsett ytterlegare fordi Helsetilsynet trengde fleire nye sakkunnige.

– Kva seier du til denne nye granskinga?

– Eg kan ikkje kommentere ei sak som er under handsaming i Helsetilsynet, seier Ottesen.