– Å konstruere dette som diskrimineringssak er heilt forfeila, seier Eggen til Vårt Land.
SV-politikaren Amir Payan i Bergen kjem til å klage Islamsk Råd inn for Likestillings- og diskrimineringsombodet. Grunnen er at moskear her i landet skil menn og kvinner under bøna i moskeane.
Eggen som i fjor gav ut boka Koranen – innføring i en tekst- og tolkningstradisjon, avviser ei slik klagesak.
Ho erkjenner at praksisen med at menn og kvinner ber ulike stader i ein moske, ikkje kan grunngjevast i Koranen.
Ho seier at praksisen vert ført attende til moskeen som profeten Muhammed grunnla i Medina. Der bad mennene fremst, så kom barn og deretter kvinnene. Profeten gav, så langt Eggen veit, ikkje ei nærare grunngjeving for denne praksisen.
– Som muslimar trur vi at praksisen til Profeten inneheldt ein visdom som av og til vert forklart, andre gonger ikkje, seier Eggen.
Ho seier at praksisen varierer i ulike moskear og ulike land: Somme stader er det ulike avdelingar som ikkje er fysisk skilde, som i den store moskeen i Damaskus. I Indonesia ber menn til høgre og kvinner til venstre. I Mekka er det eigne avdelingar, men når tilstrøyminga er stor, tek folk dei plassane dei finn. Andre stader er det meir markante skilje.
Eggen legg vekt på at bøn er eit forhold mellom menneske og Gud, sjølv om bøna skjer i ein sosial samanheng.
– Fokuset er bøna. At vi ber ulike stader har ikkje noko med kjønn å gjere, seier Eggen.
I moskear der Eggen går til bøn, er det ulike former for lettare skilje mellom menn og kvinner. Det finn ho seg godt til rette med.
– Så lenge forholda er lagt til rette for bøn for både menn og kvinner, er dette ikkje diskriminering. Diskriminering er det berre dersom somme vert nekta plass til bøn.
Under fredagsbøna er menn pålagde å gå til bøn, kvinner er ikkje pålagde dette.
– Om dette skulle vere forskjellsbehandling, måtte det vere at menn vert ramma fordi dei har ei ekstra plikt, seier Eggen.
Til Klassekampen seier fungerande likestillingsombod Ingeborg Grimsmo at dei vil sjå på klagen og vil ha dialog med dei ulike trussamfunna om kva som er vanleg praksis. Ho legg til at dersom det dette handlar om er å skilje kjønna under bøn, kan ombodet ikkje gripe inn. Diskriminering må i tilfelle grunngjevast ut frå religionsutøvinga.
– At det ikkje står i Koranen er ikkje god nok grunn til å hindre folk i be kvar for seg. Dersom det har etablert seg ein religiøs praksis, vil praksisen vere gjeldande, seier Grimsmo.






