Nyheter

Årets ord

Anno er Vårt Lands årskavalkade. Én journalist, ett tema. Les alle historiene fra verden «Anno 2014» her!

Bastian Vasquez er 24 år. Født i Noreg, vakse opp i Skien, med chilenske foreldre. Ein fotballgut.

I juni i år dukka han opp i ein video på nettet. Han ruslar rundt i kjortel, heiser Den islamske stats (IS) flagg, gjer narr av fangar. Bastian har slutta seg til IS. Ein framandkrigar – årets ord.

Det er kanskje ikkje eit ord folk brukar til dagleg, men borgarkrigane i Syria og Irak har prega nyheitsbiletet i 2014: «Fremmedkriger forteller: Derfor forlot han Syria», «Mange flere fremmedkrigere enn antatt», «Anundsen vil stanse Syria-turistene». I språket er framandkrigarane komne for å bli. I røynda har opp mot 140 framandkrigarar reist frå Norge til Syria og Irak sidan hausten 2012, ifølgje Politiets sikkerheitsteneste (PST). Den typiske framandkrigaren er som Bastian – ung, ikkje etnisk norsk. Mange har låg utdanning og kom til Noreg som barn.

Ein PST-rapport viser at mange av framandkrigarane har éin ting til felles: Dei har hatt problem med å finne sin plass heilt sidan ungdomstida. Mange har droppa ut av skulen.

Først i radikale miljø finn dei den tilknytinga dei har sakna i det norske samfunnet. Kva seier det om dei? Kva seier det om oss?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter