– Den gamle er god nok.
| Publisert 17.09.2009 kl 07:28 Oppdatert 17.09.2009 kl 18:57 |
Ny salmebok er eit av dei store prosjekta for Den norske kyrkja i åra framover. Forlagsavtale er inngått, og framlegg til salmeutval har det siste året vore ute på omfattande høyring i kyrkja.
Bjørgvin, som er det største bispedømmet i landet, har ikkje berre uttalt seg om framlegget til ny salmebok. I høyringssvaret frå bisepdømmeråd og biskop heiter det at salmeboka frå 1985 framleis er «godt tenleg som hovudsalmebok».
I staden for å lage ei ny, vil Bjørgvin supplere den gamle med ny tilleggsbok og gjennom ein database der kyrkjelydane kan hente ut nye salmar og songar.
– Vi ser rett og slett ikkje trongen for ei ny salmebok, seier seksjonsleiar Tore Skjæveland ved Bjørgvin bispedømmekontor til Vårt Land.
LES OGSÅ: Organist: – Dropp ny salmebok
Overveldande. Det er reformtid for heile gudstenestelivet i Den norske kyrkja. Bjørgvin spør om det blir for mykje på ein gong.
«For kyrkjelydane og for dei som gjer teneste i kyrkja, som frivillig eller tilsett, er det overveldande når ny ordning for gudstenesta, ny liturgisk musikk og ny salmebok kjem samstundes, ikkje minst når dettte fell saman med andre store reformer knytt til trusopplæring og demokratisering,» heiter det i høyringssvaret.
LES OGSÅ: – Salmebok ingen miljøtrussel
Realistisk? Bjørgvin er det suverent største bispedømmet i landet målt i kyrkjemedlemmer, økonomi og kyrkjeleg tilsette. Likvel er ikkje seksjonsleiaren for kyrkjefag og teologi overtydd om at den prestisjetunge salmebokprosessen er reversibel sjølv om kyrkja i vest nyttar høyringsrunden til å sende eit kraftig skot for baugen på salmeskuta.
– Eg veit ikkje kor realistisk det er å stanse no. Men vi har gitt uttrykk for det vi meiner er ei utbreidd oppleving i vårt bispedømme. Supplert med eit ny tilleggsbok kan vi bruke den frå 1985 lenge enno, seier Tore Skjæveland.
Han forklarar at høyringsfråsegna er utarbeidd etter innspel frå høyringskyrkjelydar, kyrkjemusikalsk utval og kyrkjemusikalsk konsulent. Fråsegna blei sendt til Kyrkjerådet måndag.
LES OGSÅ: Vil droppe salmebok
Utsett. Bjørgvin stiller seg i høyringsfråsegna svært kritisk til utvalet av nye salmar, slik det kjem til uttrykk i framlegget frå Kyrkjerådet og meiner samanfallet av mange reformer kan ha «verka inn på arbeidet med det materialet som no er lagt fram.» Bjørgvin biskop og bispedømmeråd meiner framlegget ikkje synest å ha dei «kvalitetar som er ynskjeleg». Bjørgvin rår til at «sluttføringa med ny salmebok blir utsett.»
– Kor lenge kan Den norske kyrkja leve med salmeboka frå 1985?
– Det veit eg ikkje. Men vårt inntrykk er at den noverande salmeboka ikkje opplevest som gamal på same måten som det var med «Landstad» dei siste åra den var i bruk.
Undring. Om forslaget til ny salmebok meiner Bjørgin at utvalet ikkje har sterkt nok fokus på Gud, men at det «i stor grad heller mot det antroposentriske». Dei mieiner «salmesongen blir undring i staden for tilbeding» og at for mange enkeltsalmar manglar bibelske referansar.
«Dette er igjen med og svekker salmeboka liturugisk og er dessutan uheldig med tanke på trusopplæringa», heiter det i høyringssvaret.
Utkastet til ny salmebok inneheld ei rekke tekstar frå den allmenne diktinga. Biskop og bispedømmeråd i Bjørgvin tykkjer dette er ei dårleg løysing:
«Sjølv om vi skal gje rom for undring, må vi ikkje erstatta kristendom med allmenn religiøsitet eller det allment menneskelege. Ein salme er ein lovsong eller bøn til Gud, eller den forkynner Guds ord,» heter det i Bjørgvin-svaret.
Salmedikteren syntes det var på tide å få Petter Dass-prisen.
Se video fra konserten og festenHer har vi samlet mange av sakene vi har skrevet om salmer. Siden blir kontinuerlig oppdatert. Har du tips eller kommentarer? Send gjerne en mail hit.
Se hvilke salmer kjentfolk har plukket ut i spalten «Min salme» de siste årene.
Les utdrag fra begrunnelsene.
Salmesangen i norske kirker går for høyt, mener Rune Larsen. Men organister vil ikke ned fra sine tonehøyder for å få flere til å synge med.Les mer
Artister framførte salmer utvalgt av kronprinsesse Mette-Marit fra CD-en Sorgen og Gleden, i Kulturkirken Jakob i Oslo.
Se bildene* Den norske kirke skal i 2010 ha klar en ny salmebok.
* Den nye salmeboken vil komme i to bind. En hovedsalmebok, og en mer «utskiftbar» salmebok der man tester nyere stoff.
* Totalt skal 1117 salmer stå i de to nye bøkene. 270 av dem havner i sidesalmeboken.
* 388 salmer er helt nye, mens 151 fra Salmer 97 er med.
* Salmebokutvalget under Kirkerådets Nemnd for gudstjenesteliv (NFG) har i tre og et halvt år arbeidet med å gjennom gå dagens salmebøker og et stort antall forslag om nye salmer som bør med. Over 5.000 salmetekster og melodier er gjennomgått i utvalget.
* I juni skal Kirkerådet behandle forslaget til salmeutvalg, før dette sendes ut på høring til biskopene, bispedømmerådene, de teologiske fakultetene, de kirkelige arbeidstakerorganisasjone og et utvalg av kristne organisasjoner.
* Medlemmene i salmebokutvalget: Tore Kopperud (leder), Silje Kivle Andreassen, Gro Bergrabb, Erik Hillestad, Marianne Sødal Misje, Odd Halvor Moen, Astrid Paulsen, Ingunn Hamran Storrusten, Jan Inge Sørbø, Ivar Jarle Eliassen og David Scott Hamnes (konsultativt medlem). Sekretær: Åge Haavik.
På KFUK-KFUMs Vinterfestival går ungdommene utradisjonelle veier for å samle inn penger til misjonen, som å tilby ekteskapsinngåelse for kvelden.
Se bildene fra festivalen
Paven hadde gjesting av American Circus under den store audiensen i Paul VI-hallen i Vatikanet 3. februar.
Sjå biletserie
Dersom programleder Jathushiga Bridget Rajah stotrer, stanser hun arbeidet til 20 kollegaer.
Se hvordan Åpen himmel lages
Landets største tverrkirkelige ressursside har nye bilder og nye funksjoner.
Se mer, last opp egne bilder og skriv i gjestebøkene her
Vårt Land var på branntomta i Hønefoss onsdag morgen.
Se bildene
– Latterlig, sier Johanna Engen om statsbudsjettets tiltak mot fattigdom. Følg Fattighusets møte med budsjettforslaget og reaksjonene som fulgte.
Se bildespesial
Protokoll Er det situasjoner du er spesielt opptatt av? Har du ønsker for deg selv eller andre?
Hugin & munin Olav Solvang har full oversikt over kristen musikk. Les mer